Få kan måle seg med 18 år gamle Herman Stene frå Larvik. Laurdag viste skataren seg fram i Rauland.
Få kan måle seg med 18 år gamle Herman Stene frå Larvik. Laurdag viste skataren seg fram i Rauland.

Unikt skatehotell

Laurdag blei Camp Vierli opna med eit forrykande fyrverkeri og kunstar på skateboard. Til våren står også den utandørs skateparken klar, og det som tidlegare var Austbø hotell vil vere unikt i verda.

Gamle ærverdige Austbø hotell heiter no Camp Vierli. Hotellet er blitt eit ungdomsparadis. Verdas fyrste skatehotell har vore ope sidan slutten av november, men den offisielle opninga fann stad laurdag, som eit skikkeleg punktum etter ein fantastisk dag med det tredje Swag slopestyle-arrangementet i terrengparken ei mil unna hotellet.

Hotellsjef Malene Gundlach seier dei har hatt godt besøk i alle helgene sidan opninga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me rettar oss mot dei yngre. Skaterar, snowboardarar og dei som køyrer twintip. Det skal vere enkelt og rimeleg, seier ho om hotellet som har totalt 32 rom.

Heile verda som målgruppe

Hotellet er lagt opp på premissane til dei unge, med mellom anna komfortable stolar, video- og redigeringsrom, og ein kan rulle både inn og ut på skateboard. Tilknytt hotellet er også ein skatehall på 150 kvadratmeter.

– Skatehallen blir brukt tidleg og seint. Han er også populær blant bygdeungdom, seier Gundlach.

– Kven er målgruppa?

– Leikeplassen er for heile verda, seier ho, og smiler.

I mai står ein 800 kvadratmeter stor utandørs skatepark klar.

– Det blir det råaste av det råe, uttala Terje Skaug frå Vierli Swag terrengpark på opninga av Camp Vierli.

Skataren Henning Braaten har vore med å designa skateparten. Han representerer Element skateboard som har vore med å sponse parken. Braaten uttala at dei er opptekne av å ha skateparkar i naturen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ut av byen, opp på fjellet. Dette er midt i blinken, sa Braaten.

Einaste i verda

Han varsla åtte campveker til sommaren. Kvar av dei med 35 plassar. Om vinteren blir hotellet kombinert med aktivitetar i terrengparken.

– Det finst ein skatecamp i USA, og ein i Spania. Men denne er den einaste med eige hotell, sa han.

Etter eit spektakulært fyrverkeri, champagne og helsingar, var tida inne for å vise fram skatehallen. Noregsmeister Herman Stene var blant dei som viste fram kunstane sine. Festkvelden blei avslutta med X-games direkte på storskjerm i TV-stova.