Valdeltaking på 2,67 prosent
Av 2.024 røysteføre personar i Seljord prestegjeld tok bare 54 bryet med å delta ved soknerådsvalet.
Sokneråda er slett ikkje berre kaffikokande og kakebakande organ. Mellom anna er dei juridiske eigarar av kyrkja, og soknerådet sine vedtak kan ikkje ankast til nokon annan instans. Det fortel kyrkjeverje i Seljord, Jon Svartdal, som no har hand om stemmeurnene frå dei tri sokna i prestegjeldet.
Representantane til sokneråda blir valde om lag på same måte som ved kommune- og stortingsval. Sitjande råd fungerer som valkomité. Namn på vallistene kan både strykast og kumulerast. Dei seks kandidatane som får flest stemmer blir valde inn i rådet, medan dei neste fem blir varamedlemer.
Artikkelen held fram under annonsen.
Medlemene i soknerådet konstituerer seg sjølve. Dei vel også to representantar til Seljord kyrkjeleg fellesråd, organet som består av to representantar frå kvart av sokna, i tillegg til presten og ordføraren. Sekretær for fellesrådet er kyrkjeverja, som har talerett men ikkje røysterett.
Flatdal sokn
Av sokna i Seljord prestegjeld var Flatdal fyrst ute med val. På valdagen 9. oktober møtte 15 personar fram og røysta. Det tilsvarar 3,96 prosent av dei røysteføre. Desse blei valde til medlemer av Flatdal sokneråd (tal stemmer inkludert kumuleringar og strykingar i parantes): Rannveig Johanna Dalen (17), Kjellaug Westby Abrahamsen (17), Inger Mette Aanderaa (16), Kjellaug Kildal (16), Ottar Eikland (15) og Ole Petter Gustavsen (15). Alle desse er nye i år.
Vara: Bente Veisene Angre (15), Knut Liestøl (14), Astrid Espelid (13), Åsne Haugan (12) og Reidun Tove Silseth (12).
Åmotsdal sokn
Oppslutninga om valet var prosentvis desidert størst i Åmotsdal. På valdagen 16. oktober stemte 4,6 prosent av dei røysteføre; det vil seie 8 av 174. Også her er alle representantane nyvalde. Desse seks fekk flest røyster: Eivind Svinjom (9), Åsmund Skori (9), Gunnar Kleivi (8), Roar Gjessing (8), Elna Kleiv (8) og Wenche Barstad (8).
Vara: Unn Kristin G. Jønnardalen (7), Bjørg Kristine Bottolfsen (7), Lill Oseid Kleivi (7), Inger Elise Nordgarden (7) og Gunhild Dyrland (7).
Seljord sokn
Berre 2,11 prosent av dei som hadde stemmerett ved soknerådsvalet i Seljord møtte fram i kyrkja på valdagen 23. oktober. Av 1.471 røysteføre bruka berre 31 retten sin. Resultatet viste at to personar blei attvalde, Elin Brovig og Inger Lise Nes, resten er nye. Desse seks blei valde: Ingunn Haugland (39 røyster), Elin Brovig (36), Grete Øygarden (36), Ragnar Solheim (34), Inger Lise Nes (33) og Bente Lindvig (31).
Vara: Margit Lofthus (28), Ole Petter Østevik (27), Bergit Telnes (27), Ronde Elvrum Schade (25) og Vigbjørg Nenseter (23).
Ansvar og oppgåver som ligg til soknerådet
I paragraf 9 i kyrkjelova heiter det at: «Menighetsrådet skal ha sin oppmerksomhet henvendt på alt som kan gjøres for å vekke og nære det kristelige liv, særlig at Guds ord blir rikeleg forkynt, syke og døende betjent med det, døpte gis dåpsopplæring, barn og unge samlet om gode formål og legemlig og åndelig hjelp avhjulpet. Menighetsrådet har ansvar for at kirkelig undervisning, diakoni og kirkemusikk innarbeides og utvikles i soknet.»