Varslar dagbøter for hytteeigarar
Hytter i Rauland som skal vera reine utleigehytter blir bruka som privathytter. No varslar Vinje kommune innskjerping og tvangsmulkt dersom det ikkje blir retta opp i.
Utleigehytter er mangelvare i reiselivsdestinasjonen Rauland. Kommunen vil no slå hardt ned på praksisen der reine utleigehytter og -leilegheiter har blitt selt som private feriebustader. Dette gjeld i to område av Rauland: Leirgravstaulen og området til tidlegare Rauland Feriesenter Eiendom AS. Desse områda er regulert til reine utleigehytter, ikkje såkalla salog tilbakeleige, der eigaren er plikta til å leige ut hytta si deler av året.
Oppryddingsarbeidet starta i fjor sommar, då kommunen sendte brev til hytteeigarane i Rauland feriesenter. Dei fekk då stadfesta at desse fritidsbustadene no var private – noko dei slett ikkje skulle vore.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det blir gjeve ulike forklaringar fra hyttekjøparane om kva som er opplyst i samband med kjøpet, skriv kommunen i sakspapira.
Mellom anna har fleire av dei tidlegare gått ut i Varden og varsla søksmål mot seljar Erling Svalastog fordi dei meiner dei har kjøpt hytte på feil grunnlag: At dei kjøpte hyttene som private, medan dei eigentleg er regulert til reine utleigehytter.
Fire av dei elleve hyttene her er delvis til utleige gjennom eit kommersielt firma.
Ynskjer ikkje å leige ut
I Leirgravstaulen har fire av dei sju hytteeigarane som fekk brev frå kommunen i januar svara.
– Svara fra desse er sa å seie likelydande, og dei opplyser at dei ikkje kjenner til krav om utleige, ikkje har avtale og har ikkje ynskje om utleige, skriv administrasjonen. Kommunen har etter plan- og bygningslova handlingsplikt nar det er avdekka ulovleg bruk.
– Det vil fa alvorlege konsekvensar dersom kommunen ikkje fylgjer opp denne ulovlege bruken sjølv om dette er vanskeleg for dei involverte partane. Bade seljar og meklar har opplysningsplikt, og kjøpar har undersøkingsplikt. Behandlinga og utfallet i denne saka skaper presedens og vil framover vera retningsgjevande for kommunen i tilsvarande og liknande saker, skriv administrasjonen.
Dei fryktar konsekvensane dersom stadig meir utleigekapasitet blir borte.
Varslar tvangsmulkt
Plan- og miljøutvalet får saka på bordet i morgondagens møte. Dei skal då avgjera om dei vil gå for administrasjonens forslag om å gje pålegg om retting – altså at hyttene blir gjort til utleigehytter i løpet av seks veker. Dersom ikkje pålegget blir fylgd, ventar tvangsmulkt for dei det gjeld.