Ung skodespelar seglar i medvind
Dei nordnorske avisene har nærast kappast om flest seksarar gjennom hausthalvåret. Det gler ein av aktørane, Anders Gaarder Karterudseter frå Svartdal, som har gjort teaterscena til levebrødet sitt.
Jo, takk, det har vore ein hektisk haust, konstaterer 27-åringen og lener seg attende i den djupe lenestolen på Seljord Hotell, midt i joleinnspurten. Med sentrale roller i moderne teaterstykke som «Sukker Sirkus» og «Stille støy» er det godt å vere på heimleg grunn att og ha ei lang veke med joleferie framom seg.
Sjølv om båe teaterstykka har passert det austnorske publikumet utan større merksemd, har dei blåst vind i segla lenger nord.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei vart svært godt mottekne båe to og innebar omfattande turnear i Nord-Noreg for heile staben vår, fortel Karterudseter oppglødd, og seier det er utruleg moro å ha lagt slike prestasjonar bak seg.
Det er veldig moro å kunne syne til slike omtalar for ettertida, seier frilansskodespelaren som har hatt ulike oppdrag for ei mengde teaterscener dei siste fire åra, med basen sin i Oslo.
Ville bli pilot
Trass i ivrig deltaking i teatergruppa i Flatdal ungdomslag i mange år, var det flypilot Karterudseter eigentleg ville bli. Men interessa for den skapande scenekunsten vart vanskeleg å motstå. Og etter tri år på allmennlinja på Bø Vidaregåande skule vart det tri år på teaterskulen Cantabile i Danmark. Opphaldet gav viktige impulsar for den vidare karrieren hans.
Det var ei kreativ og spennande tid som gav meirsmak til å utvikle sceneevnene ytterlegare og halde fram med teaterproduksjon, fortel Karterudseter og legg til at det er mykje spennande som skjer på teaterfronten.
Mange utdannar seg innanfor teaterfaget for tida og ber med seg ulike kunnskapar og erfaringar som aukar profesjonaliteten innanfor sjangeren, seier han.
Sjølvkritisk
Å gjere hobbyen til levebrød er eit langt steg å ta, meiner skodespelaren.
Ein vert både sjølvkritisk og sjølvransakande, men samstundes er det noko å vekse på, hevdar Karterudseter og presiserer at ein må tåle litt motstand.
I dei fleste kunstnaryrka gjer ein seg veldig synleg, og mange vil nødvendigvis meine mykje om korleis ein uttrykker seg anten det er som biletkunstnar eller skodespelar, seier han. Karterudseter meiner det er ein del av kvardagen ein kunstnar må akseptere å leve med.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ein del av det å vere kunstnar er å kunne stole på det ein gjer og satse litt dristig, konkluderer skodespelaren.
Moderne teater
Det er først og fremst innanfor det moderne teateret Karterudseter finn inspirasjon og meiner han har styrken sin. Dei samtidsaktuelle oppsetta er i større grad prega av rørsler og mimikk enn dei tradisjonelle teaterframsyningane, og svartdølen meiner dette gjer rollene meir dynamiske og utfordrande.
Det er veldig mykje som kan seiast med berre kroppsspråk, seier Karterudseter og demonstrerer ivrig med hendene.
Teater handlar mykje om møte mellom menneske. Det å kunne spele på relasjonen mellom desse er i hovudsak utfordringa, og i samtidsaktuelle teater vert ein vesentleg del av dialogen kommunisert gjennom rørsler og kroppsspråk, seier han.
Favorittskodespelar
27-åringen har blant medspelarane nordpå blitt omtalt som ein favoritt-medspelar på scena. Sjølv synest han det er vanskeleg å kommentere dette. Men etter ei lita stund i tenkeboksen vil han likevel skissere eigenskapar han meiner kan vere positive i arbeidssituasjonen hans.
Eg er god til å møte menneske og dette er nok ein viktig eigenskap i samspel med andre, presiserer han litt smålåten.
Det er ein krevjande prosess å jobbe så tett med andre menneske, samstundes som yrket faktisk går ut på å framstille det livet ein lever, om enn på ein litt annan måte, seier skodespelaren tenksam.
Framtida
Som frilansskodespelar er Anders Gaarder Karterudseter van med hektiske arbeidsveker, så vel som litt rolegare periodar. På nyåret har svartdølen førebels ingen store prosjekt for handa og ser fram til ein roleg start på det nye året.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er sjølvsagt ein litt skremmande tanke, men eg uroar meg ikkje. Det dukkar alltid opp eit eller fleire oppdrag, smiler Karterudseter avslappa før han forsvinn ut døra på hotellet og gjev seg i kast med dei siste joleførebuingane.