Eivind Skafså
Eivind Skafså

Ungdomssatsing med verdsstjerner og lokale heltar

Ungdomsklubben på Dalen slår på stortromma og inviterer til rusfri fest med nederlandske Vengaboys og lokale E 76 på scena i Tokkehallen i mai.

Det er vel kanskje fleire enn ungdomen som vil ta turen til Dalen tysdag 12. mai. Med låtar som «Boom, boom, boom, boom», «We’re going to Ibiza», «Shalala Lala» og «Uncle John from Jamaica» toppa det nederlandske bandet hitlistene i mange land på slutten av 90- og starten av 2000-talet. Noregsturnéopninga er lagt til Tokkehallen på Dalen der ungdomsmiljøarbeidar Tor Øystein Gravdal inviterer til rusfritt arrangement med Vengaboys og E 76.

Gravdal har hatt mykje å gjere sidan den fyrste kontakten blei etablert i november. Sjølv om han ikkje hadde veldig stor tru på at planane let seg realisere, innsåg han at det var «fyrste mann til mølla»-prinsippet som galdt. Han handla raskt og tok kontakt med managementet i Sony BMG for å sjekke ut saka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilbakemeldingane var positive, det blei til og med avslag i prisen når det var eit rusfritt arrangement. Kommunen var også positive til planane og synest idéen var kjempespennande. Dermed var det grønt ljos for noko av det spenstigaste ungdomsarrangementet som har vore i Vest-Telemark.

No er alt klart. Billettane er ferdig trykt, og Gravdal kan snart puste ut etter ei hektisk tid.

– Eg har sveitta litt den siste tida, ja, medgjev Gravdal.

– Men alle har vore så positive. Raudekrossen, brannvesen, politi og fotballgruppe, ramsar Gravdal opp.

Vengaboys blir i Noreg ei veke og skal også opptre i Tromsø, Bergen, Volda, Oslo og Askim før dei reiser heim til Nederland. Bandet har selt meir enn 20 millionar plater, og er ofte på dei store klubbane i London, New York og Ibiza.

For heile regionen

Han fortel at det rusfrie arrangementet er for alle som vil. Dei som er yngre enn 12 år må ha med foreldre. Kvelden opnar med disco, før dei lokale heltane i E 76 går på scena. Deretter er det meir disco, før nederlendarane i Vengaboys tek over showet.

Arrangementet er ikkje berre for ungdom frå Tokke. Kommunen har vore i kontakt med alle kommunane i Vest-Telemark, og det blir buss frå alle kantar av regionen. Ein føresetnad er at alle kommunar stiller med to vaksne kvar.

Gravdal har god tru på å få selt dei 700 billettane. Han varslar at alle som skal inn på konserten må blåse i alkometer før dei får kome inn i Tokkehallen denne tysdagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ungdomsmiljøarbeidaren håpar arrangementet, som er budsjettert til meir enn 100.000 kroner, vil gå i null. Og om det blir overskot skal kronene gå til liknande arrangement neste år.

– Men då kanskje i ein annan kommune. Eg meiner det er viktig å knyte band mellom ungdom i Vest-Telemark, seier Gravdal.

Populær ungdomsklubb

Ungdomane i ungdomsklubben på Dalen høyrer mykje på Vengaboys, sjølv om gruppa var populære litt før dei sjølve blei musikkinteresserte. Då VTB var innom for ein stemningsrapport sat ikkje songane langt inne.

– Boom, boom, boom, boom, rungar det frå klubbmedlemmene.

– Kva synest de om at Vengaboys kjem til Dalen?

– Bra! Og at me er for unge til å kjenne til Vengaboys er berre tull, meiner ungdomane.

Ungdomsklubben på Dalen er open fire kveldar i veka. På fredagar er det full fart og på det meste har det vore meir enn 60 ungdomar frå 8. klasse og oppover innom.

– Før jol i fjor hadde me 1.000 brukarar i løpet av to månadar, seier Gravdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han er tilsett som klubbleiar og ungdomsmiljøarbeidar i Tokke kommune. Gravdal har vore leiar i sju år. På ungdomsklubben er dei tri vaksne som jobbar.

– Eg har det som plomma i egget eg, smiler Gravdal.

Med aktivitetar som biljard, guitar-hero, data og musikk har dei nok å finne på på kveldstid på Dalen. No har dei også eit konserthøgdepunkt å sjå fram mot.

– Dette blir svært spanande

Kulturkonsulent i Tokke, Borghild Stahl, er spent på korleis arrangementet den 12. mai vil gå. Ho skal sjølv i bryllaup i Oslo helga før, og spørsmålet er om ho tør heim att til den store konserten med Vengaboys.

– Dette blir veldig spanande, kanskje litt for spanande, smiler Stahl.

Ho var sentral i ungdomsklubben i Tokke på 90-talet då det var veldig populært med rusfrie arrangement.

– På den tida var det mange slike arrangement rundt om i fylket. Rett nok var ingen så store som det me satsar på 12. mai, men dette med rusfrie arrangement er noko eg brenn for. No er ynsket mitt at me i Vest-Telemark kan få til minst eitt årleg rusfritt arrangement av ein viss storleik. Kanskje ikkje så stort som å få Vengaboys til Dalen, men likevel ein happening som blir lagt merke til, forklarer Stahl.

Ho ynskjer også at arrangementet kan bli eit spleiselag mellom kommunane i vestfylket.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I samband med konserten 12. mai har me vore i telefonkontakt med ansvarlege i dei andre kommunane i Vest-Telemark og fått positive tilbakemeldingar. Det blir også sendt ut brev til kommunane i desse dagar. Vidare ynskjer me at Vest-Telemarkrådet kan vere med og spleise på denne konserten, seier Borghild Stahl.

– Kor mange kan ein vente til ein slik konsert på ein tysdagskveld?

– Det er alltid vanskeleg å vite, men dei eg har snakka med meiner det fort vekk kan kome 600-700 ungdomar på konserten, seier Stahl.

Ho legg også til at det er samarbeidet mellom politiet, brannetaten, den lokale fotballklubben og Raudekrossen som har gjort arrangementet mogleg.

– Det er moro at så mange er så positive, det gjer arbeidet mykje lettare. Som sagt så er eg veldig fokusert på dette med rusfrie arrangement, og eg håpar verkeleg at konserten blir ein suksess, avsluttar Borghild Stahl.

– Eit fantastisk initiativ

– Å klare å få Vengaboys til Dalen som fyrste stopp på noregsturneen er ikkje mindre enn fantastisk. At det i tillegg skal vere eit rusfritt arrangement, gjer at politiet ser veldig positivt på dette, seier Bjørn Håvard Olsen, lensmann i Tokke.

Klubbleiar og ungdoms- og miljøarbeidar Tor Øystein Gravdal får mykje skryt av lensmannen.

– Gravdal har gjort ein kjempejobb, og me i politiet skal i alle fall gjere vårt til at dette arrangementet skal gå knirkefritt. Me vil vere tilstades og no håpar me foreldra tør å sleppe ungdomen på eit slikt arrangement, seier lensmannen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han er også oppteken av at ungdomen må få opp augo for at dei kan vere med på store arrangement utan å vere påverka av alkohol.

– Med ein storslått konsert som dette blir, håpar me å bevisstgjere dei unge om at ein absolutt kan ha det moro utan rus, avsluttar Olsen.