Vandrar saman og gløymer tida
Vêret har vore varierande, men opplevingane mange og fine for dei som har vandra langs pilegrimsvegen frå Seljord retning Røldal dei siste dagane.
– Torevêr har me ikkje hatt, men det bøtta ned den eine dagen. I dag har me tatt av og på sydvesten, men det har vore heilt greitt, altså, smiler Bergit Kleiv som er ein av deltakarane på årets pilgrimsferd frå Seljord til Røldal.
Tolv var dei då dei starta på reisa frå Seljord førre veke, nå er dei langt over halvvegs og reisefylgjet er redusert til ti på vandringa som totalt er over 180 kilometer.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er vanleg at ei gruppe blir med på heile pilegrimsvandringa, medan andre blir med på enkelte dagsetappar. Flest plar det vere på dei to siste etappane ned til Røldal. Eit år var me 60 stykk på den siste delen, minnest leiar for pilegrimsvegen til Røldal, Ragnvald Christenson.
Han sit og kviler seg etter dagens 23 kilometer lange etappe frå Mjonøy til Edland saman med dei andre deltakarane.
Ynskjer at fleire nyttar vegen
Christenson fortel at pilegrimsvegen frå Seljord til Røldal alt blei lyfta fram og skipa tilbake i 1999, og arbeidet med den gamle ferdselsåra blei rydda og merka med god hjelp frå ulike historielag.
– Me ynskjer at pilegrimsvegen frå Seljord til Røldal skal vere ein levande veg som kan bli bruka heile sommarsesongen av grupper og av individuelle vandrarar. Me ynskjer at bygdefolket skal bruke vegen, og skuleborn og konfirmantar, seier Christenson.
På hyttetrappa sit ein kar som er tilbake på pilegrimsvandring i Vest-Telemark.
– Eg var med for to år sidan og hadde lyst til å gå pilegrimsvegen att – denne gongen fekk eg med fleire vener på turen. Dette er noko aktivt og greitt å gjere på fritida, og det har eit fint innhald, seier Steinar Flom, opphavleg frå Lunde men busett på Kongsberg.
Dei fleste av årets vandrarar har røter i Telemark, sjølv om dei ikkje er busette i fylket lenger.
Møter lokalhistoria
Kvar dag møter reisefylgjet representantar frå dei lokale historielaga som deler av kunnskapen dei sit med.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me får både høyre spennande historier og blir servert nydeleg kake, seier ei av kvinnene. Mimringa tar til om den gode baksten som reisefylgjet fekk både under besøket i Brunkeberg og Grunge kyrkje.
Vått vêr, tørt vêr, dei fleste pilegrimane har med ekstra skotøy, og skoturkarane og avispapir er nyttig i bruk om nettene.
– Gnagsår? undrar me, og rettar blikket mot slitne føter som får lufte seg på trappa på ei av hyttene på Velemoen camping i Edland.
– Neida, ein teipar og tenker førebyggande – då slepp ein gnagsår, er vandrarane samde om.
Mange mil
Fleire av deltakarane fortel at beina var tyngre etter den fjerde og femte etappen enn den sjette – kanskje det rett og slett går seg til. Kanskje kroppen byrjar å bli vand med kilometer på kilometer kvar dag.
Kvar dag etter frukost blir sekken pakka og dagens skotøy valt. Nista er smurt og drikke til turen må dei også syte for at er på plass.
– Og regnponchoen og sydvesten er lett tilgjengeleg, ler reisefylgjet.
Natur, historie og stille
Deltakarane fortel om ulike opplevingar langs vegen, og får inntrykk av at folk lokalt kjenner til at gjestene går pilegrimsvandringa – sidan fleire har ynskt dei god tur vidare til Røldal når dei har møttest.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Kva er dei største opplevingane de har hatt på turen så langt?
– Då me fekk lov til å kome inn og sjå Midtbø, heimen til Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas – det stod ikkje på programmet, så det var ei svært hyggeleg overrasking, seier Astrid Sommerstad.
– Eg synest det er godt å bare gå. Gå i det stille, seier Helge Grøtterud som kjem til hytta etter ein forfriskande dusj.
– Eg er samd i det, det er godt å gå og kjenne at kroppen fungerer. Og eg veit mest ikkje kva dag det er i dag. Det spelar heller inga rolle, smiler Steinar Flom.
Han set stor pris på vandringa, og er glad for at han fekk med fleire vener til å bli med på turen over fjellet til Røldal denne gongen.
– Her kan alle vere med, og deltakarane blir med av ulike grunnar. Folk er med av ulik interesse for religion, historie, lokalhistorie eller om det er naturen som trekkjer, smiler han.
Ynskjer auka aktivitet
Leiar i pilegrimsvegen til Røldal, Ragnvald Christenson, seier det er om lag 40 medlemmer i pilegrimsvegen, og at dei gjerne ynskjer seg fleire.
– Til hausten må me kalle inn til eit møte for å finne ut korleis me skal få fleire medlemmar. Eg skulle ynske at lag og foreiningar hadde nytta dei gamle vegane meir, og me treng å få inn fleire yngre og datakyndige krefter. Til dømes kunne me kanskje fått hjelp til å lage plakatar med informasjon og QR-kodar slik at ein via mobiltelefonen kunne hente meir historisk informasjon langs pilegrimsvegen, seier Christenson og oppmodar dei unge til å melde seg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han ynskjer også å få til eit samarbeid med dei andre pilegrimsvandringane som mellom anna går frå Hovden og frå Vestlandet til Røldal.
– Det hadde vore fint om alle vandringane enda same dagen på eit stort felles pilegrimsseminar i Røldal, seier Christenson.