Ungdommeleg hundreåring: Kviteseid Sanitetslag veit å skjerpe seg i motgang
Heilt sidan skipingsåret 1914 har Kviteseid Sanitetslag stått på for å lindre naud, slåst mot sjukdom og vanhelse og arbeidd for betre helsestell og eit sunnare liv. To gonger på desse hundre åra har sanitetsskuta vore nær havari, men både i 1939 og midt på 1990-talet gjekk kapteinen på brua og berga skuta frå forlis.
Truleg var det jordmora i Kviteseid, Susanne Husstøyl, født i Fyresdal i 1871 som gjorde opptaket til å skipe eit helselag i Sundbygdi. Ein må kunne seie at laget i den fyrste tida i hovudsak var ei affære for «fruene» i den Kviteseidbyen som voks fram som følgje av skipstrafikk, handel og vandel. Ein ser av styreprotokollen (kvart einaste styremøte sidan starten er å finne i arkivet!) at det i dei fyrste åra var rein naudhjelp og pengestøtte til nærande kost og legemidlar som laget løyvde pengar til.
I styret som blei valt på skipingsmøtet den 8. februar, var forutan jordmor Husstøyl, som var formann dei fyrste tre åra, desse med: Hege Lundevall, nestformann, Margrete Botnen, Helga Omland og Tone Raamunddal. Den aller fyrste løyvinga blei gitt på eit styremøte 21. april. Det gjaldt «ei hjelp av upptil kr 15.00» til G.H., og «pengane skal ho etter doktorens raad bruke til styrkemidlar». Årsmeldinga for 1914 fortel om tilskot til medisinar og til opphald på Granlien som den gongen var tuberkulosesanatorium. Verken medlemstal eller økonomi imponerer, men «her er merkje som tyder på at interessa er i auking», skriv jordmor Husstøyl, og årsmeldingane framover fortel at medlemstalet aukar sakte, men sikkert til 34 i 1923 og 54 i 1928. Det same gjer inntektene; etter fem år har laget 2400 kr i banken, og i 1928 er bankinnskotet 6700 kroner.
Artikkelen held fram under annonsen.
1920- og 30-åra var harde for nokon kvar, og helselaget måtte av og til skøyte til der fattigstyret ikkje hadde midlar. «Et pengebidrag stort kr 75 da doktoren har forordnet kraftig og nærende kost for henne og hun ingen hjelp har av noget slag», som det heiter.
Frå å vera eit litt anonymt innslag i bygdelivet dei fyrst 10–15 åra, auka det etter kvart på med utovervende aktivitetar. For å illustrere dette kan vi sjå på årsmeldinga for året 1933, ført i pennen av Gerda Krog, distriktslegekone og leiar for laget gjennom storparten av 1930-talet:
«Helselaget har i året hatt 11 symøter og 9 styremøter. En privat komité arrangerte i mai en fest med skuespill og kurvauktion til inntekt for laget. Dessuten har vi hatt fem lydfilmer og i september en høstbasar. Resten av våre inntekter er innkommet ved gave fra Kviteseid Sparebank, vinmonopolets overskudd, ofring i kirken etc. Vi møtes med elskverdighet og velvilje hos publikum, og enhver yter efter evne så godt de dårlige tider tillater. Interessen er så stor som man med rimelighet kan vente ved siden av alle andre foreninger innen bygden. Vi har ved siden av menighetssøsteren lønnet en ekstra søster til en samlet tid av ca 5 mndr i året foruten litt extra hjelp når det har vært påkrevet. Søstrene har sammen hatt 328 pleiedager, 2 nattvakter, 3 decinfectioner samt 65 visitter.
Stiftar:Susanne Husstøyl (1871-1951) frå Fyresdal var sanitetslagets fyrste formann. I 1939 vart ho utnemnd til æresmedlem. (Privat foto)
Folkebad og tannhelse
På 30-talet fekk helselaget ansvaret for å stå for drifta av folkebadet som blei opna på Moen skule. Anna Lund bleibadekone, og i tilsynet var Johan Landvik, Arne Sundsbarm og Margrete Botnen. Opningsfesten blei halden 3. juni 1934, og på badet kunne ein få både dusj, karbad og badstu. Eit stort framsteg for sunnheitstilstanden i bygda!
