Hæge Manheim frå Seljord og Øystein Romtveit frå Vinje har vore med på framsyninga «Den som rulla ette’ golve’». No kan det bli Kina-tur av suksessen på Førdefestivalen.
Hæge Manheim frå Seljord og Øystein Romtveit frå Vinje har vore med på framsyninga «Den som rulla ette’ golve’». No kan det bli Kina-tur av suksessen på Førdefestivalen.

Utanlandsk interesse for bygdedans

Hæge Manheim frå Seljord og Øystein Romtveit frå Vinje har vore med i kjempesuksessen «Den som rulla ette’ golve’» på Førdefestivalen. Norsk presse glimra med sitt fråvær, men utlandet har synt interesse for framsyninga.

Tri dagar etter premièren fekk produsentane spørsmål frå den norske kulturattachéen i Kina om det kunne vera interessant å kome til Beijing med framsyninga.

– Det er kjempemoro å få ein slik førespurnad så kort tid etter framsyninga, men det er langt fram til ein Kina-tur, seier Hæge Manheim og understrekar at det ikkje er konkrete planar enno.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prioriterte Quart

Interessa frå utlandet kjem trass i for lita merksemd frå norske media.

– Dei prioriterte Quart-festivalen og skandalar og hadde ikkje eit ord om Førdefestivalen. Det er litt merkeleg når me no har fått førespurnad frå utlandet, meiner Manheim.

Ho var medprodusent og skodespelar i «Den som rulla ette’ golve’» som hadde première på Førdefestivalen i byrjinga av juli.

– «Den som rulla ette’ golve’» set fokus på den norske bygdedansen. Framsyning er dramatisk oppbygd og handlar om korleis ein kan leva ut dei fleste sidene av livet gjennom dansen. Skjemt, alvor, erotikk og moro er alle viktige ingrediensar. Men me var klare på at dette ikkje skulle bli noko folklore-framsyning, så me kutta ut bunadane og gjorde det så tidlaust som mogleg, seier Manheim.

Noregsturné

Med seg frå Vest-Telemark hadde ho spelemannen og folkedansaren Øystein Romtveit frå Vinje, handplukka av Manheim sjølv.

– Eg fekk høve til å velje kven eg ville frå Telemark, og då var valet enkelt. Øystein er ein god spelemann, ein god dansar og ein stor gjøglar, kyter Manheim.

Det var i alt 12 utøvarar frå heile landet med i framsyninga som fekk ståande applaus i Førde. No håpar Manheim på Noregsturné.

– Det hadde vore moro. Me har arbeidd hardt og resultatet blei storvegs. Eg vil seia dette er det mest vellukka eg har vore med på i ei folkedansframsyning, seier Hæge Manheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men for at dei skal få reise land og strand må det stønad til.

– Det kjem mykje an på kor fort kultur-byråkratiet jobbar. Men eg håpar på turné til våren, seier ho.

God kritikk

– «Den som rulla ette’ golve’» stod støtt heilt ut, var tittelen i avisa Firda etter premièren. «Her kjem stort dansespel og mektige danseoppvisningar som perler på ei snor, godt samanknytte med treffande og gjerne uventa overgangar», skriv meldaren i Firda.

– Det einaste eg har å utsetje på kritikken er at det står at det er fortidas bruksmusikk. Det er feil, me vil vise at dette er musikk me brukar no, seier Manheim.

Saman med prosjektleiar Martin Myhr byrja ho planlegginga av framsyninga i februar. I mai kom også Mett Brantzeg, teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater, med. Dei siste fem dagane før premiera var intensiteten høg for å få alt klart til festivalen. Men det gjekk godt og tilbakemeldingane har vore positive.