– Eg håpar Tokke kommune no tek kontakt med tidlegare interessentar for å høyre om dei er interesserte i næringsarealet, seier kommunestyrepolitikar i Tokke, Kjell Magne Grave (Ap).
– Eg håpar Tokke kommune no tek kontakt med tidlegare interessentar for å høyre om dei er interesserte i næringsarealet, seier kommunestyrepolitikar i Tokke, Kjell Magne Grave (Ap).

Uvisse rundt Tokkesenteret

Rodney Omdal Karlsen hadde frist på seg fram til 1. mars med å sende politikarane i Tokke ein framdriftsplan for det planlagde Tokkesenteret i Høydalsmo. No er arealet tilgjengeleg for andre.

Då fristen var ute hadde det ikkje kome noko på bordet, og næringsarealet er derfor gjort tilgjengeleg for andre interesserte aktørar.

– Eg har eigentleg ikkje nokon kommentar til dette, men eg kan seie at me framleis jobbar med prosjektet, seier Karlsen til VTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tokke-ordførar Jarand Felland seier at næringsarealet i Høydalsmo no er tilgjengeleg for andre interessentar.

– Me er opne for at andre aktørar kan ta kontakt dersom dei er interesserte i arealet. Karlsen har ikkje lenger fyrsterett, noko han er gjort kjent med, seier Felland.

– Utover det kan eg eigentleg ikkje kommentere noko, legg han til.

Mange utsetjingar

Saka starta heilt tilbake i 2010 då Karlsen og eit par andre søkte Tokke kommune om å kjøpe eller leige det aktuelle næringsarealet i Høydalsmo. Det vart ikkje noko meir av det då, verken frå kommunen eller Karlsens side. Karlsen meinte at han ikkje hadde blitt teken på alvor av Tokke kommune i denne søknaden frå 2010.

I  2016 leverte Karlsen på nytt søknad om arealet, og han presenterte for politikarane skisser og teikningar over korleis han tenkte seg eit Tokkesenter i Høydalsmo. På den tida var det to andre interessentar, i tillegg til Karlsen.

Politikarane gav Karlsen fyrsteretten på arealet, og han fekk då frist til august i 2017 med å setje i gang arbeidet med senteret.

I august 2017 bad Karlsen om utsetjing for planane, noko han fekk fram til 1. desember 2017. Men nok ein søknad om utsetjing nådde kommunen, og Karlsen fekk no fram til 1. mars med å kome med noko meir handfast til politikarane i Tokke kommune.

Stoppfaktor

Arbeidarpartiets Kjell Magne Grave ynskjer at kommunen no går ut og informerer om at arealet er tilgjengeleg, og han meiner også at det kan vere verdt eit forsøk å kontakte tidlegare interessentar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fristen som Karlsen fekk er no ute, og dermed er foten sett ned frå politikarane si side. Det opnar derfor dørene for andre som kan tenkje å etablere seg i Høydalsmo, seier Grave.

– Kan toget ha gått med tanke på at tidlegare interessentar ikkje såg ut til å vere prioritert på same nivå som Karlsen?

– Det kan sjølvsagt hende, men eg ser gjerne at kommunen tek kontakt med dei likevel. No skjer det mykje i Høydalsmo, og når vegarbeidet er ferdig vil det bli veldig bra der, svarar han.  

– Trur du det nokon gong vil kome eit Tokkesenter i Høydalsmo?

– Det har eg trua på, men kanskje i litt anna format enn me har sett planar for til no. Eit bygg med enkel tilkomst vil vere ein stoppfaktor for bilistane, så eg håpar det vil skje. Og eg er ikkje så oppteken av kven som står bak, men skulle nokon lokale vere interesserte er det kanskje det aller beste, avsluttar Grave.

Les meir om planane for Tokkesenteret her (2016),her (2016),her (2016),her (2016),her (2017) og her (2017).