Uroa over at millionane rullar ut
Manglande samlokalisering av dei bustadane i Åmot som treng nattevakt, var hovudårsaka til at Vinje heimetenester fekk eit overforbruk på 3,3 millionar kroner i 2008. Halvor Midtveit, leiar i det kommunale eldrerådet i kommunen, etterlyser no klare signal til politikarane om korleis desse einingane kan samlast for å spare pengar. Eg oppmodar ordførar Arne Vinje til å gripe tak i saka, og syte for at politikarane får alle opplysningar på bordet for å gjere eit vedtak. Framover må driftsutgiftene reduserast, meiner Halvor Midtveit.
Halvor Midtveit fortel at han har vore på fleire seminar og møte i Vinje kommunes regi der tema har vore helse- og eldreomsorg. Mykje dreidde seg om å gje best mogleg tenester for dei som trengte det.
Det kom aldri fram kostnaden med den ordninga som har vore i fleire år. Pengar vart ikkje nemnt. Både som leiar i eldrerådet og av kontrollutvalet reagerte eg då årsmelding og rekneskap for 2008 synte at Vinje heimetenester hadde eit meirforbruk på 3,3 millionar kroner i høve til budsjettet. Ja, eg byrja verte uroa over kva dette kunne føre til, seier Midtveit.
Artikkelen held fram under annonsen.
I fylgje Halvor Midtveit har Vinje heimetenester fire-fem plassar spreidd kring i Åmot som krev anten aktiv (vaken) eller kvilande nattevakt. Heimetenestesjef Alv Dag Brandal opplyste i ein e-post til Halvor Midtveit 30. juli i år at årskostnaden for aktiv nattevakt på ein stad er 1,2 millionar kroner inkludert sosiale utgifter, medan kostnadane til ein kvilande er 740.000 kroner på kvar av dei tri stadane dette trengst. Totalt kom desse kostnadane opp i 3,42 millionar kroner i 2008.
I e-posten nemner Brandal elles at vanskar med å rekruttere til faste stillingar og liten tilgang på vikarar gjer at avdeling for funksjonshemma i år må nytte dei fast tilsette for å dekke hol på vaktlista. Ekstrakostnaden for denne overtida er i tillegg rekna til vel 1,5 millionar kroner i 2009, fortel Midtveit.
Teikningar i skuffen
Han er svært kritisk til at Vinje kommune fekk laga teikningar til ei samlokalisering av omsorgstenestene i Åmot. 10. september 2007 har arkitekten signert teikningane. I fylgje Midtveit vart desse teikningane aldri lagt fram som sak for politikarane og opplysningar om kva denne samlokaliseringa kunne ha ført til av reduserte driftsutgifter utan at tilbodet til brukarane vart redusert.
I alle høve har det ikkje vore lagt fram på ein måte som politikarane har skjønt. Det er ordførarens ansvar at ei sak er ordentleg utgreidd, slik at politikarane mellom anna veit prislappen, hevdar Midtveit.
Overforbruk utan inngrep
Han seier at det berre er ein kommune som Vinje med solid kraftøkonomi som kan tillate seg å godta overforbruk i millionklassa utan at det vert gripe inn for å sjå om der finst kostnadar som kan reduserast ved den samlokaliseringa Midtveit nemnde.
Men på kommunestyremøtet i juni fekk heimetenestene nulla ut overforbruket eller underskotet i 2008. Var du skeptisk til politikaranes avgjerd?
Nei, det var heilt nødvendig å nulle ut overforbruket. Viss heimetenestene skulle dra underskotet med seg inn i årets budsjett, ville heile sektoren vorte rasert. Men kvifor var dette nødvendig? Jau, fordi mange har sove i timen, meiner Midtveit.
Han rosar den nye heimetenestsjefen Alv Dag Brandal for å ha gripe tak i dei store kostnadane med manglande samlokalisering av dei som treng nattevakt. Sentralt i den kommunale administrasjonen meiner Halvor Midtveit dei ikkje har styring.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ordføraren må gripe inn
No når ordføraren er tilbake etter fem veker samanhengande ferie vil eg utfordre han til å gripe tak i denne saka, og syte for at politikarane får alle opplysningar slik at det kan gjerast eit vedtak som kan redusere driftsutgiftene framover. Det er heilt uakseptabelt å ende opp med liknande overskridingar i 2009 som i fjor, poengterer Midtveit.
Kan overskridingane skuldast underbudsjettering frå politikaranes side?
Slett ikkje. Her dreiar det seg ikkje om underbudsjettering, men måten pengane vert brukte på. Sektoren brukar enormt med pengar, meiner Halvor Midtveit.
Arkitektteikningane frå 2007 vart som nemnt aldri lagt fram for politisk handsaming. I fylgje Midtveit meiner han ordførar Arne Vinje burde sytt for at teikningane kom til politikarane saman med ein kostnadsplan og ei saksutgreiing som argumenterte for realisering av denne samlokaliseringa i Åmot.
Slik administrasjonen og ordføraren har handtert denne saka, vil eg hevda det er vanstyre og ikkje noko anna. Vinje kommune kan ikkje berre leve av å ta imot prisar og all slags utmerkingar. Leiinga må gripe tak i sakene, og ordføraren må syte for å få orden slik at me slepp desse store utgiftene og overskridingane grunna nattevakter spreidd på fleire stader, seier Midtveit.
Nei til Fristadbygget
Du sit som leiar i eldrerådet som nyleg sa nei til framlegget om å få til samlokaliseringa du ynskjer i det nye Fristadbygget. Kvifor vart det nei?
Det er rett at eldrerådet sa nei til denne lokaliseringa. Eg meiner vedtaket vårt er innlysande. Når ein skal lage noko nytt til desse menneska som treng hjelp døgnet rundt, så plasserar ein ikkje dei i andre høgda i eit bygg, sjølv om ein har sprinklaranlegg, heis og trapper. Teikningane ligg føre til betre løysingar i Åmot, så det er berre å «få ut fingeren» og setje i gang, seier Halvor Midtveit.