Varaordføraren «arresterte» ordføraren
Det blei fart i varaordførar Geir Christian Enger (KrF) då ordførar Halvor Homme (Ap) sa at Nissedal og Drangedal kunne jobbe for eit felles politikontor – i Drangedal.
Under referatsakene i Nissedal kommunestyre nyleg informerte ordførar Halvor Homme om politireforma.
– Det er heilt krystallklart at politimeistaren ser føre seg å redusere talet på lensmannskontor i Vest-Telemark med i alle fall fire, sa Homme.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han og Fyresdal-ordførar Erik Skjervagen (Ap) har tidlegare i haust sendt høyringsuttale der ein primært ynskjer å behalde lensmannskontora slik dei er i dag.
– Det tok ikkje politimeisteren inn over seg då ho kom med tilrådinga, sa ordføraren.
Så fortsette han:
– Eg har tru på politireforma – at politiet har mykje å gå på. Men om ein får betre politi ved å leggje ned mange lensmannskontor er eg usikker på.
I dag utgjer Nissedal, Drangedal og Kragerø Vestmar politidistrikt. Forslaget til politimeisteren er at Nissedal og Seljord skal leggjast til eitt lensmannskontor i Kviteseid.
– Utruleg dårleg tanke
Homme sa han nyleg hadde blitt kontakta av Drangedal, som lura på om det var mogleg å finne semje for eit felles politikontor der. Ordføraren svara at det høyrdest interessant ut. Då blei det interessant for Geir Christian Enger å kome seg fort opp på talarstolen i kommunestyresalen i Nissedal.
– Det er godt å høyre at ordføraren trur dette skal bli ei god reform, for det er det ikkje veldig mange i politietaten som trur …, opna varaordføraren.
Så såg han mot kommunens øvste folkevalde:
Artikkelen held fram under annonsen.
– Halvor, du veit at eg set pris på deg som ordførar, men akkurat i denne saka synest eg du er veldig passiv. Det er ein utruleg dårleg tanke å leggje eit lensmannskontor til Drangedal i staden for Nissedal, når ein veit at kontoret i Kragerø skal bestå, sa Enger.
Klubba ikkje …
Han opplyste at det er forslag om å leggje ned lensmannskontora i Aust-Agder.
– Då har me eit veldig godt argument i Nissedal om at eit kontor her kan serve over fylkesgrensa nedover. Det er eit mykje betre argument å leggje eit kontor her enn i Drangedal 20 minuttar unna Kragerø politistasjon. Eg håpar du vil ta med deg desse signala, sa varaordføraren medan han såg på ordføraren.
Homme kontra med fylgjande – og eit lite smil på lur:
– Eg klubba deg ikkje fordi då blir det oppfatta som at eg var sur fordi du var litt frekk med meg i starten …
Så minte ordføraren om at referatsaker er til for å informere kommunestyret. Han ville ikkje leggje opp til debatt om politireformsaka no, men seinare skulle kommunestyret sjølvsagt få meine noko i samband med høyringssvaret.
Kome med krav
Anne-Nora Oma Dahle opna med å seie at dette er ei sak som rører, og kom med ei oppmoding:
– Det er no i prosessen me må vere litt tøffe og krevjande, ikkje bare stille opp på premissane politimeistaren leverer oss.
Artikkelen held fram under annonsen.
Like før avrundinga av temaet minte ordføraren om at eit stort fleirtal på Stortinget har bede om politireforma.
– Reforma kjem til å bli gjennomført, slo Homme fast.
Enger fekk høve til nokre avsluttingsord:
– Politimeistaren har ikkje låst seg på antal politikontor, sa KrF-politikaren.
Enger er gift med lensmann Marie Kornmo Enger i Nissedal, til orientering.