Kjøpmann Atle Bringsås er fornøgd med det fyrste heile driftsåret. Målet er at Rema 1000 skal bli størst i Seljord i løpet av få år.
Kjøpmann Atle Bringsås er fornøgd med det fyrste heile driftsåret. Målet er at Rema 1000 skal bli størst i Seljord i løpet av få år.

Trivst med beinhard konkurranse

Rema 1000-kjøpmann Atle Bringsås i Seljord strålar over resultata for det fyrste heile driftsåret.

Rema 1000 i Seljord opna dørene i oktober 2009. Butikken etablerte seg raskt i bygda der det no er i alt fire daglegvarebutikkar. Det fyrste heile driftsåret svara til forventningane, og vel så det.

– Det har vore veldig spennande og sinnsjukt mykje læring. Sjølv om eg har lang erfaring med å drive Narvesen-butikk er daglegvarebransjen noko anna, seier Atle Bringsås som eig Rema 1000-butikken i Seljord.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er utruleg gøy, og ingen dagar er kjedelege. Eg er nesten meir i butikken enn eg er heime, held han fram.

Glad for tilbakemeldingar

Det blei omsett for fem millionar kroner meir enn budsjettert i 2010, ei total nettoomsetning på 35 millionar kroner. I 2011 er det budsjettert med ein auke på 15 prosent.

Bringsås er opptatt av kvardagane i butikken. Toppane med festivalar, høgtider og utfartshelger er gode å ha, men utfordringa er å stadig kapre nye kundar på dei vanlege dagane. Eit nytt bevis på framgangen til butikken i Seljord kom i førre veke. Då toppa han den regionale statistikken for Rema 1000-butikkar.

– Me får mykje skryt av kundane. Det er eg takksam for. Betre energiinnsprøyting finst ikkje, smiler Bringsås.

– Men me vil også ha tilbakemelding når folk ikkje er fornøgde. Det er slikt me lærer av. Kundane er den øvste sjefen, understrekar han.

I fjor kom aksjonen «Ekte seljordingar handlar ikkje på Rema 1000». Bringsås skjønar lite av kritikken, og poengterer at Rema 1000 er norskeigd, og butikken i Seljord er lokalt forankra gjennom selskapet Atle Bringsås AS og gjev skattekroner til Seljord.

– Det var som å få ein på trynet, men aksjonen hadde ingen verknad, heller tvert om, seier Bringsås.

Tøff konkurranse

Det er ein tøff konkurranse om daglegvarekundane i Seljord, men Bringsås meiner butikkane utfyller kvarandre. Sjølv om den ferskaste butikkane har tatt kundar både her og der, er kjøpmannen sikker på at den totale handelen i bygda har gått opp etter at Rema 1000 kom.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rema 1000 var den fyrste daglegvarekjeda som tok i bruk franschising i organiseringa. Kjøpmann Bringsås må vere tru mot forretningsideen og levereglane til kjeda, men står elles fritt.

– Me skal vere billigast, seier Bringsås.

– Sjølv hatar eg å betale for mykje for ein ting, legg han til.

Han har bruka det fyrste året til å utvikle varesortimentet, men understrekar at han står fritt til å ta inn til dømes lokale leverandørar.

Bringsås synest det er moro å kunne overraske kundane, som då han stilte seg opp med ein pall spylarvæske og fylte opp på tankane til kundane.

– Slikt kostar lite, men gjev store ringverknader.

Vil bli størst

– Eg er ikkje ute etter private uttak, men ynskjer å skape ein stabil og solid arbeidsplass med trygge jobbar. Det er viktig med sunn økonomi for å tole ein eventuell trykk, seier Atle Bringsås.

Han er rask til å trekkje fram dei tilsette. Totalt er dei ti i Rema-butikken ved Ingrid Slettens veg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er dei som dreg lasset, er han klar på.

– Kva er målet for Rema 1000 i Seljord?

– Målet er å vere størst på omsetning i løpet av fire år. Det vil seie at me har tri år på oss, og me er i rute, avsluttar ein fornøgd kjøpmann.

Har merka at det har kome konkurrent til

Kai Teigen på Meny på Telesenteret har merka at det har kome ein konkurrent på andre sida av vegen etter at butikken i 2009 hadde ei rekordomsetning på kring 50 millionar kroner. Det var same året butikken blei bygd om og Rema 1000 etablerte seg.

– Eg har ikkje dei nøyaktige tala, men det er ingen tvil om at me har hatt ein nedgang i omsetninga, seier Kai Teigen, som legg til at dei klarte budsjettet for 2010.

Han trur ikkje det er marknad for fire daglegvarebutikkar i Seljord. Tidlegare tal viser at den totalte daglegvareomsetninga i Seljord har vore kring 100 millionar kroner. Meny-kjøpmannen trur ikkje den totale potten aukar sjølv om det kom ein butikk til.

– Kvifor skulle han det? spør Teigen.

– Eg trur ein av butikkane må gje seg. Me er ikkje negative til at Rema 1000 etablerte seg, men på sikt trur eg ikkje det er plass til fire butikkar. Då vil alle halte litt, trur Teigen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fryktar du for framtida til Meny-butikken?

– Det er det kundane som bestemmer. Rema 1000 har kome for å bli. Det er ein ny konkurrent og ein ny situasjon, seier Teigen.

– Kor stor del kundar trur du Meny har mista til Rema 1000?

– Det er umogleg å rekne på, seier Teigen.

Lojal kundegruppe

Også dei to andre daglegvarebutikkane i bygda, Rimi og Ica Nær (tidlegare Seljord handelslag) kjenner på den tøffe konkurransen i Seljord. Anne Kari Soterud ved Ica Nær Seljord føler likevel at dei no har tilpassa seg den nye marknaden. Dei har omorganisert drifta og ser heile tida på kostnadsbiletet. Soterud reknar med at dei har hatt ein nedgang på kring 15 prosent i omsetninga som i 2009 var på i overkant av 22 millionar kroner.

– Det er hard konkurranse, og sjølvsagt har me mista nokre kundar etter at det kom endå ein butikk, seier Soterud.

– Korleis ser du på framtida med tanke på at sentrum ser ut til å flytte seg frå Brøløs?

– Me ser at sentrum flyttar seg nærmare hovudvegen, men eg har inntrykk av at mange er opptatte av å ta vare på Brøløs. Me har ei veldig lojal kundegruppe. Det kan du setje to strekar under. Slik det er no klarer me oss, seier Soterud.

Konkurranse skjerpar

Andreas Ruud er regionsjef i Rimi. Han meiner dei har eit konsept kundane er glade i og viser til at den generelle kundekrinsen veks. Han seier også kjeda vil etablere mange nye butikkar i 2011.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva med konkurransen i Seljord?

– All konkurranse merkast. Me er vant til tøff konkurranse, og det handlar om å heile tida vere betre enn konkurrentane. Framtida til butikken i Seljord er trygg. Dette er eit populært turistområde med mange tilreisande i feriar og på festivalane, men det viktigaste er dei lokale, seier Ruud.

Han trur den totale handelen i Seljord har auka etter at det kom endå ein daglegvarebutikk.

– Den totale potten aukar. Konkurranse er sunt og skjerpar ein, meiner Ruud.