Å felle ein storbukk på 106 kilo og gevir med 32 taggar er noko av det råaste Bendik G. Momrak (17) har vore med på. (Privat foto)
Å felle ein storbukk på 106 kilo og gevir med 32 taggar er noko av det råaste Bendik G. Momrak (17) har vore med på. (Privat foto)

Ung og ivrig reinsjeger

Ikkje lenge ut i haustens villreinjakt skaut fyresdølen Bendik G. Momrak (17) ein storbukk på 106 kilo og 32 taggar. Sist laurdag felte han rein nummer seks.

– Eg var litt skjelven ein periode, det må eg innrømme. Ikkje barelitt skjelven heller.

Bendik G. Momrak tenkjer tilbake på storbukken med 32 taggar som han skaut i førre månad. 17-åringen har vore interessert i jakt og friluftsliv frå han var bitteliten. Mora Anne Lise Greivstad tok han med på fisketur, og elgjakt blei det saman med faren Jørgen Momrak.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Så har det bare balla på seg, seier Bendik om den aukande interessa.

– Å vere ute i naturen er noko av det moroaste eg veit. Der får eg unike opplevingar, held han fram.

Heilt kanon

Før Bendik gjekk inn i sitt sekstande år og kunne bruke børse, var han med som drivar på elgjakt i tillegg til å sitje på post med faren. I reinsjakta blei det heiturar for å hjelpe å speide etter dyr.

Fyrste fallet for ungguten var ei rype. På rådyrjakt i Rygge datt det fyrste av til no tre rådyr for Bendik.

– Plutseleg blei eg interessert i det meste på fire bein, seier han om lysta til å jakte ulike ville dyreslag.

Som 16-åring kunne Bendik i fjor ha børse på reinsjakt – om ein person på minst 18 år med våpen jakta saman med han. Bendik jaktar i Våmur-Roan villreinområde på totalt 408 000 dekar. Sist vinter kom styret i villreinlaget til at stamma er på rundt 240 rein, etter å ha sett mange av dei gjennom teljing frå helikopter. Det blei både i fjor og i år gjeve ut 80 fellingsløyve i området som i stor grad ligg mellom Nisser og Fyresvatn.

På reinsjakta med børse for Bendik i 2015 blei det funne dyr i Osvassheia. Ungguten skaut ei simle på 41 kilo.

– Det var ei unik oppleving. Eg følte meg som ein ny mann, det var heilt kanon, då var eg glad, seier Bendik om reinsdyrdebuten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleire storbukkar

Seinare på hausten var han med på elgjakt, og felte ein tretaggar og ein piggstut.

– Det var veldig moro. Den eine elgen skaut eg i stålos, den andre i drivjakt. Eg hadde med meg ein vaksen, så alt gjekk etter reglane. Eigentleg har eg visst heile tida kva eg skal gjere i ein skotsituasjon, og så får eg i tillegg god instruksjon av vaksne som er med, seier Bendik.

– Det er ikkje heilt lett å seie kva som var mest moro – felle rein eller elg i fjor, fortset han.

Denne hausten hadde han og ein vaksen jaktkamerat fellingskort på fritt dyr med seg då dei la turen til Fisketjønnåsen ovanfor hyttefeltet på Våmur i Fyresdal.

– Me bestemte oss for å gå dit, for der er det som regel trekkrute for reinen. Plutseleg skvatt det to storbukkar opp framom oss, og tok ut med eit par andre rein på slep, fortel Bendik.

Jegerane fylgde etter og fekk sjå ein flokk på 30 rein.

– Me krabba og sneik oss inn på flokken til me var 100 meter unna han. To bukkar slåst noko veldig, medan den tredje var roleg. Til slutt kom han ut på ei myr. Det blei ei veldig spennande oppleving, seier Bendik.

Grisetungt

Han la nedpå bukken med eitt skot. Vekta var heile 106 kilo, og geviret viste seg å ha 32 taggar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Somme meiner geviret heldt til gull, men det får tida vise. Eg vil få det bedømt, seier Bendik.

– Korleis gjekk det med beringa av kjøtet til bilveg?

– Det var grisetungt, og me bar to gonger. Eg tok med heile hovudet, og skal ha geviret på plate.

– Kva kjensle hadde du etter reinsdyrfallet?

– Det var litt blanda, og eg hadde ikkje tenkt at bukken var så stor. Dette er ei av dei råaste opplevingane eg har vore med på, svarar 17-åringen.

Endeleg klarna det

Noko seinare fekk han låne eit par reinskort.

– Då kunne eg bare peise på vidare.

Saman med ein onkel la han turen opp i Greivstadheia, og jammen var det ikkje ein flokk der også.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me kravla oss innpå ti rein. Etter kvart kom ein kalv utpå ei myr, og då datt han, seier Bendik.

Helga etterpå gjekk turen til Åbogsfjell saman med syskenbarnet Gunnar Momrak. Ved å speide ned til Svarvarvtjønnane oppdaga dei åtte rein. Etter å ha lista seg innpå dei, løyste Gunnar fyrst eitt skot på ei simle, før Bendik fyrte av på same dyret. Like etter felte han ein kalv.

Sist laurdag var mora med opp til Igletjønnuten og vidare inn i Osvassheia.

– Mamma er ikkje så ivrig på å skyte, seier Bendik.

I Osvassheia måtte dei sitje i tåke i to timar og vente på betre vêr.

– Me såg ikkje ein sullamitt, men endeleg klarna det litt. Då oppdaga me ein reinsflokk på ein bergnabbe 200 meter unna. Me sneik oss inn på 80 meters avstand. Eg låg i 20 minuttar utan å kunne få skyte, men så kom det fram ein kalv, seier Bendik om det som skulle vise seg å bli haustens femte reinsfelling for han.

Jaktar på alt

– Har du att fleire fellingskort no?

– Nei. Eg får sjå om eg får tak i fleire, men eg er kanonfornøgd med jakthausten på rein. Eg har hatt veldig hell, alt har klaffa. Eg kan ikkje klage, svarar Bendik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Meir jakt på firbeinte blir det uansett snart.

– Det blir elgjakt, det er heilt klart. Jaktgleda er på topp, ingen kan rokke ved den. Og den gleda vil nok alltid vere der, seier tenåringen.

Bendik har elles ei fuglebikkje han må trene og jakte med.

– Det er moro med fuglejakt også, seier han som har skote 40 fuglar til no.

– Eg likar alle typar jakt, slår 17-åringen fast.

– Jaktar du på jenter også?

Bendik ler litt, så kjem det:

– Dei fleste vil vel påstå det …