Treng mange nye tilsette
Fyresdal er blant mange der eit stort tal tilsette i kommunen og næringslivet blir pensjonistar dei næraste åra. Bygda ser det store behovet for arbeidskraft som utfordring og moglegheit, og jobbar for å bli ein attraktiv kommune framover.
I dag er det om lag 180 tilsette i Fyresdal kommune. Innan 5 til 7 år har rundt 25 prosent av arbeidsstokken blitt pensjonistar. Same situasjonen gjeld for næringslivet i bygda. Kommunen er ein av mange i landet som står framom ei kjempeutfordring med å fylle opp alle dei ledige arbeidsplassane både i privat og offentleg sektor.
No har me eigentleg ikkje ledige stillingar i kommunen, men dei kjem. Det blir stort behov for fagutdanna folk framover. Ein treng ikkje nødvendigvis vere helsearbeidar eller lærar for å få jobb i Fyresdal dei neste åra. Me får eit breitt spekter av ledige jobbar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er ikkje bare Fyresdal-ordførar Bjørn Nome som slår fast dette. Sektorsjefane Vivi Amstrup Nielsen i helse og omsorg og Torny Strand Moripen i kultur og oppvekst er også fullt klar over det store behovet for arbeidskraft som både kommunen og næringslivet får.
Oppfylging
Fyresdal kommune har alt sett i verk fleire tiltak for gjere noko med utfordringa. Amstrup Nielsen fortel at innan helse og omsorg vil ikkje nyutdanna totalt sett i Noreg dekke opp fråfallet av arbeidskraft dei neste åra.
Me må då bruke kompetansen på rett plass. Det har hatt fokus i Fyresdal dei siste to åra, og vil også få det framover, seier ho.
Vidare veit kommunen at det er så og seie umogleg å rekruttere tilsette til ei lita stilling på 20-30 prosent. Derfor har det den seinare tida vore ei bevisst satsing for å få større stillingsprosentar sidan det då kjem fleire og kvalifiserte søkjarar.
Andre satsingsområde er å gje tilsette rettleiarutdanning for å kunne ta imot studentar som skal ha praksis, og også nyutdanna det fyrste arbeidsåret i kommunen. I 2009 hadde pleie- og omsorgssektoren i Fyresdal 6 sjukepleiarstudentar frå Høgskulen.
Det er viktig korleis dei blir tatt imot og fylgd opp, presiserer Amstrup Nielsen.
Ho legg til at mange vidaregåande skuleelevar på Dalen har hatt praksisplassar i Fyresdal kommune opp gjennom åra.
Klar for nyutdanna
Noko anna som er viktig for kommunen er å ta imot alle lærlingane ein kan få tak i. No er det 5 lærlingar i kommunen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er kjempehyggjeleg at lærlingane kjem med så gode tilbakemeldingar som dei gjer, og slikt høyrer me også frå dei som er i praksisplassar og frå opplæringskontoret. For rekrutteringas skuld er det viktig å tilby gode læringsplassar og arbeidsforhold. Derfor er dette satsingsområde i kommunen, seier dei to sektorsjefane og ordføraren samstemde.
Amstrup Nielsen legg til at det er dokumentert godt arbeidsmiljø i fleire av avdelingane i kommunen.
Når dei som er i utdanning no er ferdige, er Fyresdal klar til å ta imot dei, slår ordføraren fast.
Med tanke på dei som ynskjer å etablere seg i bygda, ser ordføraren at det må gjerast noko med bustadsituasjonen i kommunen.
Eg håper private interesser vil sjå at det å byggje leilegheiter her er god butikk, seier Nome.
Må ut og rekruttere
Kommunen ynskjer å ha ein god balanse i arbeidskrafta, frå nyutdanna og heilt opp til dei med brei og lang erfaring. Elles påpeikar ordføraren at nye tilsette er ein viktig faktor for å sjå ting på nye måtar.
Dette er ein viktig bit ved å få ny arbeidskraft, og då blir kommunen betre heile tida, seier Nome.
Også ved Gimle skule blir rekruttering ei stor utfordring, særleg gjeld det ungdomsskulen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg har ikkje tru på at alt behovet kan dekkast av fyresdølar. Me må ut og rekruttere, seier sektorsjefen for kultur og oppvekst.
Noko som er positivt i den samanhengen er at kommunen med den komande storutbygginga på skulen viser at ein vel å satse innan opplæring. Elles blir det påpeika at sidan både kommunen og næringslivet får rekrutteringsbehov, kan det gje fine høve for å få nye familiar til Fyresdal og at båe dei vaksne har sjanse for jobb i bygda.
Det er viktig at ein kan tilby jobbar til båe dei vaksne i ein familie, og dette er kommunen klar over. Dei som flytter hit kjem til ein kommune med godt oppvekstmiljø og der det er godt å bu, trekkjer kommunetrioen fram.
Målretta og aktivt
For 2 år sidan gjennomførte helse- og omsorgssektoren i Fyresdal ein sommarturnus med heile 11 ulike nasjonalitetar. Ein annan ting som også hadde vore gledeleg, var å ha hatt fleire mannlege tilsette.
I dag er 5 menn knytt til helse og omsorg. Det er ikkje så dårleg, men me ynskjer fleire. Det gjeld også innan skule og barnehage, seier sektorsjefane.
Både dei og ordføraren meiner ei aktiv satsing på arbeidsmiljø, kompetanseutvikling og oppfylging er grunnpilaren for å vere i stand til å rekruttere tilsette framover.
Behovet for arbeidskraft er ei utfordring og ein moglegheit framover. Her må det jobbast målretta og aktivt for å få det til, avsluttar ordførar Bjørn Nome, og får nikk frå Vivi Amstrup Nielsen og Torny Strand Moripen.