Odd Terje Pladsen (t.v.) og Karl Rune Hansen i firmaet Tele-Frakt får hjula til å trille rundt sidan lite av køyringa skjer i Vest-Telemark.
Odd Terje Pladsen (t.v.) og Karl Rune Hansen i firmaet Tele-Frakt får hjula til å trille rundt sidan lite av køyringa skjer i Vest-Telemark.

Vegane utanfor fylket får hjula til å trille rundt

Det er vegane utanfor Telemark som gjer at transportfirmaet Tele-Frakt i Fyresdal overlever i bransjen. Firmaeigar Karl Rune Hansen er glad dei 12 lastebilane hans ikkje har meir enn 20 prosent av køyringa si i Vest-Telemark. – Hadde det vore særleg meir køyring på vegane i Vest-Telemark kunne eg bare lagt ned firmaet. Den dårlege vegstandarden aukar dei årlege driftsutgiftene med mellom 350.000 og 500.000 kroner. Vegane er ein hån mot utkantane, seier Hansen.

Fyresdølen Karl Rune Hansen eig Tele-Frakt, eit firma med 12 lastebilar og som i fjor omsette for 20 millionar kroner. Kvar lastebil køyrer i snitt 140.000 kilometer i året. Hovudoppdraga er frå brusfabrikken i Fyresdal, og bilane rullar mest på svenske vegar. 20 prosent av køyringa er på vegane i Vest-Telemark.

– Hadde det vore særleg meir køyring på vegane i Vest-Telemark kunne eg bare lagt ned firmaet. Eg hadde aldri tora starte med lastebilar som bare skulle køyre innafor fylket. Det er i mine augo å køyre rett inn i ein konkurs. Vegstandarden i Vest-Telemark fører til større driftsutgifter og mindre inntening per time, seier Hansen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil ikkje køyre i Vest-Telemark

Tri av bilane hans køyrer fast på Austlandet. Ein køyrer ut frå Elverum og rullar på bra vegar. Måling viser at denne bilen brukar ein liter diesel mindre på mila enn dei som må køyre på vegane i Telemark.

– Den dårlege vegstandarden gjer at utgiftene til vedlikehald er knalltøffe. Dekk og fjørar ryk heile tida. Det kostar mellom 350.000 og 500.000 kroner i ekstra årlege utgifter for firmaet ved å ha 20 prosent av køyringa i Vest-Telemark. På grunn av dei dårlege vegane har eg ikkje råd til å ha lastebilane meir enn fire-fem år. Då drys dei frå kvarandre og utgiftene kjem, seier Hansen, i det han er på veg til Larvik for å levere og avskilte ein fem år gammal lastebil.

– Kardangen rauk på denne bilen, og det kosta 100.000 kroner. Han skulle ha gått dobbelt så langt før slikt kunne skje, legg transportøren til.

Sjåføren som køyrer fast ut frå Elverum har sagt klart frå til Hansen at han seier opp jobben på timen om han blir flytta og må køyre frå Fyresdal.

Bruspallar knekk saman

– Sjåføren skyr vegane i Vest-Telemark. Han trudde ikkje det var sant fyrste gongen han såg vegstandarden, fortel Hansen.

Kontormedhjelparen hans, Odd Terje Pladsen, har fleire gonger opplevd at sjåførar som ikkje er kjente og skal hente lass i Fyresdal, ringjer like før og trur dei må ha køyrd feil.

– Det er heilt vilt å ha slike vegar, seier Pladsen.

Han fortel at brusfabrikken må pakke inn varene kraftigare enn andre stader i landet. Delar av lass har kome i retur fordi bruspallar har knekt saman på grunn av elendig veg i Vest-Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vegstandarden er ein hån mot utkantane. Me betaler avgifter for ei vare me overhovudet ikkje får. Det fæle er at me har hatt dårlege vegar i så mange år at me nesten blir vane med dei. Du orkar ikkje irritere deg kvar dag, for då blir du gal, seier Hansen.

Dårlege vegar i alle retningar

Han føler seg fanga sidan alle vegar som går inn og ut av Fyresdal er dårlege. Han veit ikkje kva som må til for å få retta på forholda.

– Det nyttar ikkje å gjere noko ulovleg. Men det er i alle fall vanskeleg å ha tiltru til politikarane. At ein skal ha slike vegar i Noreg med den gode økonomien landet har? Når Carl I. Hagen kjem til brusfabrikken i august håpar eg han kjem i lastebil og ikkje helikopter. Hadde stortingsrepresentantane køyrd lastebil her ei veke, hadde nok saka blitt diskutert meir. I alle fall viss dei skulle leve av køyringa. Stortingspolitikarane får ta ein tur. Då vil dei sjå at ein treng å gjere noko, om dei er ærlege med seg sjølve. