Utvida samarbeid om avfall
Nome kommune er på full fart inn i Indre Agder og Telemark Avfallsselskap (IATA). Neste steg på avfallssektoren kan bli å lage eit nytt selskap for å konkurrere om næringsavfall.
Det er kommunane Nissedal, Drangedal og Åmli som eig IATA, renovasjonsselskapet med hovudbase på Langmoen avfallsanlegg i Treungen. Representantskapet, der alle dei tri kommunane har medlemmer, seier samrøystes ja til å ha med Nome kommune i selskapet frå nyttår. Kommunestyra i dei tri kommunane skal ha siste ordet i saka denne månaden. Nome kommune har alt vedteke å slutte seg til IATA.
I dag er det teknisk etat i Nome som administrerer både innsamling av avfall og slam, og driv eit behandlingsanlegg på Stormo i kommunen. Driftsoppgåvene elles er sett bort til private aktørar. Gjenvinningsstasjonar i Ulefoss og Lunde er under etablering. Kommunen meiner renovasjonsproduktet ikkje blir utvikla slik det bør til beste for innbyggjarane og næringslivet i Nome. Derfor blir det sett på nye løysingar. Kommunen har 2.800 hushaldsabonnentar, og blir den klart største eigaren om det blir samansmelting med IATA. Dagens IATA med elleve tilsette tek hand om 3.100 husabonnentar og 2.400 hytter og fritidsbustader.
Artikkelen held fram under annonsen.
Inga endring for innbyggjarane
IATA skal overta fleire anlegg i Nome. Inngangsverdiane på Stormo, gjenvinningsstasjonane og oppsamlingsutstyr er sett til fem millionar kroner. I ein overgangsperiode på tri år får husstandane i Nome ei særskild grunnavgift på 500 kroner i året. Elles skal Nome kommune betale ein inngangsbillett på 234.500 kroner for å bli deleigar i IATA. Selskapet skal, etter forslaget til avtale mellom partane, byggje gjenvinningsstasjon på Stormo for å få best mogleg kostnadseffektiv drift. 2004 blir eit overgangsår, medan IATA skal overta all renovasjonsdrifta i Nome frå 2005.
Dagens abonnentar i IATA får ingen auka utgifter ved at Nome blir med i selskapet. For at ikkje Nissedal, Drangedal og Åmli skal lide når Nome kjem med, blir kommunen køyrt som eige kostnadsobjekt i IATA. Elles skal Nome framleis ta seg av eige avfall om kommunen blir med i selskapet. Me får ikkje inn ekstra avfall anna enn at det kan bli snakk om drikkekartongar frå Nome. Det vil seie at verken Langmoen eller innbyggjarane i området vil merke noko til endringa, opplyser Bjørn Haugland, dagleg leiar i IATA. Det blir ikkje fleire arbeidsplassar på Langmoen ved at Nome blir medlem.
Ha arbeidsplassane i distriktet
Ei lov om interkommunale selskap gjer at IATA innan nyttår må finne ei ny organisasjonsplattform. Alternativa er å vere aksjeselskap eller interkommunalt selskap (IKS). I lys av dette veit avfallsselskapet at alt som ikkje er hushaldsavfall blir konkurranseutsett frå 1. juli 2004. Representantskapet i IATA konstaterer at næringsavfall gjev arbeidsplassar. Viss ikkje selskapet vel å konkurrere om dette avfallet, blir arbeidsplassar overført til sentrale strøk.
Representantskapet ynskjer å byggje vidare på trenden om at IATA er ein viktig arbeidsplass for heile distriktet. Derfor blir kommunestyra bedne om å gå for ei mogleg løysing der IATA kan etablere eit eige aksjeselskap som skal ta seg av den kommersielle delen med næringsavfallet. I tillegg skal IATA bli eit IKS-selskap som tek primæroppgåvene med å ta vare på hushaldsavfallet og slam frå innbyggjarane. IATA IKS skal ha minst 51 prosent av aksjane i eit eventuelt nytt selskap som skal konkurrere om og drive innsamling og behandling av næringsavfall på forretningsmessig vis.