Middagsserveringa kvar tysdag i Vinjehuset er populært. Tysdag serverte Inger Rønningen 97 porsjonar kyllinggryte, og det er ny rekord.
Middagsserveringa kvar tysdag i Vinjehuset er populært. Tysdag serverte Inger Rønningen 97 porsjonar kyllinggryte, og det er ny rekord.

Uforpliktande møteplass med middag

97 porsjonar kyllinggryte med ris og grønsaker serverte Inger Rønningen på Vinjehuset tysdag. Tilbodet om tysdagsmiddag starta for fire veker sidan, og har vorte ein populær møtestad i Åmot.

Kultursjef Signe Marie Kittelsaa fortel at det heile tida vert snakka om å lage møteplassar for innbyggjarane. Då Vinjehuset vart delvis stengd fram til 1. juli grunna byggjearbeida og oppussinga, har mykje av aktiviteten vorte borte.

– Under ombygginga fekk eg ei utfordring med å skaffe sysselsetting til dei som er tilsette ved kjøkenet på Vinjehuset. Då dukka tanken om å stelle i stand ein møteplass med middagsservering kvar tysdag opp, seier kultursjefen.

Artikkelen held fram under annonsen.

På Vinjar har innbyggjarane i den delen av kommunen lenge hatt suksess med felles middag for bygdefolket kvar måndag. Dei har organisert middagslaginga på dugnad der kokkelag på omgang er i sving.

Signe Marie Kittelsaa seier at både Åmot og Rauland er for store stader til at det er realistisk å satse på dugnadsinnsats. Ho kom fort til at det ikkje nytta å adoptere Vinjar-modellen når det galdt matlaging, men at andre løysingar kunne etablere ein ny møteplass i kommunesenteret.

Stor oppslutning

– Oppslutninga ser ut til å vere upåklageleg, og du måtte skaffe fleire bord og stolar no på tysdag?

– Tysdag var det 4. tysdagen med fellesmiddag, og rekordmange møtte fram – både store og små. 97 porsjonar har me ikkje vore oppi tidlegare, så held denne utviklinga fram, vert det for trongt i vestibylen. Då må me dekke til i idrettshallen, ler Signe Marie Kittelsaa.

Tysdagsmenyen er lagt ut på facebook på kommunens heimeside. Menyen er variert, og hittil har det mellom anna vore servert elgkarbonadar, steikt aure og tysdag baud ein på kyllinggryte.

Oppslutninga om fellesmiddagen varierar tydelegvis etter kva som vert servert. Heile tida har 60–70 vinbyggjer nytta seg av tilbodet med ei grunnstamme på 15–20 personar. Dei har møtt fram alle gongene.

Uforpliktande

Signe Marie Kittelsaa peiker på at dette er ein møtestad heilt utan forpliktingar. Ein betalar og får servert maten og ein treng ikkje melde frå på førehand at ein kjem. Det er berre å møte opp om ein ynskjer middag og treffe andre menneske.

Inger Rønningen seier ein får røynsle med mengda mat som må lagast for at alle som kjem skal få servering.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ingen fare for svinn. Onsdagen serverer me varmmat til elevane på Åmot skule. Det gjer at maten som vert til overs, kan vere på bordet dagen etter. Hittil har det ikkje vore mat til overs om tysdagen, men alle har vorte mette, nemner Inger Rønningen.

Kultursjefen seier at tysdagsmiddagen skal vere ein møteplass for folk i alle aldrar. Prisane er familievenlege; 75 kroner for vaksne, 50 kroner for born og gratis for ungar under skulealder.

Kan verte permanent

– Korleis er tilbakemeldingane og er det avgjort om dette vert ein permanent møteplass i Åmot?

– Eg har berre fått positive tilbakemeldingar. Som nemnt aukar tilstrøyminga, og folk gjev uttrykk for at dette er eit tilbod dei har sakna. Eigentleg var tanken å ha middagstilbodet som ein prøve kvar tysdag fram til sommaren. No vil eg ikkje utelukke at tilbodet vert permanent, seier Signe Marie Kittelsaa.

Før festsalen vart stengt for ombygging av scenen var det kinotilbod kvar tysdag. Då arrangerte kommunen også taco-kveld for ungdomane. No er det taco om onsdagskveldane.

– Eg fekk raskt melding om at dei unge sakna taco-kveldane på Vinjehuset. Difor gjekk me i gang att, sjølv om kinotilbodet ikkje er attende før til hausten, fortel Signe Marie Kittelsaa.