Ungdomspris til tokkebuar
«Nokon er alltid dei fyrste som kjem og dei siste som går. Dei tek tak i problem dei ser og gjer noko med dei. Det finst menneske som alltid stiller opp, og som alltid kan sette av litt ekstra tid til andre som treng det», heitte det i grunngjevinga frå juryen i Ungdom & fritid då dei annonserte Tor Øystein Gravdal som vinnar av årets ungdomspris.
Eg er rørt og veldig stolt over å få denne utmerkinga, og eg ynskjer å dele æra med alle borna og ungdomane eg har arbeidd saman med desse åra. Også mine overordna i Tokke kommune fortener heider for at dei har lagt til rette og hatt trua på det me har gjort så langt, seier prisvinnaren, Tor Øystein Gravdal.
Litt tilfeldig
Det heile starta ein fredagskveld for ni år sidan. Tor Øystein har hatt store problem med knea sine gjennom mange år, og det har blitt mange operasjonar. På den tida var han nærast 100 prosent ufør.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg fekk ein telefon med spørsmål om eg kunne hjelpe til på ungdomsklubben på Elvarheim. På grunn av sjukdom var dei heilt i beit med å ha nokon som kunne passe på dei unge, smiler Tor Øystein.
Sidan har han ikkje sett seg tilbake, og i dag er han tilsett i 90 prosent stilling, fordelt med 50 prosent som klubbleiar og 40 prosent som ungdomsmiljøarbeidar.
Det balla i grunn på seg etter kvart, og i 2009 tok eg fagprøva som barne- og ungdomsarbeidar. Prosjektet var å arrangere ein konsert med sjølvaste Vengaboys, der eg måtte gjere alt sjølv, forklarer Tor Øystein.
God kjensle
«Årets vinnar betyr veldig mykje for veldig mange ungdomar. Han har i ei årrekkje vore ein viktig ressursperson for ungdomsmiljøet i Tokke, og er ein trygg og god rollemodell. Han stiller alltid opp når det er behov for han, og viser eit engasjement som går langt utover hans stilling», er litt av grunngjevinga for tildelinga.
Det er ei god kjensle å få ein slik pris. Å vite at alt det ein gjer blir verdsett betyr mykje for meg. Og det er no ein gong slik at det er mykje arbeid som blir gjort utan at det er spesielt synleg, seier ein rørt prisvinnar.
Tor Øystein haustar mange lovord for innsatsen sin blant dei unge både i Tokke og i Vest-Telemark elles. Så det er ingen tvil om at han har fortent utmerkinga.
Streng, men rettvis. Ein medspelar som alltid er der, er berre to av uendeleg mange positive uttaler han får.
Det er viktig for meg å gje ungdomen tillit. Tydeleg kommunikasjon der ein gjer det klart kvar grensa går, er også viktig. Skal ein kome innpå dei unge, må ein vere open, ærleg og tydeleg. Då får du i stor grad det same tilbake, seier Tor Øystein.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han visste ikkje at han var nominert til prisen, og blei derfor svært overraska då han fekk telefon frå Ungdom & Fritid.
Eg må vel nesten seie at eg blei mållaus, og eg innrømmer at eg fekk klump i halsen då eg fekk beskjeden. Eg blei ufatteleg rørt og stolt på same tid. Sjølve utdelinga skjer 30. april framfor Stortinget, men prisen blei annonsert på landstinget til Ungdom & Fritid sist helg, smiler han.
Mange å takke
Tor Øystein legg vekt på godt samarbeid mellom dei forskjellige etatane i kommunen, og han meiner det er heilt avgjerande at det framleis blir lensmannskontor på Dalen.
Me er heilt avhengige av det. Både førebyggjande arbeid og nærleiken til befolkninga er viktige faktorar for eit trygt og godt nærmiljø, seier Tor Øystein.
Han innrømmer at det til tider er mykje å gjere, men gleda ved å møte ungdomen og sjå kva dei får til i lag oppveg mykje av ulempene.
Det som plagar meg mest er at eg sjeldan er heime i helgene. Derfor er det på sin plass å takke kona som blir mykje aleine. Også kollegaene mine fortener ein stor takk, avsluttar den stolte prisvinnaren.
Prisen er på 5.000 kroner som Tor Øystein kan gje til eit valfritt ope fritidstiltak for ungdom, og eit bilete laga i samband med Ungdom & Fritids kunstkonkurranse.
I går kveld blei prisen feira på ungdomsklubbkvelden på Elvarheim på Dalen. Tor Øystein og ungdomane kosa seg med kake og brus.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ungdom & Fritid
Ungdom & Fritid
Demokratisk barne- og ungdomsorganisasjon for brukarar, tilsette og friviljuge i kommunale og kommunalt støtta fritidsklubbar, ungdomshus og liknande tiltak.
Stifta i 1978.
Over 600 fritidsklubbar, ungdomshus, fritidssenter, aktivitetshus og liknande tiltak over heile landet er medlemer i foreininga.