Utvidar siktinga mot Johnsen
Politiet i Telemark har utvida siktinga mot advokat Stein Birger Johnsen til også å omfatte nye straffbare forhold. Frå før er han sikta for grov økonomisk utruskap og trugsmål. Det står ved lag.
Politiadvokat Gunnstein Bjørgum opplyser til VTB at den nye utvida siktinga gjeld forhold som er avdekka gjennom den etterforskinga som har pågått sidan arrestasjonen av Johnsen i mai.
– Det er forhold som knyter seg til næringsverksemda som har vore driven, men av omsyn til den vidare etterforskinga kan eg ikkje no gå nærare inn på kva dette gjeld og det konkrete innhaldet i siktinga, seier Bjørgum.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fleire til avhøyr
Han opplyser at fleire personar ska avhøyrast om innhaldet i den nye utviklinga i saka. Den utvida siktinga inneber også at ein annan person er blitt sikta, men Bjørgum avslår å opplyse noko om kva siktinga mot vedkomande går ut på og kva relasjon det er mellom Johnsen og denne personen
Politiet i Telemark har framleis høgt trykk på etterforskinga i Johnsen-saka. Han vart sikta og pågripen i mai og sat to dagar i forvaring hjå politiet medan politiet gjennomførde både ransakingar, beslag og avhøyr av fleire vitne. Han vart då sikta for grov økonomisk utruskap på inntil 10 millionar kroner og trugsmål.
Økokrim framleis med
Politiet i Telemark har heile tida hatt hjelp frå Økokrim og frå andre delar av Aust politidistrikt. Talet på slike hjelpesmenn har gått noko opp og ned gjennom det dryge halvåret etterforskinga har pågått For tida er det jamnt over to ekspertar frå Økokrim med i arbeidet.
For ei tid sidan fekk politiet også tilgang til eit omfattande materiale som har vore bandlagd i påvente av gjennomgang ved tingretten i Skien. Det galdt dokument som vart teke med frå advokatkontoret til Johnsen under ransakinga i mai.
Bjørgum opplyser at tingretten plukka ut nokre ytterst få dokument som ein meinte inneheld teiepliktige advokatopplysningar om klientforhold. Resten av det store materialet fekk politiet utlevert. Det var heilt uproblematisk og greitt, ifylgje Bjørgum.
Rauland Invest
Artikkelen held fram under annonsen.
Johnsen etablerte Rauland Invest AS i 2005 med siktemål å bygge ut Holtardalen i Rauland med hytter. Sidan den tid er det bygd mange hundre hytter i området, Det resulterte i at Johnsen fekk tilnamnet «kongen av Holtardalen» og stort gjennomslag i Vinje kommune. Hyttene er bygd av fleire ulike utbyggingsfirma. Fleire av desse har gått konkurs.
Johnsen har hatt fleire partnarar i Rauland Invest, særleg i dei siste åra som har vore prega av ein viss turbulens.
To av utbyggarane som har hatt eit nært forhold til Stein Birger Johnsen, Sjur Fredriksen og Gunnar Ellefsen, har begge gått konkurs med fleire firma. Dei hadde også fleire konkursar bak seg før dei kom til Holtardalen. Begge desse er også under etterforsking av politiet i Telemark i samband med konkursar i selskap som har drive hytteutbygging i Holtardalen. Etterforskinga pågår, opplyser Odd Høiås, leiar for økoteamet hjå politiet i Telemark.
Sjølv er Stein Birger Johnsen nyleg blitt granska av Tilsynsrådet for advokatverksemd. Konklusjonen frå granskinga som vart vedteken i februar, ligg ikkje føre.
«Vinter og vintervedlikehold E134» Ytringar på side 17.