Valdssak

Ei kvinne i 40-åra frå Vest-Telemark blei måndag køyrd til legevakta med lettare skadar etter å ha blitt slått av kjærasten. Kvinna sprang over til naboen. Politiet blei varsla, og dei pågreip ein mann i 50-åra. Han blei sett i varetekt, og politiet varslar avhøyr i dag. Kvinna vil bli fylgd opp, melder politiet i Telemark.