Hadde ikkje søya og dei to lamma lege ved ein skogsbilveg, hadde det vore langt vanskelegare å finne dei.
Hadde ikkje søya og dei to lamma lege ved ein skogsbilveg, hadde det vore langt vanskelegare å finne dei.

Ulvejakt på saueleiting

Trygve Straumsnes i Vrådal mista i fjor 70 sauer i gaupeområde på heia. Den seinare tida har ti dyr frå saueflokken hans på heimebeite blitt angripne av bikkje. I helga sytte ulven for nye dødstal blant husdyra.

Sundag fekk Trygve Straumsnes melding frå ein person som hadde funne søye og to lam som låg døde ved ein skogsbilveg mellom Vråvatn og Hauggrend, om lag på grensa mellom Kviteseid og Fyresdal. Rovviltkontakt Sveinung Olsnes i Vinje blei med sauebonde Straumsnes for å finne ut kva som hadde skjedd.

– Store krefter hadde vore ute. Dyra hadde kraftige bit og store knusingskader, seier Olsnes til VTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rovviltkontakten har ikkje tru på at det er bikkje som er årsaka.

– Bikkjer er meir puslete og halvhjarta. Alt tyder på at det er ulv, når ein ser måten sauene er tatt på, seier Olsnes, som har gjort registreringar og sendt rapport til Statens naturoppsyn.

Gruar seg

I går ved middagstider gjorde Trygve Straumsnes seg klar for ny tur opp i området der sauekadavera blei funne sundag.

– Eg fryktar at fleire sauer er tatt, og gruar meg til å opp att. Eg skal hente nokre sauer i området, og få dei heim. Eg veit ikkje kor mykje poeng det er i det, for ulven kan vere alle stader, seier Straumsnes.

I fjor mista han 70 sauer og lam i fjellområde der det blei konstatert gaupe. No undrar han på om også ulven kan ha herja blant sauene hans på den tida.

– Eg mista mange vaksne sauer, og tidleg kom det heim lam utan mora. Eg ser ikkje vekk frå at det var ulv der i fjor. Det kan ha vore både gaupe og ulv, seier bonden.

I tillegg høyrer det med at Straumsnes har fått ti sauer angripne av bikkjer. For litt sidan fann han fire drepne og to skada lam på heimebeite i Vrådal.

Tek med børsa

Straumsnes er glad for at det sundag blei dokumentert årsak til det ferske sauetapet. Bonden fortel at Fylkesmannen alt har gjeve munnleg fellingsløyve på ulven som kanskje er den same som har herja i Hjartdal. Eller kan det vere to, undrar vrådalsbonden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er nåla i høystakken å leite etter ulven?

– Ja, men eg tek no med meg børsa likevel, svarar Straumsnes, klar til å byrje heimsanking av sauer.

Kanskje er ulven alt over alle haugar, på veg til nye jaktområde. Rovviltkontakt Olsnes fortel at det i eitt tilfelle i fjor blei funne ein sau tatt av ulv i Tokke.

– Så blei ulven borte. Han var nok på gjennomreise, seier Olsnes.