Vaflar, verdsproblem og venskap
Gubbeklubben i Seljord er effektive når utfordringar skal løysast. Over eit par kaffikoppar blir det meste «på stell» kvar fredag på Telebygget.
Det er fredag, og den mykje omtala solformørkinga skjer bak skylaget over Brøløs. Gubbeklubben på Seljord frivilligsentral trekkjer innomhus.
– Me skin like mykje uansett me, smiler Magne Skaret og inviterer til vaflar og kaffi ved langbordet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Praten går lett, og latteren sit endå lettare. Her er òg rom for ein og annan diskusjon, og det er ikkje utenkeleg at det kjem ei og anna skrøne også.
Kvar fredag i eitt år har ein gjeng med karar kome saman inne på Telebygget. Det var Knut Østbø som kom på idéen fyrst.
– I Bø veit eg karane møtest på kafé for å skravle, og eg tenkte at me burde få til dette her også. Eg snakka med Anne Marie Smeland, som er dagleg leiar for frivilligsentralen, og spurte om me kunne finne på noko for gubbar i Seljord også. Slik starta det heile. Her er både seljordingar, morgedølar og kviteseidingar. Og vaflar, kaffi og kandis står på menyen, det syter dei flinke damene for, smiler Østbø som også sit i styret for friviljugsentralen.
– Det ser ut til at det var eit behov for å få til ein møtestad, for her er bestandig godt oppmøte og me har det veldig moro og triveleg, slår han fast.
– Men det er ikkje møteplikt altså, her kjem me om me har tid. Det er mellom 10 og 15 gubbar som treffest kvar fredag, seier Magne Skaret.
Ruth Johansen er godt i gang med vaffelpressa. Lukta av nysteikt bakst spreier seg i rommet. Karane storkosar seg, og det ser det ut til at ho gjer også når ho steller for alle gubbane sine.
På hyttetur
Solformørkinga er sjølvsagt eit aktuelt samtaletema denne dagen. Kristian Torp-Hansen fortel at han minnest solformørkinga som skjedde i 1954. Då var han på hyttetur på Skafså med foreldra sine.
– Me var på hytta, og eg hugsar det var som å slå av ein ljosbrytar. Det blei heilt stilt. Fuglane slutta å synge, minnest han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Andre rundt bordet fortel også om solformørkinga, og at dei brukte negativfilm til å sjå gjennom, eller at det blei stå mørkt inne i stova at dei måtte tenne parafinlampa.
– Eg minnest eg var ute og køyrde lastebil med sjaven, eg. Og det blei mørkt som ei midtsommarnatt. Det var veldig rart, seier Knut Østbø.
Tidleg vår
Vêret er også stadig eit samtaletema på gubbeklubben. Og denne dagen meiner karane at våren kjem tidleg til Seljord i år.
– Sjå, der ligg mest ikkje snø att i fjellet. Men det er store forskjellar, for i Morgedal ligg det enno 80 centimeter, fortel Einar Særsland.
– Det var i alle fall ikkje bart på denne tida i fjor, legg han til.
Men kva kan vere grunnen til at temperaturen vekslar så mykje på ulike årstider?
– I Bø-soga står det at dei pløgde med hest 2. joledag på starten av 1900-talet, og det var vel lenge før hòlet i ozonlaget kom, seier Særsland og dei andre karane rundt bordet er samde med han; det er nok naturleg med svingingar i vêr og temperatur, slik har det vore i alle tider.
Nei til Kiwi, ja til Biltema
Me prøvar å få høyre kva karane meiner om den nye næringshagen og satsing på næring generelt i bygda. Næringshagen er dei positive til og trur det vil bli eit godt tilskot på eit heller så stille Brøløs.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den nye utbygginga nede på Vekan, den er dei meir skeptiske til.
– Det einaste me ikkje treng i Seljord er ein matvarebutikk til. Fyrst frigjorde me sentrum for trafikk, så dette skulle bli meir lagt til rette for handel, og nå flytter me handelen etter. Nei, dette forstår ikkje eg, rister ein av gubbane på hovudet, og diskusjonen er i gang.
– Og kva skal me eigentleg med endå ein matbutikk, det er så merkeleg av Noregsgruppa å satse på endå ein butikk i Seljord. Kiwi i tillegg til alle dei andre verksemdene. Nei, få heller Biltema til å etablere seg der nede, det har me då i det minste bruk for, seier ein av karane bestemt, og ut frå oppslutninga kan me nok slå fast at dette framlegget er så godt som vedteke i gubbeklubben.
Blir enige
Praten går lett og pendelen på den gamle klokka på veggen gjer sitt til at tida går. Brått slår ho tolv slag, karane har gjort unna arbeidet med Mælefjelltunellen, utbetra heile E134 og fått på plass ein stamveg, medan andre vegprosjekt er lagt på is. Det er klart at trafikken må gå forbi Seljord.
– Det som er så kjekt, er at me kan ha tre-fire saker oppe til handsaming parallelt her i gubbeklubben. Og alt blir vedteke, smiler Lars Bjaadal skøyaraktig i det han ryddar på plass kaffikopp og asjett.
Middag og møte
Det er Seljord Røde kors som eig frivilligsentralen som har med seg om lag 45 friviljuge arbeidarar i alderen frå 25 ti 78 år. Dei vil gjerne ha med seg fleire.
Inne på Telebygget er det mykje aktivitet gjennom veka. Her er det mellom anna strikkekafé. Telegrafen kafé tar i mot gjester, og vekas middag blir servert på torsdagar, og av og til blir det arrangert sogevandringar der deltakarane samlast inne på kaféen etter turen.
Lokala blir også nytta til leksehjelp og til ulike møte mellom anna av pensjonistane. Frivilligsentralen driv også bruktbui i dei tidlegare lokala til Seljord elektriske.
Artikkelen held fram under annonsen.
På heimesida skriv Frivilligsentralen at dei skal vere ein støttespelar for gode og levande lokalmiljø, den skal stimulere til auka deltaking av grupper og personar som ikkje nyttar eksisterande tilbod og vere open og inkluderande for alle.
Sentralen skal også bidra til å styrke og koordinere den friviljuge innsatsen i kommunen, og vere eit bindeledd mellom menneske, lag og organisasjonar som ynskjer å yte ein friviljug ubetalt innsats i lokalsamfunnet. Enkelt og greit ein triveleg møtestad slik gubbeklubben er.
Gode hjelparar
– Åh, hòtt vil du ha hjelp til nå, undrar Magne Skaret når Ruth Johansen kjem bort og tar tak i skuldrene hans i det gubbeklubben er i ferd med å avslutte for denne gong. Han er sikker på at nå er det er noko i gjerde.
– Ja, det er ein divan som bør flyttast, då veit de, smiler ho. Og karane er som vanleg ikkje seine om å finne ut korleis dei skal løyse flytteutfordringa. Etter ei lita planlegging er tre av karane i gang med å legge ein plan.
Dei fortel at dei gjerne stiller opp for å hjelpe til i bruktbutikken over gata, om det er noko som må lyftast eller flyttast.
– Me må hjelpe damene som steller så godt med oss, stadfestar Skaret og dei andre karane.