Årsmeldinga for 1936 stadfester framgangen: Sunnheitstilstanden er god med unntak av ein del «begynnende struma» og «meget dårlige tender». Tannhelsa blei eit nytt arbeidsområde for laget, og statistikken for skulehelsetenesta i 1937/38 fortel at 26 fyrsteklassingar dette året fekk 150 emaljefyllingar og måtte avstå 24 tenner ved trekning. «At barna går ut av skolen med hele og friske tenner – hva dette har å si for sundheten!» heiter det triumferande i årsmeldinga.
På dette tidspunktet har Brunkeberg og Morgedal fått eigne helselag, og «de har arbeidet godt», står det i årsmeldinga. Men nå er det mørke skyar i horisonten. Frå årsmøtet hos Naadland 1. februar 1938 blir det meldt at det er «kommet misstemning inn i laget», og det blir beramma nytt årsmøte 8. april. Før ein kom så langt, slo konflikten ut i lys lue. Kort sagt: Det var brann i rosenes leir.
Sterke motsetnader
Kva var problemet? For det fyrste: Årskontingenten skulle vera oppgjort og betaltførårsmøtet. Har ikkje det skjedd, har ein ikkje røysterett. Dette var det slurva med i Kviteseid Helselag, og nå meinte sterke representantar at det formelle måtte vera i orden. Å betale årspengar på sjølve årsmøtet held ikkje til røysterett. For det andre: Når formalitetar relativt enkelt burde kunne ordnast, men ikkje blir det, kan ein som regel spore personlege motsetnader mellom viljesterke personar. Slik var det kanskje her også, sjølv om historias slør har lagt eit forsonande skjer over det heile. Konflikten resulterte i alle fall i to årsmeldingar frå to ulike styre. Det blei avisskriving og sterke personåtak, banken fekk brev om kven som kunne ta ut og setje inn pengar, og posten måtte ikkje utlevere post til kven som helst.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det tok eit år før det gjekk hol på byllen og ein kunne reinse såret, dvs koma til forlik. Forliket den 15. november 1938 blei stadfesta på årsmøtet 15. januar 1939, eit møte som styrt av sorenskrivar Ketil Skogen valde den nye jordmora Lovise Sanden til formann. Det var sikkert eit klokt val, jordmor Lovise hadde ikkje vore involvert i striden, blei akseptert av begge partar – og overlet formannsvervet til Randi Bjørnson alt på årsmøtet året etter.
Om ikkje anna – det let til at bølgjene hadde gått så høgt at ringane hadde spreidd seg langs heile vassdraget, slik at medlemstalet fekk eit kraftig oppsving. Årsmeldinga for 1940 fortel om heile 447 medlemer i det på folkemunne mykje omtala helselaget!
Nypeplukking
Krigsåra hemma ikkje aktivitetane nemnande. Laget tok opp eit nytt arbeidsfelt – spebarnkontroll. Distriktslegen var positiv: «Jeg anser spebarnskontroll for å være av betydelig hygienisk betydning for utviklingen av en fremtidig sunn og frisk slekt». Årsmeldinga for 1941 fortel om innkjøp av 25 flasker tran til «servering» i alle skulane i Kviteseid sokn. Skuleungane blei sende ut for å plukke nyper som ved Tønsberg Bryggeri blei behandla til pulver som ungane fekk som vitamintilskot utover våren.
30-årsjubileet i 1944 blei feira med 250 deltakarar, musikk, song og taler. Til jul dette året blei det gjort i stand ikkje mindre enn 700 julepakker som blei delt ut etter trong, også til folk som var evakuert til Kviteseid. Laget var og med på innsamlinga til Nord-Noreg – «våre ulykkelige landsmenn», som det blei skrive i protokollen.
Da freden var eit faktum, står dette å lese i protokollen: «Vårt håb er at den offervilje og interesse og det samhold som har preget laget under de fem krigsårene, også vil fortsette når vi har fått den etterlengtede fred.» Desse orda er ført i pennen av Gjertrud Feilberg som var leiar i tiårsperioden 1941-51 og som sette merke etter seg i protokollen med velformulerte betraktningar. Etter at Kviteseid Helselag i 1947 tok på seg oppgåva med å avvikle krinsmøtet for Telemark NKS på Telemark folkehøgskule, skreiv ho dette:
At det ble så vellykket skyldes i første rekke de vakre omgivelser, det elskverdige og hjelpsomme vertsfolk, og sist, men ikke minst alle helselagets medlemmer som så strålende delte arbeidets byrder mellom seg, så det store arrangementet ble avviklet på en helt igjennom vellykket og knirkefri måte.»
