Anne Haugeberg Midtbø (10) og Andreas Våle (6) likar godt å danse folkedans.
Anne Haugeberg Midtbø (10) og Andreas Våle (6) likar godt å danse folkedans.

Ung danseglede

Dansarar i alderen seks til fjorten år var på plass i Rauland i helga. Folkedans fenga 20 unge, derav 16 gutar og fire jenter.

– Det er eit samarbeid mellom Vinje spelemannslag, Falkeriset Folkemusikklag og kulturskulen, og me plar ha slike kurs to gonger i året, seier primus motor, Ellen Nordstoga.

Instruktørane er studentar ved Høgskulens avdeling i Rauland.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har med oss Even Westeng, Birgit Haukås og Tone Anne Tveiten som instruktørar på dansekurset, fortel Nordstoga.

– Kva dansar er det dei unge lærer?

– Det er halling, reel og gangar fyrst og fremst, men det blir litt forskjellige danseformer med hovudvekt på tradisjonsdansen halling, svarar ho.

Dansekurset på Rauland blei avslutta med at alle som hadde vore på kurs, anten det var fele, kveding, munnharpe eller dans fekk prøve seg på golvet. Instruktør var Even Westeng (i midten).
Dansekurset på Rauland blei avslutta med at alle som hadde vore på kurs, anten det var fele, kveding, munnharpe eller dans fekk prøve seg på golvet. Instruktør var Even Westeng (i midten).
- Det er moro at heile tjuge deltakarar var med på dansekurset, og det er overveldande at seksten av dei er gutar, seier primus motor, Ellen Nordstoga.
- Det er moro at heile tjuge deltakarar var med på dansekurset, og det er overveldande at seksten av dei er gutar, seier primus motor, Ellen Nordstoga.

Gutane i fleirtal

Ho blei overraska over talet på deltakarar, og ho blei endå meir overraska då ho såg at seksten av tjuge påmelde var gutar.

– Det er ikkje ofte me har så mange deltakarar, og det er i alle fall uvanleg at gutane er så overmåte i fleirtal. Det betyr at nokre av dei må danse «jenter». Eg vedgår at eg grua meg litt til det, men det har gått veldig bra, smiler ho.

Nordstoga trur det er blesten rundt hallingen som har ført til den store overvekta av gutar.

– I tillegg er instruktøren deira, Even Westeng frå Gransherad, ein kul fyr med ein kul hårsveis, meiner ho.

Det har elles vore dansekurs i Vinje, og det er i desse dagar eit skuleprosjekt i Edland.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Der har me med oss dei same instruktørane, og kan hende blir det eit prosjekt i fleire av skulane etter kvart. I dag har me flest deltakarar frå Rauland, og elles er dei frå Vinje, Bø, Gransherad og Tessungdalen i Tinn, fortel Nordstoga.

– Likar best springar

VTB møtte to av dei yngre dansarane, og dei fortel at det er moro å lære folkedans.

– Det er moro å danse, og det er moro å danse med kvarandre, seier Andreas Våle (6).

– Eg likar også å danse. Tidlegare har eg vore på dansekurs i Åmot. Det er springar eg likar best å danse, fortel Anne Haugeberg Midtbø (10).

Det var også kurs i kveding, felespel og munnharpe på akademiet i Rauland denne helga. Men det var utan tvil dansekurset som trekte flest deltakarar.

– Tjuge deltakarar er kjempebra, og det er veldig godt å vere på akademiet med slike kurs. Her er det meste lagt godt til rette, avsluttar Ellen Nordstoga.