Torunn Hovde Kaasa (Sp) og Sigbjørn Molvik (SV) i ein alvorleg prat under valvaka, då det var klart at ingen av dei blir stortingspolitikarar dei neste fire åra. Korkje Sp-partisekretær Sveinung Leikvoll eller RV-kandidat Ana Lopez fann fram smilet etter kvart som resultata kom.
Torunn Hovde Kaasa (Sp) og Sigbjørn Molvik (SV) i ein alvorleg prat under valvaka, då det var klart at ingen av dei blir stortingspolitikarar dei neste fire åra. Korkje Sp-partisekretær Sveinung Leikvoll eller RV-kandidat Ana Lopez fann fram smilet etter kvart som resultata kom.

Valskred for Arbeidarpartiet og Frp

Arbeidarpartiet og Framstegspartiet vann stortingsvalet i Telemark og kjem på Stortinget med høvesvis tri og to representantar. Etter ei nervepirrande valnatt klarte Høgre og Kari Lise Holmberg å kapre eit utjamningsmandat.

Valnatta var nissedølen Sigvald Oppebøen Hansen, Arbeidarpartiet sin fyrstekandidat, eit einaste stort smil. Tidleg under oppteljinga blei det klart at partiet hans gjorde eit brakval, og at det blei tri mandat frå Telemark.

– Når me no kjem i posisjon, garanterer eg at Arbeidarpartiet kjem til å vere truverdige i vegsakar. Den raud-grøne regjeringa kjem til å auke løyvingane til vegar med ein milliard årleg i ti år. Eg vil stå hardt på for at Telemark skal få rikeleg med midlar til å ruste opp alle dei dårlege vegane, seier Sigvald Oppebøen Hansen til VTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Korleis forklarar du at Arbeidarpartiet gjer eit brakval i Telemark?

– At Arbeidarpartiet har ein framgang på 10,1 prosent i høve til valet for fire år sidan, og får 39,4 prosent av røystene i Telemark, trur eg har fleire årsaker. Regjeringsspørsmålet har vore viktig for mange veljarar. For mange i Vest-Telemark har regjeringa si sentraliseringsline og sultefôring av kommunane gjort at dei ynskjer eit politisk skifte. Dei ser at velferdstilbodet blir svekka og grendeskular slakta, meiner Oppebøen Hansen, som etter ein intens valkamp ikkje har inntrykk av at vanlege menneske skrik etter skattelette.

Ap-framgang i heile fylket

Til liks med resten av Telemark gjekk Arbeidarpartiet fram i alle kommunane i Vest-Telemark. Den samla framgangen gjorde at partiet fekk inn tri representantar frå Telemark.

Terje Lien Aasland frå Skien sikra seg ein plass på Løvebakken. Han var usikker då han kom til valvaka til NRK Østafjells på Borgeåsen i Porsgrunn. Men berre tri kvarter etter at vallokala stengde klokka 20.00, tok Arbeidarpartiet sine toppkandidatar og partistrategar bølja. Gleda og optimismen ville ingen ende ta, medan noverande stortingsrepresentant for SV, Sigbjørn Molvik, ved same bord, ikkje jubla sjølv om han på dette tidspunktet såg ut til å ha fått plass for ein ny fireårsperiode.

Feid av banen

Etter kvart som kvelden gjekk fòr både Molvik, Bror Yngve Rahm frå KrF og Kari Lise Holmberg inn og ut av lista over kven som skulle kapre det siste av i alt fem distriktsmandat frå Telemark. Og då det så som mørkast ut for alle tri, klamra dei seg til det siste halmstrået, nemleg å komme inn på eit utjamningsmandat.

Tidleg på kvelden blei det klart at Arbeidarpartiet fekk tri mandat. Bård Hoksrud frå Framstegspartiet var også sikker på å overta plassen etter John Alvheim. Han varsla at ynsket er ein plass i samferdslekomiteen. Frp opplevde stor framgang i alle kommunane, og ganske snart låg det i lufta at Hoksrud fekk med seg Kåre Fostervoll til Oslo.

