– Vanleg med endringar
Hos Disney Norge hadde dei fleste teke joleferie då VTB ringte fredag, og det var ingen som kunne svare på korleis dei forheld seg til reaksjonane frå Vest-Telemark, eller om dei hadde tenkt seg heile filmen på vesttelemål i utgangspunktet. Men til dei som har kontakta dei på Facebook, svarar Disney dette:
– Det er heilt korrekt at det er blitt gjort nokre endringar på kva for skodespelarar som til slutt fekk dei norske stemmene i filmen Frost. Ofte når me spelar inn dei norske stemmene til ein trailer lenge før filmen er ferdig, må me dessverre bruke midlertidige stemmer.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er difor du høyrer at enkelte av dialektane har endra seg. Me kan derimot stadfeste at det er mange dialektar representert i filmen som ikkje kjem fram i traileren.