Trivst meir og meir i styreverva
Fyresdølen Olav A. Veum tok på seg leiarverv i skogbruket då det var prega av utfordringar og nedgangstider. Ein beintøff periode for næringa er avløyst av oppgangstider, men ei utfordring er å foredle langt meir tømmer – i Noreg.
Året er 2010. Olav A. Veum blir valt til ny styreleiar i AT skog, som eigast av 7300 skogeigarar fordelt på 52 skogeigarlag i Agder-fylka og Telemark.
– Eg kom inn i den verste tida. Trefabrikkane Union, Follum, Tofte og Peterson blei lagt ned. Det måtte til ei enorm omstilling, og AT skog effektiviserte drifta veldig, seier Veum.
Artikkelen held fram under annonsen.
Året er 2012. Fyresdølen og 1972-modellen seier ja til eit anna toppverv, styreleiar i Noregs skogeigarforbund – organisasjonen som er ei overbygging for åtte skogeigarandelslag og har 38 000 medlemer fordelt på 300 skogeigarlag.
Veum fekk toppvervet i i ei tid skogbruket var prega av utfordringar og nedgangstider. Mange industriarbeidsplassar forsvann.
– Det var ein beintøff periode – berre kriser, seier fyresdølen, med verv som øvste ansvarlege for at skogeigarane skal ha tilbod og vere sikra avsetting på tømmeret.
Satsing i nabolanda
Det blei svært viktig for Veum å vere aktivt med for å snu utviklinga som var i ferd med å utarme bygdene. I dag ser det langt lysare ut for skogsnæringa. Utanom eit par år på 1990-talet har det aldri vore så stor aktivitet i skogen som nå.
– Det som har prega perioden min som styreleiar mest, er at skogbruket har gått frå solnedgang til soloppgang dei siste 2–3 åra. Næringa har klart å kome ut av dalbotnen, og er på veg opp att. Me skogeigarar har nå grunn til å vere ganske optimistiske, seier Veum.
Men det er ei stor skuggeside av dette. Veksten ein ser i skogbru- ket er i stor grad basert på auka eksport av tømmer. Industriutviklinga i Noreg er ikkje på langt nær på same positive nivå som hos naboane, Sverige og Finland.
Skipa ut: Noreg eksporterer mykje tømmer, ei råvare som her i landet kunne gje mykje sysselsetting og verdiskaping. Ei stor utfordring er kapital til å byggje trefabrikk.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Skogindustrien og -næringa der er i veldig vekst, og det blir investert mykje i ny industri. Dei to landa skal auke hogsten mykje, fordi tre kan brukast til veldig mykje rart. Døme er biodrivstoff, cellulose, kjemikaliar og medisinsk føremål. Tre kan erstatte oljebaserte produkt og er klimanøytralt. Det er enorme marknadsmoglegheiter for tre, seier Veum.
Foredle i Noreg
Om Sverige og Finland er flinke til å foredle eiga råvare frå skogen, er situasjonen ikkje like lys her til lands i ei tid Europa skrik etter norsk tømmer.
– Me har blitt veldig flinke til å eksportere tømmer. Me sender 40 prosent av hogsten ut av Noreg. Skognæringa tapar mykje på grunn av auka transportkostnader. Det er samfunnet og ikkje skogeigarane som tapar mest på eksporten – ein mistar sysselsetting, verdiskaping og anna, seier Veum.
Styreleiaren er oppteken av å ta vare på skogindustrien som er i Noreg, og etablere ny.
– Det må vere eit mål å vere einige om å foredle tømmeret i Noreg, og ikkje eksportere. Eg trur samfunnet må vakne litt – tenkje seg veldig om for å unngå eksport. Me må byggje opp att industrien me treng å ha i landet, kanskje bruke tre til å lage biodrivstoff, biokol, ny celluloseproduksjon, kjemikaliar og føre opp langt fleire bygg i tre. Då løyser ein behovet for sysselsetting og ein løyser ei stor klimautfordring, seier Veum.
Få lyst til å investere
Men så er det dette med kapital då. Ein ny trefabrikk krev investering på ein del milliardar kroner.
Artikkelen held fram under annonsen.
– AT skog og skogeigarane sit ikkje med store formuar, seier Veum om ei pengekjelde som ein ikkje kan ause all verda ut av.
