Med kuttforslaga til posisjonen trur Utdanningsforbundet det igjen kan bli høge tal for spesialundervisning i Nissedal-skulen.
Med kuttforslaga til posisjonen trur Utdanningsforbundet det igjen kan bli høge tal for spesialundervisning i Nissedal-skulen.

Utdanningsforbundet reagerer sterkt på budsjettforslag

I eit høyringssvar går Utdanningsforbundet Nissedal hardt ut mot budsjettopplegget til posisjonspartia Ap og Høgre.

– Nissedal

Ap og Høgre i Nissedal har kome med eit budsjettframlegg som inneheld å fjerne 17,5 årsverk dei neste to åra. Dette kom fram på sist formannskapsmøte, der også einingsleiarane var til stades. Vidare møtte Kari-Anne Nordbø som vara for hovudtillitsvalt i Utdanningsforbundet Nissedal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg opplevde møtet som ei merkeleg førestilling med ei svært uprofesjonell møteleiing. Einingsleiarane er der for å vere tilgjengelege for spørsmål. Frå ordførarstolen får dei direkte over bordet presentert eit alternativt budsjett frå Ap og H med store, dramatiske kutt særleg for barnehage, skule og omsorg. Det blir ikkje sett av tid til at einingsleiarane får kommentere det dei fekk servert i møtet. Det blei stilt nokon spørsmål frå politikarane, og det var det. Einingsleiar for skule kom aldri til ordet. Det er eit paradoks for ein tillitsvalt å oppleve at formannskapet som arbeidsgjevar behandlar sine tilsette slik, seier Nordbø.

Ho spør seg om kvar dialogen, samhandlinga og tilliten til dei som har brukt hausten på å førebu budsjettet er.

– Det er eine og aleine møteleiinga sitt ansvar å legge opp til at alle får gode vilkår i eit møte. Som vara for hovudtillitsvald er eg svært bekymra for tilsette i barnehagen og skule når det skal kuttast over fire årsverk i barnehagen og to heile lærarstillingar. I tillegg skal det kuttast over fem stillingar i omsorg. Det er altså barn, unge og gamle som skal betale «festen», seier Nordbø.

– Utan å vite konsekvensane

Etter formannskapsmøtet har Utdanningsforbundet Nissedal, med leiar og hovudtillitsvald Leif Arild Sanden i spissen, sendt eit klart høyringssvar: – Utdanningsforbundet reagerer sterkt på måten posisjonens kuttframlegg blei presentert på. Posisjonen vel å legge kuttframlegga i bordet utan noko som helst førebuing til tillitsvalde, og så vidt ein veit, til fagpersonane i administrasjonen. Formannskapet kan velje å kaste haustens budsjettarbeid på båten på denne måten – men er det fornuftig, respektfullt og ansvarleg?

Utdanningsforbundet meiner det blir endå mindre ansvarleg når formannskapet bare i svært liten grad finn grunn til å spørje administrasjonen og einingsleiarane korleis dei ser på kuttframlegga.

– Posisjonen kom med eit heilt nytt budsjettframlegg så å seie utan å vite konsekvensane av kutta. Vi stiller spørsmål om dette er i samsvar med lovleg god saksgang og sakshandsamingsreglar. Er dette ansvarleg styring, undrar Utdanningsforbundet.

Elles meiner Utdanningsforbundet at både barnehage- og skuleeininga bør vere førebudde på å handsame fleire søknader og tilrådingar om spesialundervisning. Utdanningsforbundet trur at Nissedal-skulen vil kome i same situasjon som før 2011, med svært høge tal for enkeltvedtak og spesialundervisning.

– Ein auke i enkeltvedtak vil føre til auka kostnader og gje mindre fleksibilitet til tilpassa opplæring. Det er kanskje slik politisk nivå vil gje barn og unge opplæringstilbod i Nissedal kommune, undrar Utdanningsforbundet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare meiner forbundet at før det blir gjort kutt i fyrstelina, bør det vurderast moglege innsparingar på leiarnivå i einingane og fellestenestene. Forbundet avsluttar med desse orda etter å ha sett i VTB at ordførar og varaordførar stadfesta at posisjonens framlegg blir vedteke: – Då kan vel både veljarar og politikarar droppe å bruke tid på høyringssvar?

geir.ufs@vtb.no