Både Visit Telemark og Dalen merkar godt at det er flotte naturbilete som sel på Instagram. Mange brukar emneknaggane deira og deler opplevingane sine.
Både Visit Telemark og Dalen merkar godt at det er flotte naturbilete som sel på Instagram. Mange brukar emneknaggane deira og deler opplevingane sine.

Turistar oppdagar Vest-Telemark på Instagram

Fleire og fleire turistar blir inspirerte av Instagram når dei skal ut på tur. Turistnæringa merkar trenden og brukar bildedelingstenesta i stor grad for å lokke turistar til fylket.

Du har kanskje lagt ut eit bilete av ein sommarleg idyll i sommar sjølv – anten det er til fjells eller ved vatnet på sosiale medium. Kanskje har du også brukt ein emneknagg der du skriv kor denne idyllen er. Visste du at mange brukar nettopp desse emneknaggane til å finne neste ferietur?

Vil gå den kjente turen

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me merkar veldig godt at folk har oppdaga turar og attraksjonar på sosiale media. Turistar kjem til oss og seier «we want to do that famous hike». Dei har då sett bilete av Lårdalsstigen og vil vite alt om turen, smiler Synne Aasland, turistsjef i Visit Dalen.

Det er nettopp turar og spektakulære bilete av utsikt som på Lårdalsstigen turistar oppdagar på Instagram. Visit Telemark fortel at turstigen mellom Eidsborg og Lårdal er ein av dei mest fotograferte plassane i sommar og trur mange har oppdaga turen der.

– Instagram er jo staden folk deler opplevingane sine med andre. Det har nok blitt ein kanal for å hente inspirasjon for nye reiser, seier Alina Olsen, marknadskoordinator i Visit Telemark.

Slike Instagram-bilete som dette frå Lårdalsstigen trekkjer turistar til turmål som før ikkje var like kjente.
Slike Instagram-bilete som dette frå Lårdalsstigen trekkjer turistar til turmål som før ikkje var like kjente.
Synne Aasland er marknadskoordinator og turistsjef i Visit Dalen og brukar Instagram aktivt i arbeidet, spesielt for å nå utanlandske turistar i spesielle målgrupper.
Synne Aasland er marknadskoordinator og turistsjef i Visit Dalen og brukar Instagram aktivt i arbeidet, spesielt for å nå utanlandske turistar i spesielle målgrupper.

Natur er vinnaren

På emneknaggane #visittelemark og #telemarksommer, som er turistkontorets emneknaggar for konkurransar i sommar, er over 2000 bilete lagt ut sidan starten av juli. I tillegg til Lårdalsstigen er Gaustatoppen, Telemarkskanalen, Jettegrytene i Nissedal, Dalen hotell og Rui-plassen nokre av plassane turistkontoret ser flest bilete av. Olsen er klar på kva som sel og det dei ser desidert mest av.

– Det er flotte naturbilete som er den store vinnaren. Folk legg ut bilete når dei går turar, padlar eller syklar.

Det er også ein tendens dei har sett den siste tida. Turistar som kjem til fylket vil gjerne fylle opp ferien med aktivitetar dei kan gjere ute i naturen.

– Det er absolutt ein klar trend. Folk brukar naturen, reiser på fjellturar eller fisketurar, og du ser det på bileta dei legg ut, fortel Olsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den nye feriekatalogen

Sosiale media-ekspert Hans-Petter NygårdHansen trur dei nye kanalane gjer at folk oppdagar andre typar og litt meir ukjente reisemål, og vil sjå meir av Noreg.

– Det faktum at Instagram og sosiale media har bidrege til at langt fleire utlendingar kjem til Noreg som turistar, trur eg også har vekka ein aukande interesse frå nordmenn, til å besøke meir av sitt eige land. Når Noreg opplever auka merksemd frå utlandet, blir nordmenn flest veldig stolte. Kanskje føler me oss meir forplikta til å oppleve meir av landet sjølv, seier Nygård-Hansen.

Og nordmenn er tydeleg på kva dei vil sjå når dei fyrst ferierer innanlands.

– Det er det ekte og autentiske som lokkar folk på sosiale media. Stader og opplevingar som kanskje ikkje reisebyråa sjølv har tenkt på. På Instagram er det enklare å finne aktuelle stader og opplevingar som er delt av personar ein føler passar sin målgruppe, fortel Nygård-Hansen.

Bygger merkevare og identitet

Då er det heller ikkje rart at turistkontor som Visit Dalen brukar Instagram aktivt i marknadsføringa si.

– Me brukar det veldig mykje. Det handlar om å bygge merkevare og identitet rundt stadene me vil at folk skal reise til. På Instagram brukar me bevisst engelsk for å nå så langt ut som mogleg. Me brukar emneknaggar som #hiking (fottur) som gjer at me kan nå ei målgruppe som er på jakt etter nye turar. Slik kan dei få opp bilete frå for eksempel Lårdalsstigen når dei er på Instagram, fortel Synne Aasland og oppmodar folk til å bruke emneknaggen #visitdalen når ein legg ut bilete frå turar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kan absolutt dra fleire turistar hit, smiler ho.

«Skattelette» Ytringar på side 26.