Vågslid leiar i justiskomiteen
Lene Vågslid frå Dalen går inn i ny rolle som justispolitikar.
Vesttelen og stortingsrepresentant Lene Vågslid (Ap) skal halde fram i justiskomiteen også dei neste fire åra. I tillegg til at ho er valt som Ap si justispolitiske talskvinne, er Vågslid innstilt som leiar av justiskomiteen.
– Dette er eit spennande og viktig verv å få, og eg gler meg til å ta fatt på oppgåva, seier Vågslid.
Artikkelen held fram under annonsen.
Som leiar av justiskomiteen får ho ansvaret for å leie forhandlingar og arbeid med komitésaker på Stortinget, og ho skal representere justiskomiteen utetter.