Utviklar kreativitet og venskap med musikal
I april neste år skal jenter frå Vest-Telemark og Liverpool vise resultatet av eit kreativt samarbeidsprosjekt i musikalen «Scousewegian». Døropnaren til satsinga er fotballen.
Det ferske samarbeidsprosjektet «Scousewegan», leia av Clair Newton frå Liverpool, handlar om alt anna enn fotball. Newton har denne forsommaren vore i Vest-Telemark for å starte musikalprosjektet som unge frå regionen skal skape saman med ungdom knytt til Starkidz-programmet på Brunswick ungdomssenter i England. Alt er eit resultat og ein ny satsing via samarbeidet mellom Prosjekt Vest-Telemark (PVT) og dei engelske venene på Brunswick, 23 Foundation og andre organisasjonar i Sefton-området.
– Dette er eit svært spennande samarbeid som det blir morosamt å fylgje, seier leiar av Prosjekt Vest-Telemark, Øyvind Kili.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kultur og kreativitet
Claire Newton vil vere den som skal kople det heile saman, både med kommunikasjon til samarbeidspartnarane i England og jentene som deltek i prosjektet heime i Noreg.
– PVT gjer oss høve til å skape samarbeid om meir enn fotball. Nå skal me kople saman det kulturelle og kreative også, smiler Newton.
Ho fortel at alle aktørane truleg ikkje vil møte kvarandre før i oktober, men at Skype og nettmøte vil gjere sitt til at samarbeidet skal ha framdrift til alle kjem saman.
– I oktober skal ungdomane jobbe tett saman, skape idear, arbeide med tekst, innhald, musikk, kulissar og anna som skal vere med i musikalen. Me har også med fleire musikarar, fortel Newton.
Tett på prosjektet
I august flyttar Newton til Vinje for å arbeide tett på musikalprosjektet saman med jentene lokalt – på same tid som ho vil ha eit tett samarbeid med musikarane og aktørane som er delaktig heime i England.
– Eg vil gjerne ha med lokale musikarar som kan hjelpe oss å utvikle prosjektet vidare på øvingane i Vest-Telemark. Det er bare å melde seg, smiler ho entusiastisk.
Venskap og utvikling
Tidlegare i år gjekk invitasjonen via PVT til alle jenter knytt til fotballprosjektet om å bli med på musikalen.
20 jenter frå Seljord og Vinje melde interesse og dei har hatt dei fyrste møta med Newton. Jentene som skal vere med er mellom 12 og 16 år, og i tillegg til vesttelane vil også nokre ungdommar frå samarbeidsklubben til PVT i Ulvik bli.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Åtte ungdommar i England har også starta å jobbe med korleis dei ynskjer at framsyninga skal bli, seier Newton.
Men korleis tema og innhald i musikalen vil bli er enno vanskeleg for Newton å seie noko om, sidan det er dei unge sjølve som skal vere med å forme, utvikle og skape det kreative og musikalske i framsyninga.
Dyktige musikarar
Dei engelske musikarane som er knytt til prosjektet har erfaring frå å jobbe med liknande prosjekt der barna sjølv er med og utviklar tekst og innhald i ei framsyning.
– Andre helga i august kjem musikarane til Noreg for å halde ein «workshop» med deltakarane her, smiler Newton.
– Dette er på same tid som det blir halde Carragher fotballskule i Seljord – så då kan jentene spele fotball på dagtid og arbeide med musikalen på kveldane, seier Kili.
Imponert
Alt under det fyrste møtet med ungdomane frå Vest-Telemark tidlegare i sommar, fortel Newton om høgt engasjement og kreativitet hos dei unge.
– Eg er imponert over innsatsen så langt – og gler meg verkeleg til å jobbe saman med dei vidare. Alle menneske har ein kreativitet i seg, og dette prosjektet kan opne dører for ungdommane som er med til å skape noko unikt, seier ho.
Newton håpar dei norske jentene skal få til jamnlege møte gjennom hausten og vinteren.
Artikkelen held fram under annonsen.
På scenen i april
I april neste år skal framsyninga vere klar til å vise fram for publikum.
– Me ynskjer at ungdommane skal få vise fram resultatet både i Liverpool og her i Vest-Telemark.
PVT-leiar Kili er klar på at samarbeidet som fyrst blei starta handlar om langt meir enn fotball.
– Med dette kreative prosjektet viser me meir kva for eit samfunnsoppdrag me ynskjer å ha – og få til i framtida. Nå startar me med ungdom frå dei åtte klubbane som er knytt til Prosjekt Vest-Telemark. På sikt håpar eg at dette kan opne for eit større samarbeid mellom alle kulturskulane i regionen og venene våre i England. Det var fotball – nå blir det musikk og kreativitet også. Kva me kan få til i framtida veit me enno ikkje, smiler Kili.