Arthur Johan Bjørdal (t.v.) og Sindre Aam (t.h.) gav alt torsdagskvelden då Vassendgutane var tilbake på Treungenfestivalen for tredje gong.
Arthur Johan Bjørdal (t.v.) og Sindre Aam (t.h.) gav alt torsdagskvelden då Vassendgutane var tilbake på Treungenfestivalen for tredje gong.

Vassa etter «gutane»

Trass i eit vanvittig regnvêr i timevis torsdag møtte det mykje folk framom scena på Treungenfestivalen. Heile 4.000 fekk med seg Vassendgutane.

– Det er heilt vilt, dette hadde eg ikkje venta, seier Jørgen Solberg, sjef for Treungenfestivalen når VTB møter han onsdag kveld.

For å yte service for festivaldeltakarane som kom før arrangementet starta, blei campingen opna onsdagen. Solberg hadde venta at 50-100 personar ville nytte tilbodet, men så rausa det inn 400 totalt. Dermed måtte det på plass 4 nattevakter. I tillegg gjorde regnet at ein måtte køyre på 30 lass med grus slik at doningane kunne kome fram i campingområdet. Torsdag blei festivalcampen full, og ein måtte då opne eit område på grusbanen ved idrettsanlegget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trass i eit vanvittig regnvêr fortel Solberg at torsdagen gjekk bra.

– Uvêret gjer nok at me mistar ti prosent av dagsbesøket i dag, men eg reknar med rundt 4.000 innafor portane i løpet av kvelden, seier Solberg før sjølvaste Vassendgutane skal trå til. Oppteljinga i går viste at Solberg fekk rett om besøkstalet.

Dei rette rammene

Vassendgutane har i år valt Treungenfestivalen for å spele inn ein ny musikkvideo. 13 personar og 7 kamera var på plass for å ta seg av den jobben.

– Me vil spele inn videoen i Treungen fordi det har vore kjempebra dei to gongene me har vore her før. Me likar oss veldig godt her, det er eit flott festivalområde, arrangementet er kjempebra og det er dei rette rammene for å lage ein video. Dessutan legg Treungenfestivalen ned mykje energi for at teknikken skal vere perfekt, seier Sindre Aam og Arthur Johan Bjørdal i Vassendgutane når dei slår av ein prat med lokalavisa.

Regnet er sjølvsagt ein minus for innspelinga, men duoen meiner det skal gå greitt bare folk møter.

– Kjem det så mange som 4.000 er det kjempegreier og då skal me ta av oss hattane, seier Aam og Bjørdal.

– Me håper den nye DVDen er med og hjelper Treungenfestivalen til nye løft. Det er bare kjekt. Og me kjem gjerne tilbake til Treungen, smiler duoen like før bandet er klar for scena. Akkurat då slutta det å regne, forresten ...