Ei gåve til besvær?
Æresmedlemer:I 1962 fekk laget tre nye æresmedlemer. Frå venstre: Gudrun Rollefstad, Marie Haugestøyl og Anna Lund. (Foto frå arkivet)
Helsa vår:Året er 1985, og 745 eksemplar av helseboka blir delt ut. Frå venstre: Sidsel Lie, Torhild Nyland og Else Welzin. (Foto: Vest-Telemark Blad)
Artikkelen held fram under annonsen.
Setflot:Den gamle plassen ut mot Spjotsodd ligg idyllisk til ved vassdraget. Kristin Jacobsen står for drifta saman med ektefelle Halfdan. (Foto: Tore Skaug)
Det vil føre for langt å skildre lagets mange gjeremål gjennom dei neste 60–70 åra. På inntektssida blei to faste postar spikra fast: Sal av fastelavnsris på ettervinteren og den store basaren om hausten. Men ei storfelt gåve skulle føre med seg mykje arbeid og mange uventa oppgåver. I 1950 blei Granlien tuberkulosesanatorium lagt ned, og eigedomen med hus og hage blei overdrege vederlagsfritt til Kviteseid Helselag (som frå 1964 blei heitande Kviteseid Sanitetslag). Eitt vilkår fylgde gåva: At staden skal halde fram enten som heim for åndssvake eller som rekreasjonsheim for slitne husmødrer. Som kjent valde ein å gjera Granlien til ein heim for psykisk utviklingshemma. Men også dette alternativet blei innhenta av «utviklinga». Dei funksjonshemma skulle «heim» til kvar sin kommune, og Granlien blei «ferieheim» med driftsutgifter som kunne vera tyngande for det lokale sanitetslaget – ikkje minst når brannsikring og andre offentlege pålegg måtte imøtekomast.
Det store ansvarsområdet tæra kanskje på kreftene. Utover mot slutten av 1900-talet blei det færre aktive i laget, og på årsmøtet i 1979 var ingen villig til å ta på seg leiarvervet. Det hjelpte litt at Granlien blei overdrege til fylkeslaget, og i mange år var Torhild Nyland ein driftig leiar i sanitetslaget. Men årsmeldinga for 1993 alarmerte med at «det er uråd å få med yngre krefter». Må laget leggjast ned? Etter 80 års drift? Nei! Kva for metodar som blei nytta, skal ein ikkje gå inn på, men det var ikkje få telefonsamtaler som måtte til før neste årsmelding kunne fortelje:
«Me er i dag veldig optimistiske, for det er ein gjeng med unge som har sagt seg viljuge til å taka over, og det er me svært takksame for. For dei seinste åra har det berre slarka i veg.» Kristin Stray Jacobsen blei ny leiar, og med seg i styret fekk ho desse: Gina Nyland, Marie Kråkenes, Tone Eriksen, Dagny Ruud og Solveig Aabø. Vara: Janne Kåsi, Margrethe Aabø og Astrid Olimstad. Desse og ei handfull andre har sytt for at Kviteseid Sanitetslag fekk nye krefter og har halde koken og vel så det til denne dag!
I dag er det Telemark Krets som eig Granlien med godt over 30 sengeplassar og Setflot – kjøpt då Cappelen kvitta seg med dei gamle plassane i Strauman – med 8 sengeplassar. Ekteparet Kristin og Halfdan Jacobsen har ansvaret for drift og vedlikehald, og Halfdan er også vaktmeister for Øitangen på Jomfruland.
I eit Kviteseid som er så å seie utan overnattingsplassar i den sentrale delen av bygda, framstår Granlien som ei perle og eit strålande alternativ både når det gjeld overnatting og som selskapslokale.
På Granlien blir det halde kurs både for korpsmusikantar og unge folkemusikkutøvarar, her blir det feira såvel bryllaup som årmålsdagar. Men me tek gjerne i mot fleire, seier Kristin Jacobsen, vertinna på Granlien.
I de små ting frihet I de store ting enighet I alle ting kjærlighet.
Artikkelen held fram under annonsen.
(NKS sitt slagord)