Tom Andreas Nørstebø frå Nore og Uvdal (tv.), Håvard Pedersen frå Kragerø, Stine Haug frå Nore og Uvdal, Lars Christian Kåsi Setane frå Drangedal, Ida Eriksen frå Treungen og Åse Mari Lislegård frå Nore og Uvdal var alle einige om at dei hadde det supert på kurs.
Tom Andreas Nørstebø frå Nore og Uvdal (tv.), Håvard Pedersen frå Kragerø, Stine Haug frå Nore og Uvdal, Lars Christian Kåsi Setane frå Drangedal, Ida Eriksen frå Treungen og Åse Mari Lislegård frå Nore og Uvdal var alle einige om at dei hadde det supert på kurs.

Ungdomar i rusfri Fristil

I førre veke var det livleg på Norsjø ungdomssenter på Akkerhaugen. 24 ungdomar frå fleire stader i Telemark var deltakarar på eit kurs om rusførebygging for, av og med ungdom, i regi av Juvente, og førebygging kan vera morosamt.

Skular frå Seljord, Hjartdal, Kragerø, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal og Drangedal hadde frå 29. februar til 1. januar sendt ut elevar frå niandeklasse på Fristil–kurs.

Fristil vert rekna som eit av Noregs mest omfattande rusførebyggjande tiltak som rettar seg mot ungdomsskuleelevar. Det er ungdomsorganisasjonen Juvente som arrangerer Fristil-kursa, og grunnmuren for deira kursverksemd er at unge skal lære opp unge. Dette fordi ein ynskjer å aktivisere og bevisstgjera ungdomar til å påverke andre på same alderstrinn. Kurset består av fire komponentar, der ein i fyrste ledd siktar seg inn mot skular og kommunar, som sender eit par niandeklassingar frå kvar klasse på kurs.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fristil intro

Alle elevane fekk på kurset utdelt kvar sin perm med alt informasjonsmateriell og skrivesaker. I faktatimane vart det til dømes informert i grunnleggande kunnskap om rusgift. Så fekk kursdeltakarane øve seg på kvarandre i å gjennomføre ein liknande time framfor klassa heime. Undervegs fekk dei rettleiing av leiarane.

– Kurset er svært målretta og ein får fram poenga på ein god måte. Ein gjev informasjon om rusgifters verknad på menneske og samfunn, slik at ein får grunnleggjande kunnskap. Elevane får òg hjelp til bruk av stemma og til å lausrive seg i frå teksta slik at dei kan framføre opplegget godt framfor klassekameratane sine. Målet er at ung skal lære opp ung, og det får ein til ved at deltakarane her fortsett med opplæring av andre når dei kjem heim att til klassa si. Slik gjev det positive ringverknader ut i ungdomsmiljøet, seier hovudleiar Rasmus Fredriksen.

Fokus på det sosiale

Fristils visjon er at ein vil skape gode, trygge og spanande ungdomsmiljø, der ungdom får vise at dei kan, tør og vil ta utfordringar, slik at rusgifter dermed vert overflødige.

Programmet ynskjer å gje ungdomane ei oppleving av sosiale situasjonar utan rusmiddel. For å få fokus på kva ein kan finne på utan rusgifter, har ein aktivitetar som fuzzball-turnering, kortspel, teatersport og paneldebatt på kurset. Truleg er ein god dose med humor viktig, for temaet for paneldebatten andre dagen var «ostepop som nytt drivstoffmiddel», der grupper som «sofaslitarane», «Statoil Hydro» og «cheezedolls» skulle debattere over bruk og konsekvens av ostepop-drivstoffet. Dette vart gjort på ungdommanes premiss med livechat på sms frå mobil.

Gjev meirsmak

Leiarane er i same aldersgruppe som deltakarane fordi ein meiner at kommunikasjonen unge seg i mellom verkar meir effektivt. Hovudleiaren på kurset, Rasmus Fredriksen, ville bli leiar i Fristil rett og slett fordi det var morosamt.

– Forskjellen på deltakarane frå den dagen dei kjem inn litt stille og forsagte, til dei reiser glade og fornøgde er rett og slett formidabel. Det er gjevande å vera med på den forandringa. Det er òg morosamt å vera med på desse kursa. Eg byrja fyrst på eit slikt intro kurs som dette, og syntes det var veldig bra. Det førde til at eg vart med på fleire leiarkurs, og til slutt vart eg hovudleiar, seier Rasmus.

Så er det opp til deltakarane å spreie om seg med kunnskap og motivasjon i frå kurset på heimebane. Skal ein tyde stemninga som var i huset, verkar det i alle høve som om kursdeltakarane har hatt det moro.