Molvik gjekk kvilelaust kring i NRK-lokala, og møtte stadig ut for å ta seg ein røyk og ei pause frå dei elendige valresultata for SV. Men heile tida bar han på vona om at utjamningsmandatet skulle sikre han fire nye år som stortingsrepresentant. Det sama gjorde Kari Lise Holmberg frå Høgre. Hennar politiske liv hang òg i ein tynn tråd. Kampen mellom dei to var så tett at då det blei klart at Holmberg sikra plassen, så hadde ho berre 16 røyster meir enn Molvik. Til slutt vann ho med nokre hundre røyster i høve til SV.

Øydeleggjande statsministerstrid

– Eg trur at statsministerspørsmålet fekk prege valkampen for mykje, og at det ikkje har vore noko styrkje for oss, uttala Kari Lise Holmberg, då ho freista forklare ei tilbakegang for Høgre i Telemark på 5,3 prosent. Eit valresultat på 9,3 prosent er historisk sett elendig for partiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

KrF blei nærast halvert på landsplan. Same tendens såg me tidleg valnatta gjorde seg gjeldande i Telemark. Opptellinga var difor ikkje mange timar gamal før Bror Yngve Rahm innsåg at no må han ut og leite etter anna arbeid enn å representere kristenfolket i nasjonalforsamlinga.

Telemarksbenken

Dei seks på Telemarksbenken komande stortingsperiode vert: Sigvald Oppebøen Hansen, Nissedal, Gunn Olsen, Kragerø og Terje Lien Aasland, Skien, frå Arbeidarpartiet, Bård Hoksrud, Bamle og Kåre Fostervoll frå Porsgrunn frå Framstegspartiet og Kari Lise Holmberg, Skien, frå Høgre.

SP-framgang ikkje nok til stortingsplass

Torunn Hovde Kaasa har den siste månaden vore innom kvar ein avkrok i Telemark i von om å sikre Senterpartiet stortingsplass. Ho vona på utjamningsmandatet, men ganske snart blei det klart at draumen hennar ikkje gjekk i oppfylling.

Senterpartiet fekk 6,9 prosent av røystene i Telemark, og kunne notere seg for ein framgang på 2,0 prosent. I sin eigen heimkommune, Hjartdal, gjorde Hovde Kaasa eit brakval. Ho fekk 30,4 prosent av røystene. Ein framgang på 14,2 prosent i høve til valet i 2001.

I Vest-Telemark kunne ho notere framgang i alle kommunar bortsett frå Fyresdal.

– Er du skuffa?

– Nei, eg kjenner at eg har gjort det eg kunne for at me skulle sikre oss utjamningsmandatatet. Då kan eg ikkje gjere meir. Men det gler meg at Senterpartiet har framgang og har gjort eit godt val. I distrikta har me stadfesta vår solide posisjon, men når partiet ikkje har særleg oppslutnad i dei folkerike Grenlands-kommunane, er det vanskeleg å få eit mandat, sa ho til VTB då valnatta 2005 var i ferd med å gå over i soga.

Hovde Kaasa gledde seg over at Senterpartiet medverka til eit regjeringsskifte – det store målet for heile valkampen. Ho gratulerer Arbeidarpartiet med valsigeren, og vonar me får sjå ein politikk som gjev ei anna og positiv utvikling i distrikta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mindre privatisering, meir midlar til kommunane og meir fellesskap, er viktige verdiar som no blir styrande for politikken. Sjølv sit eg i partiet sitt sentralstyre og vil der få direkte kontakt med både stortingsgruppa og regjeringa. Difor er ikkje Senterpartiet i Telemark utan makt sjølv om eg ikkje fekk meg stortingsplass, sa Hovde Kaasa.