Trur på ein kommune i Vest-Telemark
Kommunal- og regionalminister Erna Solberg trur det er mogleg å få Vest-Telemark til å bli ein kommune. Ho ser ikkje interkommunalt samarbeid som eit alternativ til kommunesamanslåing. På Vest-Telemarkkonferansen torsdag la Tokkerådmann Olav Bjørn Bakken fram tal der kommunane i regionen vil få svi kraftig økonomisk om nokre år viss dei slår seg saman til ein.
Etter å ha vore i lag med over 200 kommunepolitikarar, offentleg tilsette og folk frå næringslivet og organisasjonar i Vest-Telemark, vedkjenner kommunalminister Erna Solberg at ho følte mykje motstand mot kommunesamanslåing. Ho var frå før kjent med motstanden ordførarane i regionen har til ei slik løysing, men synest likevel det kanskje er ei meir open haldning nå.
Solberg meiner Noreg må redusere talet på kommunar med 100 innan 2015. Talet på folk i den kommunale administrasjonen må ned. Det må i staden meir ressursar til for at brukarane skal få dei tenestene dei treng og forventar i framtida. Statsråden meiner større kommunar gjev betre tenester, og innan administrasjonen får ein stordriftsfordelar.
Artikkelen held fram under annonsen.
VTB spurde statsråden om det er grunnlag for å slå saman kommunar i Vest-Telemark.
Ja, for å gjere kommunane meir robuste på tenesteytinga. Det bør vere mogleg å ha Vest-Telemark som ein kommune. Merkevara Vest-Telemark ville stå fram som solid, svarar Solberg.
Tvangsorganisering
Om ingen kommunar i Vest-Telemark vil slå seg saman, vil du tvinge dei til det?
Det blir ikkje nødvendigvis tvang i Vest-Telemark. Det kan heller vere andre stader det er behov for å skjere gjennom. Men seier ein kommune i Vest-Telemark nei til samanslåing, og dei andre ja, er spørsmålet kor lenge ein enkelt kommune skal ha veto. Elles har ikkje Høgre tatt standpunkt om å tvinge kommunar til å slå seg saman, presiserer statsråden.
Ho er oppteken av at kommunane tek seg av viktige oppgåver for brukarane i framtida, viss ikkje kan staten måtta gripe inn.
Det er ikkje sikkert at det då blir tvangssamanslåing, men det kan bli tvangsorganisering av tenester, held Solberg fram.
I diskusjonen om samanslåing er ho fullt klar over at Vest-Telemark har spesiell geografi og avstandar, og har vidare skjønt at det er noko kniving mellom bygdene. Statsråden meiner kommunane same kva må utfordre kreativiteten meir for å møte framtida.
Færre enn seks
Kva skjer med busetjingsmønsteret, interessa for å bu i utkantane, om dei ved ei kommunesamanslåing vil føle seg endå meir som ein utkant?
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei blir lenger vekk frå kommunehuset, men blir ikkje lenger vekk frå noko anna. Tenestene vil framleis vere der. Den nye kommunen må sjølv avgjere til dømes skulestrukturen. Den debatten dreier seg om kommuneøkonomi, ikkje kommunestorleik, svarar Solberg.
Ved ei samanslåing er ho klar over at det kan bli eit spørsmål om ein rik kraftstad som Vinje til dømes vil vere med og oppretthalde Fjone skule.
Korleis ser Vest-Telemark ut i 2015?
Det er større sjanse for at det er færre kommunar i regionen enn det er i dag, avsluttar kommunalminister Erna Solberg.
Erna tvilar på alternativa
Det er ikkje nok med interkommunalt samarbeid for å gje innbyggjarane eit godt nok tenestetilbod, meinte kommunalminister Erna Solberg, og avviste interkommunalt samarbeid som eit alternativ til kommunesamanslåing.
Regionalt samarbeid er neppe meir effektivt enn samanslåing og er også meir skjøre enn samanslutningar, la ho til.
Men ho var likevel ikkje motstandar av samarbeid mellom kommunane utover samanslåing.
Innan utvalte område vil det vere behov for eit samarbeid mellom kommunane også i framtida, men då som eit tillegg til god kommunestruktur, sa ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Meir byråkrati
Statsråden var viljug til å la kommunar prøve alternative løysingar, men tvilar på at dei finn alternativ med god nok gevinst.
Ho argumenterte med at interkommunale samarbeid gjev meir byråkrati og mindre att til den direkte tenesteytinga i kommunen.
Det er passeleg med byråkratar i Noreg, om me hadde vore 45 millionar i landet vel å merke, sa ho.
Solberg avviste at demokratiet blir dårlegare ved å slå saman kommunar og meinte at interkommunalt samarbeid gjev eit demokratiunderskot.
Erna Solberg trakk fram barnevernssamarbeidet i Vest-Telemark som eit godt interkommunalt samarbeid, og vil bruke dette som eit eksempel til etterfølging andre stadar i landet, ettersom halvparten av landets kommunar ikkje har kompetente fagfolk innafor sektoren.
