Usikkert om Vest-Telemark får redusert arbeidsgjevaravgift
Det blir ikkje avklart før til sommaren om det blir høve til differensiert arbeidsgjevaravgift att i Vest-Telemark. Regjeringa arbeider for å få attende dette distriktspolitiske verkemiddelet. ESA Efta sitt overvåkingsorgan for EØS-avtala avgjerd saka.
Differansiert arbeidsgjevaravgift var i fylgje statssekretær Inge Bartnes i Kommunal- og regionaldepartementet, eit treffsikkert, effektivt og ubyråkratisk distriktspolitisk verkemiddel for å fremje busetting og sysselsetting i utkantane.
EU har opna for at den differensierte arbeidsgjevaravgifta kan bli gjeninnført, men frå Brüssel blir det sett fleire krav. Mellom anna må det i regionen vere mindre enn åtte innbyggjarar per kvadratkilometer.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bartnes seier at i Noreg tilfredsstiller Nord-Noreg og Hedmark og Oppland dette kravet.
Kva med Vest-Telemark?
I denne saka vurderar EU Noreg etter landsdelar eller regionar. Dei nyttar regioninndelinga som Statistisk Sentralbyrå og Eurostat har definert. Her utgjer Telemark ein region saman med Vestfold og Buskerud. Med ei slik inndeling blir folketalet så høgt at eg i dag ikkje kan seie om me lukkast å få dei ni kommunane i Telemark som hadde redusert arbeidsgjevaravgift med på ordninga att, fortel Inge Bartnes.
Noreg meiner kommunane i Vest-Telemark bør ha krav på redusert arbeidsgjevaravgift. Bartnes forklarar det med at folketalet går attende i desse kommunane og at redusert arbeidsgjevaravgift er eit tiltak som kan bremse eller stanse denne utviklinga.
Tilstøytande område
I EU sine reglar om regionale støttetiltak heiter det at redusert arbeidsgjevaravgift kan vere lov i mindre tilstøytande område der ordninga er innført. Difor er det no ein diskusjon om kva som skal vere definert som tilstøytande område, og om Vest-Telemark kan seiast å vere tilstøytande til utkantområde i Oppland og Hedmark, forklarer statssekretæren.
Han seier at regjeringa er oppteken av at det ikkje skal bli ei konkurransevridning mellom utkantkommunar som får løyve til å redusere arbeidsgjevaravgifta og dei kommunane som ikkje får det. Difor varslar han at om kommunane i Vest-Telemark endar utanfor, så vil det bli kompensert med mellom anna direkte bedriftsretta tiltak.
Statsråd Åslaug Haga var torsdag i Brüssel og la fram dei norske synspunkta. Eg vil seie at regjeringa ikkje har gjeve opp at alle kommunar som hadde differensiert arbeidsgjevaravgift, skal få innføre ordninga att frå 1. januar 2007.
Inge Bartnes reknar med at ESA kjem med ei avgjerd i løpet av sommaren etter at Noreg rundt påsketider kjem med ei såkalla notifisering der det norske synet er grunngjeve.
Artikkelen held fram under annonsen.
Gamle ordninga trefte best
Dagleg leiar i Vest-Telemark Næringsutvikling, Henry Mæland, seier i ein kommentar at sjølv om Vest-Telemark no blir tilført betydlege kompensasjonsmidlar RDA-midlar for bortfallet av redusert arbeidsgjevaravgift, så er den gamle ordninga eit mykje meir målretta verkemiddel i distriktspolitikken.
Mæland grunngjev det med at redusert arbeidsgjevaravgift råka lønskostnadene på den einskilde verksemda, medan RDA-midlane ikkje kan bli nytta til lønstilskot. Einaste unntak er at det kan bli løyvd pengar til lærlingordninga.
Dersom det syner seg at Vest-Telemark ikkje får redusert arbeidsgjevaravgift, vonar eg dei kompenserande tilskota me då får blir ei desentralisert ordning. Då kan me lokalt avgjere korleis midla skal bli brukte, og kan gå inn med pengar som ligg til rette for auka lønsemd og konkurransekraft for næringslivet i regionen, seier han.
I fylgje Henry Mæland vil heile Telemark og særleg Vest-Telemark bli svekka dersom me blir set saman med dei folkerike område på det sentrale Austlandet.