Treng både store og små
Landbruk- og miljøsjef i Seljord, Jørn Ingar Sanda, meiner ein treng både store og små gardar for å halde landbruket i gang.
Seljord har hatt ein nedgang på 41,3 prosent i talet på gardar med dyrehald sidan år 2000. Jordbruk-og miljøsjef i Seljord, Jørn Ingar Sanda, har arbeidd i kommunen i ti år, og sett nokre av endringane.
– Eg har inntrykk av at talet på dei som søkjer produksjonstilskot går ned, men dyretal og areal som er i drift er nokolunde stabilt, seier Sanda.
Artikkelen held fram under annonsen.
Les meir om småbruka som forsvinn i VTB.
Færre mjølkebønder
Det er særleg mjølkebøndene det har blitt færre av, og grunnane til det kan vera fleire, meiner han.
– Det er ein del bruk med gamle driftsbygningar og små mjølkekvoter som krev store investeringar for vidare drift, og mange stader er det ikkje eigna til å ha endå større einingar. Dessutan er mjølkeproduksjon arbeidskrevjande, og ei form for intensiv gardsdrift som kan vere krevjande å kombinere med anna arbeid.
Men talet på sau på gardane i Seljord har vore stabilt og talet på ammekyr er også stigande.
– Dei siste åra er det også gjennomført ein del store investeringar i landbruket i Seljord i fjøs for sau og storfe, seier landbrukssjefen.
Brattekrene fyrst
I Vest-Telemark er nedgangen på gardar med husdyr på heile 46 prosent sidan 2000. Og tendensen er at det blir færre og større bruk. Det gjev konsekvensar for kulturlandskap og ekrene rundt om i regionen. Det er dei tungdrivne areala og dei areala som ikkje er lett tilgjengelege som fyrst ramlar ut og blir liggjande brakk.
– Dei gjev i liten grad lønsemd for dei store bruka. Det er dei mest effektive areala som blir bruka, ser Sanda.
Og det held ikkje med ryddesag for å halde kulturlandskapet i hevd på lang sikt.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ein må ha dyr på gardane. Det er det einaste som held buskar og kratt nede, seier han.
Sanda har ingen oppskrift på korleis ein eventuelt kan stoppe fråfallet av bønder med husdyr.
– Mykje av jordbruksareala i Vest- Telemark ligg spreidd, og på grunn av lange transportavstandar vil det ikkje vere lønsamt med store bruk alle stader. Difor er det viktig med rammebetingelsar som gjev rom for både store og små bruk dersom målet skal vere å oppretthalde eller styrke matproduksjonen og kulturlandskapet i Vest-Telemark, seier Sanda.