Uklar framtid for landbruket
Forhandlingane i Verdas handelsorganisasjon (WTO) braut til dei grader saman. Det var nok like bra for Noreg. Forslaga som låg på bordet ville radert ut heile landbruket i Vest-Telemark. Terje Riis-Johansen i Norges Bondelag er glad for brotet og meiner situasjonen nå gjev ein mykje større sjanse til å påverke framtida for jordbruket i landet. Nå må regjeringa vere på offensiven. Val av strategi er heilt avgjerande for korleis det vil sjå ut i Vest-Telemark i framtida, seier Riis-Johansen.
Forhandlingane i Verdas handelsorganisasjon (WTO) braut saman midt i eit forslag som ville øydeleggje det norske landbruket. Terje Riis-Johansen i Norges Bondelag meiner regjeringa må bruke pustepausa flittig for å sikre eit levedyktig landbruk mellom anna i Vest-Telemark.
Terje Riis-Johansen frå Gjerpen var i haust Telemark Bondelag sin representant ved dei spennande WTO-forhandlingane i Cancun i Mexico. Saman med 40 nordmenn vandra han i ei heksegryte der 148 land og over 10.000 menneske deltok. USA hadde med over 1.000 personar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ei heil veke opplevde Terje dramatikk og eit stressnivå han konkluderer ikkje var sunt. Det var mykje som var usikkert i dei alvorlege forhandlingane.
Dagen før forhandlingane skulle vere ferdige kom det ei røys med forslag.
Då såg eg føre meg at dei norske bygdene var i ferd med å bli lagt døde. I praksis ville framlegget til USA og EU-landa føre til ein monaleg import av varer til Noreg. Heile landbruket i Vest-Telemark ville blitt radert ut, seier Terje.
Verne eige næringsliv
Under forhandlingane blei han sjokkert over råkøyringa til USA.
USA flaug rundt med pisk i eine handa og sjekkheftet i andre. Eigeninteressene styrde til dei grader. Det var tydeleg at her skulle USA bestemme, fortel Terje.
Då det stod på som verst etter at røysa med forslag låg på forhandlingsbordet, hadde bondelaget eit opplegg klart for å ringje statsminister Kjell Magne Bondevik i Noreg med bodskap om at han og regjeringa måtte sette ned foten. Men brotet i forhandlingane blei i staden utløyst av Kenya. Ein representant frå landet reiste seg opp midt i forhandlingane og sa at dette ville Kenya ikkje vere med på.
På den tida sat Terje og åt middag i nærleiken. Plutseleg dukka kenyanaren opp like ved han. Kollaps, kollaps, blei det ropa høgt, medan 100 journalistar samla seg rundt kenyanaren.
Brotet i forhandlingane var eit faktum og folk jubla. Enkeltland gjekk ikkje med på ei oppheving av at dei kan verne eige næringsliv på viktige område mot utanlandsk konkurranse, og at til dømes eit stort USA-selskap kan ture inn i Angola. Fattige land ville ikkje finne seg i at USA og EU-landa skulle bestemme.
Artikkelen held fram under annonsen.
Uklart kva som skjer
Eg er veldig einig i mykje av det dei fattige landa forsvarar, og er glad det blei brot i forhandlingane, seier Terje, og hugsar tilbake på måltidet som til slutt enda i den store konteinaren under alt oppstyret han opplevde på kloss hald.
Etter brotet er det svært uklart kva som skjer vidare. Men det er avtala eit møte på mellomnivå i Geneve 15. desember. Då kan det bli lagt eit løp for å kome vidare med arbeidet om ei handelsavtale som eigentleg skal gjelde frå 2005. Terje er oppteken av at Noreg i samband med møtet i Geneve seier nei til å gå vidare på grunnlaget som var i Cancun. Han meiner ein må forhandle og respektere fattige land på ein annan måte, og det må regjeringa vere obs på.
Den situasjonen som har oppstått gjev ein mykje større sjanse for Noreg til å påverke. Det er nå etter brotet eit lite land som vårt kan gjere det. På slutten av forhandlingane er me veldig små, seier Terje.
Må markere seg
Han håpar det som skjedde i Cancun gjev ein ny måte å forhandle på. For Noreg handlar mykje om å berge importvernet, slik at det er ei viss lønsemd i å produsere mat.
Ryk importvernet, ryk norsk landbruk. Nå må regjeringa vere på offensiven. Val av strategi er heilt avgjerande for korleis det vil sjå ut i Vest-Telemark i framtida. Dessutan treng bygde-Telemark at ordførarane og andre markerer seg i landbrukspolitikken. Viss ikkje folk bryr seg er det store sjansar for at den nye WTO-avtala blir dramatisk for Noreg, seier Terje.
Når han brukar så vanvittig mykje tid på saka om framtida til landbruket, signaliserer han at han innerst inne har både tru og håp. Men han vedkjenner at han til tider har vakla i trua, utan å gå med på at rullgardina er i ferd med å bli dradd ned for norsk landbruk.
Kan me byrje med WTO-forhandlingar frå nytt utgangspunkt, går eg på med stor optimisme. Eg har trua på at me til sjuande og sist får eit leveleg resultat for norsk landbruk, avsluttar Terje, oppteken av at medlemslanda skal gløyme forslaga og grunnlaget som kom i Cancun.
Forslag i forhandlingane
Eit av forslaga USA og EU-landa la fram i Cancun var å setje tak på tollstorleiken alle land kunne ha. Det ville bety at matvareprisen til bøndene i Noreg måtte reduserast med 30 prosent. Dessutan måtte dei fleste tilskotsordningane i norsk landbruk bort.
Artikkelen held fram under annonsen.
Resultatet ville bli at eit årsverk med 109 vinterfôra sauer ville gå med tap på 50.000 kroner mot dagens overskot på 90.000 kroner. Ein bonde med 15 kyr ville få eit like stort underskot på drifta, mot dagens overskot på 255.000 kroner. Det hadde ikkje hjelpt om bonden hadde 28 kyr. Det gjev i dag eit overskot på 352.000 kroner, men ville med det nye forslaget gje ein minus på 62.000 kroner, i fylgje tal frå Norges Bondelag.
Noreg er avhengig av WTO. Om eit eksportretta land som Noreg melder seg ut, ville det bli ei rekkje problem med handel med ein del land.