Me skogeigarar har nå grunn til å vere ganske optimistiske ...
Skogeigarforbundet jobbar intenst med ei ny ordning som skal gjere det interessant for skogeigarane å få lyst til å investere i industri. Ved hogst kan skogeigarane investere delar av inntektene, og dermed sleppe skatten for beløpet så lenge pengane er knytt til industrisatsing.
– For fire år sidan sa regjeringa at dei skulle lage ei slik ordning, men dei har enno ikkje gjort det. Me pressar på, og meiner forslaget er superkonstruktivt. Eg trur mange skogeigarar er interesserte i å vere med på ordninga, som kan gje hundrevis av millionar kroner til investering. Det betyr ny fabrikk å levere til, og høgare tømmerpris til skogeigarane, seier Veum.
Det må vere eit mål å vere einige om å foredle tømmeret i Noreg, og ikkje eksportere.
Eg trur mange skogeigarar er interesserte i å vere med på ordninga, som kan gje hundrevis av millionar kroner til investering.
Spennande tid
Styreleiaren registrerer nøgd at mange investorar i Noreg ser på skog og skogbruk for tida, fordi det er lønsamt.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Og eg trur det kan kome statlege midlar til ein fabrikk, seier Veum.
– Når kan fyrste nye trefabrikken vere på plass?
– Det er vanskeleg å seie. Om me i dag bestemte oss for å byggje ny fabrikk, tek det sju år før han er på plass, svarar Veum.
Han veit det er ein del gode initiativ i gang med tanke på å byggje trefabrikk, som til dømes i Åmli der det kan bli bygd opp industri som skal ta store mengder tømmer og flis for å gjere det om til biodrivstoff.
– Det som kjem av ny industri må vere konkurransedyktig, ser Veum som svært viktig.
Uansett meiner fyresdølen at ein går inn i ei veldig spennande tid i skogbruket, og han avsluttar med desse orda:
– Eg trivst meir og meir i dei to styreverva, og brukar mykje tid på dei.
Trur trefabrikkar overlever
Ei av rollene til styreleiar Olav A. Veum i AT skog og skogeigarforbundet, er at han leiar valkomiteen i Norske Skog. Det store internasjonale industrikonsernet er konkurstruga, og hadde ekstraordinær generalforsamling nyleg. Då blei Norske Skog sin nye storaksjonær Christen Sveaas valt til ny styreleiar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Norske Skog blei etablert på slutten av 1960-talet. Norske skogeigarar blei medeigarar i denne viktige og enorme verksemda som på 1990-talet blei verdas største papirprodusent – og som kjøpte seg inn i mange fabrikkar fordelt på ulike land. Men så kollapsa papirmarknaden. Union blei lagt ned i 2006, og fire år seinare var det Follum sin tur.
– Gjelda blei for stor, og for dyr. Norske Skog har gjeld på 6,4 milliardar kroner, og ei rente på 12 prosent. Dette må ein rydde opp i – det er skjebnetid nå, seier Veum.
Han fortset med at Norske Skog har vore svært lønsam for norske skogeigarar, men i dag er dei vatna ut som selskapseigarar og AT skog har nå under éin prosent av aksjane. Store internasjonale kapitalmiljø som har styrt selskapsskuta eig nå bare gjeld, og sel seg ut av Norske Skog. Det er tilbod til alle eigarane om refinansiering for å få ned mykje av gjelda.
– Det me ser nå er kapitalismen på sitt verste, seier Veum.
– Det er opplagt store verdiar i Norske Skog, men kanskje ikkje så stor sum som gjelda er. Ein må få avklaring på gjeldsituasjonen, og den trur eg vil kome, fortset Veum om selskapet der mykje skjer nå med tanke på økonomien og eigarskap.
Norske Skog har ikkje mange fabrikkar i dag. To av dei ligg her i landet – i Halden og Skogn i Nord-Trøndelag.
– Uansett kva som skjer med Norske Skog er me opptekne av å få behalde dei to fabrikkane i Noreg. Dei tek imot mykje tømmer, 1,5 millionar kubikkmeter massevirke i året – alle skogeigarane leverer dit. Eg trur det er stor sjanse for at fabrikkane overlever. Dei tener pengar og er lønsame. Det er veldig rart om nokon vil leggje dei ned, seier styreleiaren i AT skog og skogeigarforbundet.