Valg 2017, demokrativalg

Ytring

Det har vore mykje fokus på innvandring, alt for mykje etter mi meining. Det er kanskje ikkje dei som er den største trusselen mot norske demokratiet. folk har engasjert seg i dette, skrive mykje rart og useriøst på sosiale mediar. Folk har kalla svenskar for dustar, sosialidiotar og eg veit ikkje kva. Dei har også kalla norske politikarar for «Hitler». I dagens samfunn kan eg ikkje med min forstand sjå at nokon av dei norske politikarane er som «Hitler». Dette skremer meg, at Olav Normann er så til dei grader useriøse og meiner at dette er greit. Er det eit slik samfunn me vil ha? Ytringsfriheit vil nok mange meine, men gjeng dette under ytringsfriheit eller mobbing/trakasering? Så vil nok mange hevde at dette må både svenskar og eller norske politikkarar finne seg i sidan dei er offentlege personar, Må dei det? Er det slik at det er greit at det blir skrive så mykje usakeleg og useriøst på sosiale mediar og nettsider sidan me ikkje lenger treng møte folk ansikt til ansikt lenger?

Når dette er sagt så vil eg også ta med at me har ein regjering med ein statsminister og statsråd som etter mi meining aksepterar marsjering av nynasistar i norske gater. Dette er verkeleg ein trussel mot norsk demokrati og verdiar som er bygd opp i etterkrigstida. Skal det bli slik at desse skal få lov til å profilere sin politikk på denne måten, der mange av desse fornektar andre verdenskrig og Holocost. Dette er ikkje bare ein trussel og eit hån mot demokratiet, men det er eitstort hån og trakasering av fredskjemparane som var med under den andre verdenskrig og frigjorde Norge.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette skremer meg meir enn asylsøkarar og innvandrarar. Det er nasistar som har truga Norge, og det er dei som verkeleg trugar Norges demokrati og verdriar når dei får lov til å marsjere og profilere sin politikk. Det hjelper ikkje verken med lønn, jobbar, helsegoder viss desse folka for fortsette.

Så til slutt vil eg bare sei at eg gladeleg betalar min skatt bare eg veit at eg får att goder når eg treng hjelp. Og når det gjeld avgifter og skattar så har dei aldri auka så mykje som under denne regjeringa og det same med byråkratiet.

For meg handlar det om demokrativalg og få bevare det.

Godt valg og så må dei 910000 kome seg ned av gjerdet og stemme.

Unn Breivik