Tonny og Cathrine Tollefsen har ikkje gjeve opp kampen om å få kjøpe Nordskog Nigard som ferieplass.
Tonny og Cathrine Tollefsen har ikkje gjeve opp kampen om å få kjøpe Nordskog Nigard som ferieplass.

Vart skuffa over politisk nei

Medlemmene i styret for service og utvikling sa nei til at kjøparane av Nigard Nordskog og Strømstad skal få eigedomane som ferieplassar. Men saka er ikkje over, seier ein av kjøparane, Tonny Tollefsen.

– Sjølvsagt er me skuffa, men me ser ikkje saka som tapt. Denne saka har tatt lang tid, og me skjønar ikkje kvifor politikarane køyrer over administrasjonen nå, uttala kjøpar av eigedomen Nigard Nordskog, Tonny Tollefsen og kona Cathrine, etter at dei folkevalde i Kviteseid tysdag sa nei til fritak frå buplikta på Nigard Nordskog.

Kjøparane, som har fått tilslaget på 480.000 kroner for eigedomen på 6,5 dekar, sat spente og venta på tilhøyrarbenken då saka var oppe til nok ei handsaming i Kviteseid tysdag. Sidan rådmannens tilråding i saka tala for å gje kjøparane fritak, vona paret at saka endeleg skulle gå mot ei avslutning, og at dei nå kunne gjere ferdig handelen med Cappelen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men turen har ikkje vore nyttelaus. Nå spenner me på oss skia, og går ein tur til Nigard Nordskog i det flotte vintervêret. Ein kan ikkje kome til Kviteseid utan å ta turen innom, seier dei unge kjøparane frå Lier.

Bare for sal

Skogsjefen til Cappelen, Egil Rønning, sat også på tilhøyrarbenken. Han kunne etter vedtaket slå fast at han ikkje vart overraska over den politiske avgjerda.

– Det er ikkje aktuelt å leige vekk dei to eigedomane, så nå blir dei framleis ståande tome til saka er handsama hos Fylkesmannen. For eg reknar med at saka vil bli klaga inn av begge kjøparane. Som det er sagt tidlegare er det bare aktuelt å selje desse eigedomane som fritidsbustadar, leigeavtalar vil ikkje dekkje dei framtidige kostnadane til vedlikehald, påpeikte Rønning.

Ap-framlegg

Sakshandsamar Halvor Fjone oppmoda politikarane til å gå inn for bufritak på begge eigedomane som står att frå salet til Cappelen, men slik ville ikkje dei folkevalde det.

Mari Anne Groven Opsund kom med eit framlegg på vegne av Arbeidarpartiet, som KrF, Venstre og Høgre også sa seg samde i, der dei ikkje ynskte at kjøparane skulle få konsesjon på kjøp av eigedomane som fritidsbustadar. Dei grunngjev dette med at behovet for ein meir aktiv og utvida busetnad er stor i kommunen.

Groven Opsund peika også på at eigedomane ville vere særleg attraktive med høve til å dyrke hagestell og hobbyar som smådyr og hest, noko som vanskeleg let seg gjere i bustadfelt. Begge framlegga vart samrøystes vedtekne, og difor er det nå opp til Fylkesmannen å handsame om kjøparane av Strømstad og Nigard Nordskog skal få ferieplassane sine i Kviteseid, viss dei klagar inn sakene, noko dei truleg gjer.