Tri generasjonar i barnehagen samtidig
Tante, mamma, nevø, barnebarn, besta og dotter går saman i barnehagen. Forvirra? Det er ikkje ungane i Åmotsdal barnehage.
Ein skulle vore to år og gått i barnehagen, og bli passa på av ei tante som var nesten seks. Og om det røynde på i løpet av dagen i barnehagen kunne krype opp i eit bestemorfang.
Så langt Prøysen, lett omskriven. Det som for andre kan fortone seg som ein draum er realitet for Jonas Herfoss Aase.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tante på fem
Luver, skjerf, varmedressar, ullsokkar og vottar i eit einaste kaos. Ti ungar gjer seg klare til å vera ute nokre timar. Signe Marie er stor ho kler på seg sjølv. Ho finn tid til å prate litt med pressa, og forklarar familietilhøva.
Eg er tante til Jonas, fordi eg har ein bror som er pappa'n hans. Og der er mamma, seier ho og peikar på ei vaksen som er i ferd med å tre ulltøy på dei som ikkje enno er så store som Signe Marie.
Nye tilskot i kjømda
Bestemor og mamma Tove Lunde Aase er assistent i barnehagen det har ho vore i mange år. Dermed er det ikkje fyrste gong ho har ei dotter i barnehagen. Anne Kjersti, som no er tjue, gjekk også i Åmotsdal barnehage. Men familien Aase gjev seg ikkje med å forsyne barnehagen med nye tilskot.
Det er venta familieauke hjå båe sønene våre i år. Då blir det travelt for besta då, humrar Tove.
Ny barnehage sist haust
Det er ljost og triveleg og luktar nytt treverk i Åmotsdal barnehage. Seinhaustes i fjor flytta dei nemleg inn i heilt nye lokale. Rett nok flytta dei ikkje så langt, berre kring tjue meter. Men storstoga i bygda trong meir plass, dermed bygde Grendehuset, med litt tilskot frå kommunen, på nytt lokale for barnehagen. I tillegg til leikeroma, har dei no også personalrom noko dei aldri har hatt før. Lokalet rommar også eit soverom, men det er for tida ikkje i bruk. Dei tri-fire ungane som må ta seg ein lur i løpet av dagen søv i vognene sine ute.
Barnetalet aukar
Den gongen barnehagen i Åmotsdal starta var det med seks ungar som gjekk i barnehagen fem timar kvar onsdag, kunne Vest-Telemark Blad fortelje i august 1981.
No har barnehagestyrar Elin Listaul og assistentane Reidun Groven og Tove Lunde Aase har i alt ti smårollingar å ta seg av dei tri dagane i veka barnehagen er open. Og barnetalet i bygda er i framgang.
Det ser ut som det blir bra med ungar framover, noko som lovar godt for barnehagen. Kanskje blir det også fleire barnehagedagar i veka, i alle fall har fleire foreldre uttrykt ynskje om å ha barnehagen open fleire vekedagar, seier Tove optimistisk. Før ho kler på seg uteantrekket og fylgjer resten av ungane ut i snøen. Der er Signe Marie og Jonas alt i gang.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sjå, tunnelane me bygde her om dagen har nesten snødd att! Med Jonas sitt maskinelle utstyr og Signe Marie si sterke handmakt er anleggsarbeidet kjapt i gang, og det dryger ikkje lenge før ferdahola kan gjenopnast.