Utbygging av E 134

█ I 9 år har lokalpolitisk makt og AS Haukeliveg vore i mot overnasjonale interesser for utbygging av E 134 i samsvar med Haukelivegens venner sitt ekspressvegalternativ.

Med ny regjering er dette problemet løyst, og regjeringa vil bygge ut E 134 mellom landet sine to største byar Oslo og Bergen med fire felts motorveg og veglengda redusert til 38 mil. Dette vert noko av det beste, største og verdifullaste som kan hende landet vårt i overskuleg framtid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er grunn til å takke alle som har stridd for saka desse 9 lange år: Hjarteleg takk!

Sveinung Skinnarland Geir Midtbø Leena S. Godal Kolbjørn Nymoen