Med eit valteknisk samarbeid i den borgarlege blokken blir Lars Bjaadal fylkesvaraordførar, og den andre av to heiltidspolitikarar i Telemark dei neste fire åra.
Med eit valteknisk samarbeid i den borgarlege blokken blir Lars Bjaadal fylkesvaraordførar, og den andre av to heiltidspolitikarar i Telemark dei neste fire åra.

Valteknisk samarbeid gjev fylkesvaraordførar frå Vest-Telemark

I eit valteknisk samarbeid mellom H, Sp, KrF, V og Frp blir Lars Bjaadal (Sp) fylkesvaraordførar dei neste fire åra.

– Eg veit kva eg gjev meg ut på, men kva det vil innebera veit eg fyrst etter å ha prøva, seier ein nøgd Lars Bjaadal. Han blir frå 8. oktober ein av to heiltidspolitikarar i Telemark.

– Det er gildt å få helsingar frå folk som seier det er på tide at det kjem nokon frå Vest-Telemark i den politiske toppleiinga i fylket. Eg understrekar at eg ikkje kjem i den posisjonen for å kjempe mot Grenland. Men eg synest det er ei god fordeling med fylkesordførar frå Porsgrunn og varaordførar frå Vest-Telemark, seier Bjaadal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Valteknisk samarbeid

Sist fredag blei dei borgarlege partia i det nyvalde fylkestinget samde om å halde fram samarbeidet som har vore dei siste åra. Gunn Marit Helgesen, (H) blir fylkesordførar og Lars Bjaadal fylkesvaraordførar. Dei to partia byter dermed plass i høve til rollene i valperioden som no går ut.

Det var ei viss spenning til kor stort Framstegspartiet ville bli. På meiningsmålingane før valet skåra Frp høgt. I det nye fylkestinget har partiet ni representantar. Høgre og Sp har fire kvar, Kristeleg Folkeparti har tri og Venstre ein.

Lars Bjaadal meiner han ikkje har avvist å samarbeide med Frp.

– Eg uttala at dersom Frp får fleirtal i den borgarlege gruppa, er det uaktuelt å samarbeide med dei. No har dei andre fire partia 12 representantar, og til saman fleirtal i den borgarlege leiren. Dessutan har me ikkje skrive noko «Sem-erklæring». Dette er eit valteknisk samarbeid. Me er ikkje bundne til å røyste for kvarandre i spørsmål me er usamde om. Men me krev av kvarandre at me skal ha eit budsjett i balanse. Det er fundamentet for arbeidet, seier Bjaadal.

Samde med posisjonen

Den borgarlege blokken i fylkestinget er på 21 representantar, medan Ap og SV til saman har 20. Også Arbeidarpartiet og SV ønskte samtaler om eit samarbeid. Bjaadal opplyser at det var naturleg å snakke saman med dei som er i posisjon no før ein gjekk til venstresida. Han vil ikkje seia noko om kva krav dei ulike partia stilte, eller om Frp, som er nesten dobbelt så stort som H og Sp, kravde fylkesordførar- eller varaordførar-ombodet.

– Det er stor aksept for resultatet av tingingane i den borgarlege gruppa, seier han diplomatisk.

Alle delar av fylket

Lars Bjaadal har vore talsmann for distrikts-Telemark. Han vil likevel ikkje koma med noko programerklæring, men viser til Senterpartiets program.

– Eg ser det som mi oppgåve å vera med på å setja heile Telemark på kartet. Eg ser på meg sjølv som representant for eit parti som vil byggje samhandling mellom alle delar av Telemark, også dei delane der næringslivet kjem dårlegast ut. Eg kjem til å halde stort fokus på Øvre Telemark, lovar Bjaadal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han har denne perioden vore leiar i hovudutvalet for kultur og næring i Seljord. Og engasjementet hans på desse områda skal ikkje bli mindre i fylket.

– Me har hatt ein beskjeden auke i kulturbudsjettet dei siste åra. Eg vil halde fram og forsterke denne sida. Eit vidt og folkeleg kultursyn er ein grunnleggjande styrkje å ha med i politikken, seier han.

Frå 30 år i folkehøgskulen

Lars Bjaadal har nyleg fylt 60 år. Vel 30 av dei har han arbeidt i folkehøgskulen, dei siste 23 som rektor ved Seljord folkehøgskule. Han meiner folkehøgskulen er ein god politikarskule.

– Eg er vant med meir enn ein ni-til-fire-jobb. Det trengst i den krevjande rolla eg no går til. Men det er ei spennande utfordring å gå laus på, forsikrar han.

Bjaadal skal ha permisjon frå folkehøgskulen. Kven som tek over som rektor er ikkje avgjort. Og sjølv om Lars Bjaadal av alder kan pensjonere seg når valperioden er ute, reknar han med å koma tilbake til Seljord folkehøgskule.

– Eg håpar eg er full av arbeidslyst også når eg er midt i 60-åra, smiler han.