Treungen skal bli mini-New Orleans
Treungen kan bli ein musikkdestinasjon og eit slags mini-New Orleans. Musikkcamping, leir for ungdom, talentkonkurransar, platestudio, musikkutdanning og konsertar er aktuelle innslag. Og kanskje kan bygda bli samlingsstad for musikarar og forfattarar, håpar Jørgen Solberg i Treungenfestivalen.
– Eg er heilt sikker på at det er potensial for å gjere noko innanfor musikk i Treungen, og prøve å lage arbeidsplassar som har med musikk å gjere.
Orda kjem frå gründer Jørgen Solberg av Treungenfestivalen. Denne gongen tenkjer han ikkje på det populære sommararrangementet ved Nisser når det er snakk om potensial innanfor musikk og arbeidsplassar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Treungenfestivalen AS har laga ein plan for prosjektet Treungen Music City. Tanken er å ha eit forprosjekt der ein undersøkjer om Treungen kan bli ein musikkdestinasjon. Faun naturforvaltning i Fyresdal skal leie prosjektarbeidet.
Musikkbarnehage
Forprosjektet er rekna til 400 000 kroner, der Treungenfestivalen går inn med 50 000 kroner. Vidare blir det søkt om tilskot frå desse: Nissedal kommune 50 000 kroner, Telemark fylkeskommune 100 000, Telemark utviklingsfond 150 000 og Norsk kulturråd 50 000 kroner.
– Musikk er eit fenomen i Treungen, og mange kjenner att staden og forbind han med musikk. Dette ynskjer me å sjå om me kan skape fleire arbeidsplassar av, seier dagleg leiar Jørgen Solberg i Treungenfestivalen AS.
Han viser til at fleire og fleire kommunar og regionar knyter til seg tema å byggje omdømet sitt kring, til dømes Rjukan med historie og verdsarv.
– Dette trur me Treungen kan gjere med musikk, med festivalen som motor. Døme på produkt me ser føre oss at ein kan utvikle er musikkcamping, musikkleir for ungdom, regionale talentkonkurransar, platestudio, musikkutdanning, konsertar og arrangement året igjennom på ulike scenar, musikkbarnehage, musikkterapi og liknande, seier Solberg.
Ubrukt potensial
– Det ligg ein visjon om å skape musikkhistorie i Treungen som set seg utanfor landegrensene, eit slags mini-New Orleans. Kan Treungen bli ein samlingsstad for musikarar, forfattarar og liknande, undrar Solberg.
Han er oppteken av at Treungen skal vere ein plass å kome til, der ein kan slappe av og vere kreativ. Solberg peikar på at det er geografisk praktisk å kome til denne bygda, der han meiner ein har mange moglegheiter.
I prosjektplanen for Treungen Music City blir det minna om at Vest-Telemark er rik på musikkultur og arrangement. Seljord er den store festivaldestinasjonen med fleire tilstellingar om sommaren, og i Vinje står folkemusikken sterkt.
Artikkelen held fram under annonsen.
«Treungen har satsa på pop og rock og utfyller på denne måten det totale musikktilbodet i Vest-Telemark. Dei tre knutepunkta Seljord, Vinje og Treungen kan gje eit fullgodt tilbod til musikkelskarar innan dei fleste kategoriar. I Seljord og Vinje har musikksatsinga gjeve mange arbeidsplassar og mykje handelsutvikling. Det viser at det er grunnlag for å satse på musikk som reiseliv, og at Treungen har mykje ubrukt potensial,» står det i planomtala.
Nytt område
Forprosjektet skal vere breitt og samle tankar og idear til ei berekraftig utvikling i Treungen, basert på musikk. Det skal setjast ned ei prosjektgruppe samansett av fagpersonar innan musikk, kulturskule, økonomi, næring og bygdeutvikling. Gruppa skal mellom anna undersøkje mogleg samarbeid med Seljord og Vinje innan festivalar/arrangement, og dei andre kommunane i Vest-Telemark innan kulturskule og barne- og ungdomsarbeid. Anna gruppa kan sjå på:
* Flytting av festivalplass for å kunne tilby fleire aktivitetar på same området gjennom heile året.
* Utvikle arrangement gjennom heile året, alt frå bakgardskonsertar til musikkcruise.
* Involvering av barn og unge gjennom kulturskulearrangement, musikkleir, talentshow og musikkskule.
* Analysere behovet for anlegg og utstyr, areal, marknad for musikkopplevingar i Sør-Noreg, økonomisk berekraft og forventa næringseffekt.
Om Treungen Music City blir ein realitet kan nokre av innslaga bli lagt til eit åtte dekar nytt område vest for fotballbanen i Treungen.
– Eg har lyst til å kjøpe dette området av kommunen, seier Solberg til VTB.
Artikkelen held fram under annonsen.
Festivalhytter og 30 000 til kulturskule
– Me har til no selt tre gonger fleire festivalbillettar enn på same tid i fjor, jublar Jørgen Solberg over interessa for Treungenfestivalen til sommaren.
Solberg fortel at omsetningsveksten frå 2014 til 2015 for festivalen var på heile 45 prosent, og at det i fjor blei investert rundt ein halv million kroner i utstyr og anna.
– I 2015 fekk me det beste økonomiske resultatet for festivalen nokon gong, men det endelege talet er ikkje heilt klart enno. Inkludert onsdagen hadde festivalen 15 200 gjester i fjor. seier Solberg.
Eit nytt innslag til sommaren er utleige av hytter som passar til to, fire eller seks personar. 30 hytter er alt tinga bort, og halvparten av dei er bygd til no.
– Galskapen må råde av og til om du skal få det opp og stå, humrar Solberg om hytteinvesteringa.
– For somme er hytter det som skal til for å kome på festivalen, seier han om å byggje trekkplaster av tre.
Kan kjøpe viktig utstyr
Treungenfestivalen AS har vedteke å løyve 30 000 kroner til Nissedal kulturskule.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dei må jo ha utstyr for å øve, seier Solberg.
Kulturskulerektor Rune Sanden ble veldig overraska over løyvinga.
– Det er heilt fantastisk og kjempemoro. No kan me kjøpe nye gitarforsterkarar, nytt trommesett og nytt keyboard, noko det verkeleg er behov for. Utan støtta frå festivalen hadde me ikkje hatt sjanse til å kjøpe dette viktige utstyret for kulturskulen. Me har mange unge nye rockarar, og då treng me skikkeleg utstyr, seier Sanden.