3 D-arkitektar i Seljord har teikna eit tiltalande og spennande museumsbygg. Prislappen er om lag 70 millionar kroner.
3 D-arkitektar i Seljord har teikna eit tiltalande og spennande museumsbygg. Prislappen er om lag 70 millionar kroner.

Utstillingsopning i nytt bygg i 2012

I løpet av juli startar byggjearbeida ved Vest-Telemark Museum (VTM) i Eidsborg. I mai 2012 vert det utstillingsopning i nybygget.

Museumsdirektør Dag Rorgemoen fortel at anbodspapira no er ute hjå interesserte entreprenørar i heile EU-området. Anbodsopning er sett til 3. juni.

– Byggjestarten må verte i løpet av juli. Det er ein stram tidsplan, men ifylgje konsulentane er han realistisk, forsikrar Rorgemoen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bygging av ny verkstad på 415 kvadratmeter skal vere innflyttingsklar 1. februar neste år. Men alt frå nyttår skal magasinet vere ferdig.

– Kva med sjølve utstillings- og administrasjonsbygget?

– Her dreiar det seg både om 1.400 kvadratmeter nybygg utanom renovering av dagens utstillingsbygg. Her er arealet om lag 1.000 kvadratmeter. Arbeidet vil skje parallelt med bygginga av verkstad og magasin. Me er lova ferdigstilling i november 2011, fortel museumsdirektøren.

Utbygginga i Eidsborg er blant dei største byggjeprosjekta i Vest-Telemark gjennom tidene. Og prislappen er kring 70 millionar kroner.

Etter å ha fjerna utstillingane og lagra gjenstandane på forsvarleg vis i leigde lokale, er museumsbygget no klargjort for renovering. Utflyttinga har vore ein lang og tidkrevjande prosess.

I Morgedal

– Kvar skal dei tilsette jobbe i byggjeperioden?

– Me har stelt i stand kontorplassar på skieventyret i Morgedal. Der er me operative frå komande måndag. No har me mykje arbeid framom oss med mellom anna å planleggje nye utstillingar i nybygget, seier Dag Rorgemoen.

Museet i Eidsborg vil ha tilbod til publikum både i sommar og neste år sjølv om gjenstandsutstillinga ikkje er tilgjengeleg. Stavkyrkja og dei gamle bygningane skal vere opne, og det vert også serveringstilbod i Larsstoga.