Trongare nålauge for å halde plassen
Omorganisering av tredje divisjon får ringverknader nedover i divisjonane. No blir det hardt for dei to herrelaga i Vest-Telemark å hindre nedrykk etter sesongslutt.
Talet på avdelingar i 3. divisjon i heile landet skal halverast frå 24 til 12. Det betyr at det blir trongare om plassen i alle divisjonane nedover når dei overflødige laga frå tredje divisjon skal ned i fjerde, fjerdedivisjonslaga ned i femte, og så vidare.
Blei for lite ambisiøst
I Telemark blir det berre fire lag i den opphavelege fjerdedivisjonen som får halde fram på same nivået i 2011-sesongen. Åtte lag rykkjer ned etter årets sesong, for å gje plass til tredjedivisjonslaga. Det har gjort at Vinje, som rykte opp til fjerde i fjor, må endre målsetjinga si.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me hadde opphaveleg som mål å kome mellom femte og åttande plass, men no når alt under fjerde tilsvarar nedrykk var me nøydde til å endre denne. Det blei litt lite ambisiøst å ha som målsetjing å rykke ned. Eg trur ikkje trenar Bård Øien hadde klart å lure oss ned i styrketreningsrommet kvar onsdag om me hadde nedrykk som ambisjon, seier Øystein Eriksen, kaptein på laget.
Han trur Vinjelaget, som no trenar tri gonger i veka, har ein god sjanse til å halde på plassen dei gjorde seg fortent til førre sesong.
Det er klart det er vanskeleg å vite, men me har ein tilnærma lik stall som i fjor. Dessutan er svært samspelte etter å ha spela saman i tri år, og eg trur me har eit lag som skal klare å bite godt frå oss i fjerde divisjon, meiner Eriksen.
Gode sjansar
Situasjonen er den same for Seljord. Dei heldt seg i femte divisjon i fjor, men no hardnar kampen om å halde seg der.
Dei som vinn divisjonen rykker opp, nummer to og tre held på plassen sin, medan resten av laga rykker ned til sjette for å gjere plass til dei nedrykte fjerdedivisjonslaga. Me må altså kome blant dei tri beste denne sesongen for å ikkje rykke ned. Favorittane Hei og Herkules frå i fjor kan bli tøffe å slå, men me meiner me har gode føresetnader til å kjempe om tredjeplassen. Nivået i denne divisjonen er ikkje verre enn at me skal klare å henge med såpass, meiner oppmann Aslak Bekhus.
Herrelaget til Seljord var med og kjempa i toppen i vårsesongen i fjor, og låg på ein god fjerdeplass halvvegs i sesongen. Då hausten kom, reiste mange av spelarane på skule eller i militæret og det var eit redusert lag som sto att.
Me var på høgde med mange av laga som hamna over oss på tabellen, men me var svært sårbare for ytterlegare fråfall på kampane. Me fekk til slutt ein sjuandeplass på tabellen, fortel Bekhus, som håpar å forsterke årets lag med spelarar frå høgskulen i Bø.
Ny trenar med god CV
Denne sesongen har Seljord sikra seg eit ess i ermet, og håpar det skal hjelpe dei å halde koken heile sesongen. Esset heiter Ben Roger «Benny» Elvenes.
Artikkelen held fram under annonsen.
Elvenes var fyrstedivisjonsspelar i Odd Grenland på nittitalet, og har også bakgrunn frå Gulset, Pors, Kjelsås og Bærum. No har han flytta til Seljord for å bli banksjef der, og satsar samstundes på ei karriere som spelande trenar på herrelaget. Det kan gje ein ny giv til seljordlaget.
Elvenes sjølv trur han berre held 20 minuttar per kamp, men me får sjå når det nærmar seg sesongstart, humrar oppmann Bekhus.