Turistinformasjonen blir privatisert
Kommunestyret i Fyresdal gjekk inn for å privatisere turistinformasjonen i kommunen.
Det er 20 år sidan turistinformasjonen vart oppretta i Fyresdal. Kontoret har vore på Øystad og har hatt autorisasjon i klasse to. Det vil seie at kontoret har ei minimumsopningstid på 37,5 timar i veka i perioden 20. juni til 20. august. Det skal også vere tilgang på telefon og internett, og dei som arbeider der må ha kompetanse på eitt språk utanom skandinavisk.
Brei erfaring
I 2009 blei Sigrunn Vik Skomdal leigd inn som driftsansvarleg og kommunen var godt nøgd med det. I løpet av våren 2010 skal Vik Skomdal starte ny sportsforretning i bygda, og ho søkte derfor om å kombinere drifta av den nye butikken med turistinformasjon. Ho har jobba ved turistinformasjonen i Fyresdal tidlegare, og har også jobba med reiselivsprosjekt i heimkommunen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fyresdal kommune lyste etter aktørar til å drive turistinformasjonen, og i tillegg til Vik Skomdal kom det ein søknad frå Fyresdal Bakeri AS v/Titia Kok. Ut frå dei økonomiske rammene i kommunen, blei båe søkarane bedt om å sjå om det var mogleg å kome med nye tilbod med andre økonomiske rammer.
Turistinformasjon i sporten
Sidan Sporten Fyresdal ved Sigrunn Vik Skomdal var einaste aktuelle aktør i andre runden, vil det seie at rådmannen i nær framtid tek kontakt.
Før saka blei handsama i kommunestyret, var det heile fire medlemmer som blei kjent ugilde og måtte bli erstatta av varamedlemar.
Eg ynskjer det skal vere eit levande sentrum, og stør ein turistinformasjon der. I alle fall no når eg har fått forsikringar om att det har gått ut likelydande tilbod til dei aktuelle aktørane, sa Per Helge Seltveit (Sp), og la til at dette er eit prov på det ikkje støtt er vasstette skott mellom driftsbudsjett og næringsbudsjett.
Då saka var til handsaming i formannskapet, blei fylgjande vedtak fatta: «Fyresdal kommune kan med dagens økonomiske rammer ikkje etablere turistinformasjon med heilårleg drift. Kommunen gjennomfører sommardrift som tidlegare innanfor kravet autorisasjonsnivå 2».
I kommunestyremøtet torsdag kom Gunhild Austjord (Bygdelista) med forslag om at rådmannen skulle få fullmakt til å inngå avtale med private aktørar for sommardrift som tidlegare. Framlegget fekk fleirtal, og det lyder som fylgjer: «Rådmannen får fullmakt til å inngå avtale med private aktørar for sommardrift av turistinformasjonen innanfor ramma i budsjettet for det enkelte år. Prosjektet vedkomande mogleg heilårsdrift av turistinformasjonen, turisme og reiseliv, blir jobba vidare med. Eventuell kommunal delfinansiering av prosjektet vert lagt fram for handsaming i næringsfondstyret».
Vrine habilitetsspørsmål
Då var den bytteballetten ferdig, og ærleg tala så har det vore mykje arbeid å vurdere habilitetsspørsmålet i denne saka. Men det er noko me tek på alvor og i samråd med fylkesmannen skal dette no vere i orden, uttala ordførar Bjørn Nome (Sp).
Eg er veldig godt fornøgd med utfallet i denne saka, og har stor forståing for at det er budsjettet som vil styre aktiviteten. Kombinasjonen sportsforretning og turistinformasjon har eg også stor tru på, seier Vik Skomdal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho opnar den nye sportsbutikken i fyrste del av mai, og då blir også turistinformasjonen tilgjengeleg.
Sjølv om turistinformasjonen eigentleg ikkje skal opne før juni, ser eg det som naturleg at slik informasjon er tilgjengeleg i ein viss grad når eg opnar butikken. Eg trur denne løysinga er ein vinn-vinn kombinasjon for alle partar, seier Vik Skomdal.
Reduserar økonomisk stønad til klassetur
Dei siste åra har 10. klasse ved Gimle skule i Fyresdal vore på klassetur til Polen. Det er kommunen som har betalt alle utgiftene i samband med desse turane, men no blir det endringar på det.
For skuleåret 2009/10 var kostnaden på klasseturen til Polen på 195.000 kroner, og estimerte utgifter for dei komande åra er høvesvis 160.000 og 140.000 kroner.
Med tanke på dei økonomiske rammene og gjeldande reglar om gratisprinsippet i skulen innstilte rådmannen om å ikkje arrangere 10. klassetur i skulens/kommunens regi. Vedtaket skulle gjelde frå 2011/12.
Både i år og neste år er det vedteke at skulen/kommunen betalar turane.
Foreldreutvalet (FAU) ved Gimle skule har engasjert seg i saka, og dei har eit sterkt ynskje om at turane skal halde fram. Men samstundes peikar FAU på at det er vilje blant både elevar og foreldre til å gjere dugnadsarbeid for å dele på utgiftene til turen.
Dugnad er viktig
No er eg kjent med at kunnskapane kring jødeforfylginga etter kvart har blitt dårlegare, og det i seg sjølv er eit godt argument for å sende elevane på tur til Polen der dei mellom anna sjølve kan sjå kva som skjedde i konsentrasjonsleirane. Så meiner eg også at dugnad i alle høgste grad er eit viktig tema i skulen. Dette norske fenomenet har ein tradisjonell verdi i Noreg, sa Per Helge Seltveit (Sp) då debatten byrja.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han meinte at dersom dugnad skal vere ein norsk grunnverdi, bør det inn i skulen.
Og så er det viktig at elevane jobbar mot eit mål over lang tid. Det er nyttig å vite at dei ikkje får alt servert på eit fat, sa han.
Må velje
Bygdelista hadde tidlegare signalisert at dei ville gå inn for å halde fram med turar til Polen, men etter at Berit Gulbrandsen (Ap) heldt sitt innlegg bad dei om gruppemøte.
Eg føler meg uansvarleg som politikar når eg går med på å bruke så mykje kommunale kroner til ein slik klassetur. Me har nedskjeringar på andre felt i kommunen, og eg vil minne politikarane om det ansvaret me har, sa Gulbrandsen.
Etter to gruppemøte i bygdelista og Senterpartiet, kom det to framlegg på bordet. Politikarane stemte over framlegga og det blei Senterpartiets framlegg om å halde fram med å arrangere turar til Polen for 10. klassingar i skulens/kommunens regi. Men framlegget innehaldt ein del føresetnadar, og ikkje minst skulle kommunens del utgjere inntil 60.000 kroner. Resten må dekkast på anna vis.
No er det ikkje slik at det nødvendigvis berre er havrelefse og striebukse som er framtida for innbyggjarane i Fyresdal, sa ordføraren etter at vedtaket var klart. Det blei latter i salen då han sa striebukse i staden for strieskjorte. Ikkje så rart kanskje, sidan klokka blei halv tolv torsdag kveld før møtet var ferdig.