Usemje om forsking på skulestruktur
Både Tokke og Seljord har politiske vedtak på at ein skal sjå nærare på skulestrukturen. Regionordførar Olav Urbø (Sp) sa i Vest-Telemarkrådet (VTR) tysdag at dette er eit kontroversielt tema med mykje synsing. Difor gav rådet uttrykk for interesse for eit forskingsprosjekt Telemarksforsking inviterer til.
Ordførar Anne-Nora Oma Dahle (Sp) i Nissedal talte varmt for forsking kring skulestruktur i kommunane der ein kan vurdere pedagogiske, samfunnsmessige og økonomiske sider ved ulik skulestruktur.
Skulestruktur er ei heit politisk sak. Difor treng me faktabasert konklusjon. Nissedal har alt kontakt med Telemarksforsking. Eg er overtydd om at me vil ha veldig god nytte av å la forskarane ta ballen vidare, sa ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Også Seljord er i gang med ein debatt om skulestrukturen i kommunen. Ordførar Solveig S. Abrahamsen (H) støtte difor heilhjarta opp om synsmåtane til kollegaen i Nissedal.
Telemarksforsking har kostnadsrekna forskingsprosjektet til 200.000 kroner. Dei ser for seg eit spleiselag mellom regionråda i Telemark, fylkeskommunen og utdanningsdirektoratet. Forskarane ynskjer å sjå på røynslene av endra skulestruktur og kartleggje den pedagogiske kvaliteten på både grendeskular og større skular. I tillegg kjem spørsmålet om grendeskulanes samfunnsmessige rolle utover det direkte skuletilbodet.
Regionordførar Olav Urbø meinte finansieringa av denne forskinga er ei sak som naturleg høyrde heime i Fellesfondet. Neste fondsmøte er 19. mai.
Etterlyser opprydding
Ordførar Arne Vinje (SV) gav uttrykk for at skulestruktur er eit viktig tema også i Vinje kommune. Det er mykje kjensler knytt til diskusjonar kring skulestruktur. I fylgje Arne Vinje står to oppfatningar mot kvarandre; dei som meiner små grendeskular gjev det beste tilbodet, og dei som hevdar at skulane må ha ein viss storleik for i sikre kvaliteten i det pedagogiske tilbodet.
Ei opprydding er difor særdeles viktig. Det kan forskarane hjelpe oss med, meinte Vinje-ordføraren.
Skepsis i Fyresdal
Bjørn Nome (Sp), ordførar i Fyresdal, høyrde til dei som var skeptisk til å seie ja til forskingsframlegget frå Telemarksforsking. Grunngjevinga var at i skulesaker var det så mykje kjensler involvert at det automatisk gjorde forskinga mindre verd.
Men for all del, eg er ikkje i mot ny kunnskap, forsikra Nome.
Rådmann Ketil O. Kiland gjekk endå lenger i sin skepsis til forsking på skulestrukturområdet enn ordføraren sin.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg stillar spørsmål ved nytteverdien av slik forsking. I skulestruktursaker vert alltid folkeaksjonar til sjuande og sist avgjerande for utfallet, meinte Kiland og la til at då hamnar ein som regel med ei vidareføring av det beståande.
Både ordførar og rådmann i Kviteseid, Torstein Tveito og Hans Bakken, slutta seg i hovudtrekk til synet dei to representantane frå Fyresdal målbar.
Regionordføraren fekk sydd i saman eit kompromiss alle kunne einast om der VTR seier seg interessert i forskingsprosjektet, og at forskarane må søke om midlar i Fellesfondet.