Einaste løysing er storkommune
Eg har lita tru på alternative samarbeidsløysingar. Den einaste løysinga må vere ein storkommune for heile Vest-Telemark, proklamerte Johan S. Straand, administrerande direktør ved Straand Hotel, under Vest-Telemarkkonferansen.
Straand sat i panelet saman med Fyresdal-ordførar Saamund Gjersund, Vinje-rådmann Hans Kristian Lehmann, bedriftsleiar ved AS Grindberg Trevarefabrikk, Ingunn Vik og kommunalminister Erna Solberg.
Hotellsjefen meinte innsparingane ved ei samanslåing ville vere store og såg moglegheiter til å kutte 800 stillingar i offentleg sektor ved ei samanslåing. Om kvar av desse kostar 200.000 kroner vil ein storkommune i Vest-Telemark spare 165 millionar kroner, i fylgje Straand sitt reknestykke. Straand meinte dei 14.000 innbyggjarane i Vest-Telemark er betre tent med ein administrasjon og trur også ei samanslåing vil føre til auka rekruttering av fagfolk og høgare kvalitet på tenestetilbodet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Provosert
Nissedal-ordførar Øyvind Tveit (KrF) var ein av dei mange som blei provosert av Straand.
Det var ikkje Erna som provoserte mest, det var den godaste Johan Straand. Men me treng vel det i debatten også, meinte Tveit, som trakk fram samarbeidet mellom Nissedal og Kviteseid som ein start på eit alternativ til ein storkommune.
Me tener noko på å samarbeide og aukar den faglege kompetansen trass avstandane. Me må få tid til å prøve ut alternative modellar til samanslåing, meinte han.
Straand blei ståande ganske aleine med sine synspunkt, men dei fleste var viljuge til å ta debatten.
Spørsmålet er kva som tener innbyggjarane. Me må vere opne for å få alt på bordet, så skal me vege for og imot. Men det må liggje i botn at det er liv laga for bygdene, sa Fyresdal-ordførar Saamund Gjersund, og la til at Fyresdal ikkje hadde problem med å få fagfolk til bygda som eit svar på argumentet om rekrutteringsproblem for bygdene.
Sentralisering
Heller ikkje Vinje-rådmann Hans Kristian Lehmann trudde kommunesamanslåing var den rette løysinga. Han peika på at byråkratiet ikkje er synleg i Vinje og frykta at samanslåing vil føre til sentralisering og nedlegging av mellom anna skular.
Me må ta del i strukturdebatten, men konklusjonen må ikkje vere trekt på førehand. Me må finne vår eigenart og løysingar som er best for oss. Kanskje er ei løysing å slå saman eit par kommunar, sa Lehmann.
Han argumenterte som mange andre med geografien i Vest-Telemark.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me kjem ikkje bort frå korleis det ser ut i Vest-Telemark. Kvar kommune har sitt eige dalføre, sa han.
Hilde Martini Momrak frå Fyresdal trakk fram den sterke identiteten i kommunen.
Me har ein auke i folketalet og stor entusiasme. Me har stor fleksibilitet fordi me er små. Me er kjende for å vere utradisjonelle og rekrutterer fagfolk på det. Me må heve diskusjonen over kommunegrensenivå og er opne for alternativ. Det å tenke utradisjonelt er i rett Fyresdal-ånd, sa ho.
UtforBakken
Kommunalminister Erna Solberg og Tokke-rådmann Olav Bjørn Bakken har ein ting felles; båe meiner dei seks kommunane i Vest-Telemark får auka statlege overføringar dei fyrste ti åra om alle slår seg saman til ein kommune. Etter den semja er det fullstendig brot mellom partane. Medan Solberg meiner overføringane verken vil auke eller minske etter 10 år, har Bakken ved hjelp av Telemarkforsking kome til at storkommunen vil miste 41,5 millionar kroner årleg frå staten, nesten ei halvering i forhold til kva kommunane får samla i dag.
Det blir ei kjempestor utfordring å spare 41,5 millionar kroner, sa Bakken på Vest-Telemarkkonferansen.
Så ille vil det ikkje slå ut om til dømes Vinje og Tokke smeltar saman til ein, og kanskje får namnet ViTo eller Vi`kke kommune.
I denne tenkte samanslåinga er kommunehuset lagt til Dalen, sidan det er lettare å rekne på, sa Bakken, og fekk fram smilet i salen.
Dei ti fyrste åra ville denne samanslåinga gje 3,8 millionar kroner meir i årleg overføring frå staten. Etterpå vil det bli to millionar kroner mindre kvart år enn kva dei to får samla i overføring i dag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg meiner tala frå Telemarkforsking er innafor ein margin som er god nok, sa Bakken.
I reknestykka var det ikkje tatt med gulrøtene statsråd Erna Solberg lokkar med til kommunane som slår seg saman. Likevel fekk nok Bakken, med konferansens siste innlegg, forsamlinga til å vere endå meir skeptisk til kommunesamanslåing.