Barnekoret i Seljord song Torbjørn Egners klassikar «I bakvendtland» framfor publikum i storsalen på Granvin kulturhus på kulturskulekonserten måndag.
Barnekoret i Seljord song Torbjørn Egners klassikar «I bakvendtland» framfor publikum i storsalen på Granvin kulturhus på kulturskulekonserten måndag.

Unge musikarar på scenen

Barn og ungdomar i kulturskulen i Seljord viste fram sine talent på akustisk konsert måndag.

Storsalen på Granvin kulturhus gav plass til stolte foreldre og familie då barn og ungdom frå kulturskulen i Seljord viste fram sine kunster på den akustiske vårkonserten. Framsyninga opna majestetisk med «The trumpet shall sound» av Händel med messingblåsarane Gjertrud R. Rue, Renske Stel, Julie Nilsen og Elin Reinstaul under leiing av Gunn Stenstad, før det bar vidare i programmet med song, duettar, strykarar, piano og gitar. Totalt var det 20 innslag på konserten som blei avslutta med eit flott fellesnummer til ære for våren, «Kom mai du skjønne milde».

Sjå fleire bilete frå konserten her.