Personalkonsulent Eva Greivstad og rådmann Ketil O. Kiland i Fyresdal kommune er godt nøgde med at ein er nede i 5,09 prosent sjukefråvær blant dei tilsette.
Personalkonsulent Eva Greivstad og rådmann Ketil O. Kiland i Fyresdal kommune er godt nøgde med at ein er nede i 5,09 prosent sjukefråvær blant dei tilsette.

Trur det er god folkehelse i regionen

Tal frå andre kvartal i år viser at legemeldt sjukefråvær i Nissedal og Kviteseid er ned i 3,9 prosent. Fyresdal har også eit lågt tal å vise til.

I ein oversikt frå Nav mot slutten av september kjem det fram at legemeldt sjukefråvær i andre kvartal er så lågt som 3,9 prosent både blant alle kviteseidingane og nissedølane som er i jobb. Ingen andre i Telemark har så låge tal.

– Det er eigentleg fantastisk bra tal for Kviteseid og Nissedal, og også for Fyresdal med 4,3 prosent, seier Olav Aalandslid, IA-rådgjevar (Inkluderande arbeidsliv) i Vest-Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vinje ligg på 4,7 prosent, Seljord 5,0 og Tokke 5,8.

Lege lågt i mange år

Det er om lag 200 kommunetilsette i Fyresdal. Blant dei kan rådmann Ketil O. Kiland og personalkonsulent Eva Greivstad opplyse at ein er nede i 5,09 prosent sjukefråvær etter andre kvartal.

– Dette er veldig bra i kommunesektoren. Målet er å liggje under 6 prosent. For 2016 var talet 7 prosent, seier Kiland.

Han legg til at kommunane i Vest-Telemark har lege lågt på sjukefråvær i mange år samanlikna med landet elles.

– Eg trur det er god folkehelse i Vest-Telemark, seier Kiland.

Personalkonsulent Greivstad seier at sjukemeldte kommunetilsette blir godt fylgde opp, og det blir lagt til rette for å unngå sjukemelding. Er det til dømes tilsette på pleie-og omsorgssenteret som ikkje kan jobbe om natta, kan dei vere der på dagtid i staden.

Skuldast ikkje arbeidet

– Det er veldig lite tilbakemeldingar om at det er arbeidsrelatert sjukdom, seier ho, og legg til at kommunen har eit godt samarbeid med Nav.

Som vanleg har teknisk drift og reinhald i Fyresdal kommune ikkje sjukefråvær å snakke om.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei er alltid friske. Så er det skilnad på arbeidsplassar – det er ikkje like lett å reise på jobb på skulen eller pleie- og omsorgssenteret om ein er forkjøla, seier Kiland, og avsluttar med å seie det er veldig godt arbeidsmiljø i kommunen.