Unge prosjekt hjelper barn
Barn hjelper barn. Elevane ved Tokke skule hadde tysdag ein solidaritetsdag med aktivitetar og sal. Inntektene går uavkorta til prosjekt i Mgeta i Tanzania.
– Det handlar om å bry seg om kvarandre. Alt som kjem inn i dag vil i sin heilskap gå til prosjekt i Mgetafjella i Tanzania. Me hadde solidaritetsdag i fjor og då fekk me inn nok pengar til å kjøpe solcellepanel til ein internatskule for 50 jenter i området, forklarer lærar Venke Bakke, som også er ansvarleg for solidaritetsdagen.
Aids-generasjonen er borte
Bakke var sjølv til Tanzania i 2014. Ho var saman med mannen sin og Torunn og Herfinn Haugsevje, tidlegare lærarar ved Tokke skule. Det var svogeren til Torunn som inviterte dei med. Han hadde vore i området fleire gonger, og sett kva det var mest behov for.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Tanzania, som ligg på den afrikanske austkysten, har om lag 50 millionar innbyggjarar. 60 prosent er under 16 år. Det er konsekvensen av aids-epidemien i landet. Aids-generasjonen er borte. I Mgeta-området bur det om lag to millionar menneske, forklarer Bakke.
Drøymer om skulegang
Ho fortel at folk i området, som ligg 1600 til 1700 meter over havet, stort sett livnærer seg av landbruk. Men ikkje landbruk slik me i Noreg tenkjer.
– Det er meir som små kjøkkenhagar å rekne, seier ho.
Då dei vitja området opplevde dei at barna fremja sterke ynske om å gå på skule. Ikkje alle hadde høve til det. For nokon var det eit økonomisk spørsmål, for andre var det praktiske utfordringar som at dei måtte ta vare på familien sin som var til hinder.
– Barna der nede drøymer om å gå på skule, og dei vil så gjerne gjere Tanzania til eit betre land å bu i, seier Bakke.
I tillegg er det ofte vanskar med elektrisiteten i området. Straumnettet er ustabilt og manglande straum og ljos gjer at elevane ikkje får gjort leksene sine. Dei som ynskjer å gå på skulen kan berre vere der i dagsljoset.
– Med solcellepanel kan me bokstaveleg talt lyse opp kvardagen, forklarer Bakke.
Trongt nålauge
Skulane er også svært dårleg ustyrt med bøker og alt av materiell. For at elevane skal kome vidare til neste nivå, eller klasse som me er vande med i Noreg, må dei gjennomføre ein test. Og det nålauget er trongt – ufatteleg trongt.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me snakkar vel nærast om promille. Det seier seg sjølv at dersom dei ikkje kan gjere leksene sine, så blir det vanskeleg å gjennomføre skulearbeidet på ein god måte, seier Torunn Haugsevje.
Ho og mannen Herfinn var også på solidaritetsdagen.
– Erling, svogeren min, hadde med seg pengar ned til Mgeta. For summen blei det sett opp eit internat til 50 jenter. Internatet står ferdig no, og pengane frå fjorårets solidaritetsdag gjekk altså til solcellepanel på internatet og skulen. Tokke bygdekvinnelag har også sendt pengar nedover, og dei gjekk til innkjøp av vasstank, forklarer ho.
– Det er regnvatn som blir teke vare på, legg Bakke til.
Geiter
I tillegg blir også noko av midlane som blir sendt nedover bruka til å kjøpe geiter. Frå geita får dei mjølk, og dei lagar mellom anna yoghurt.
– Me har gjeve nokre geiter til skular der nede. Også foreldrelause barn har fått geiter. Det betyr at dei får litt meir å rutte med, seier Bakke.
Det har også blitt sendt nedover norske geiter som har blitt para med afrikanske geiter. Det har gjeve gode resultat.
– Dei norske geitene produserer etter måten mykje mjølk, medan dei afrikanske geitene er svært motstandsdyktige. Kombinasjonen gjev produktive geiter, forklarer Bakke.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ved å selje produkt frå geitemjølka kan den enkelte tene om lag 60 kroner i månaden, legg Haugsevje til.
God læring
Bakke meiner det er viktig at elevane ved Tokke skule får grundig informasjon om kva pengane dei samlar inn går til. Aller helst ynskjer ho at eit par elevar kunne teke turen til Mgeta.
– Det hadde vore fantastisk. Me får sjå kva det blir til. Eg meiner denne solidaritetsdagen er viktig for elevane. Dei ser at me kan bidra til å betre forholda i Mgeta. Me kan investere tid og tankar, og lage ting som faktisk gjer at samfunnet der nede endrar seg som fylgje av det. Det må vere god læring, forklarer Bakke.
Produktive elevar
Elevane har i haust laga mange forskjellige ting som dei selde på solidaritetsdagen. I tillegg har det lokale næringslivet bidrege.
– Me har mellom anna laga ostefjøler som me sel, seier Jon Espolin Grøstad og Unni Elise Timland Lio, båe femteklassingar.
Andre hadde laga puslespel, tennbrikettar, ljos, nøringsved, sitjeunderlag og havreflarn for å nemne noko av mangfaldet.
I tillegg var det høve til å vere med på diverse konkurransar, mot betaling sjølvsagt, og det var tilbod om andletsmåling og fletting.
– Me må berre takke alle som har bidrege. Så er det opp til oss å verkeleggjere ynsket frå dei unge i Mgeta-området om å gå på skule og gjere landet til ein betre plass gjennom bidraget som elevane og skulen i heilskap gjev, avsluttar Venke Bakke.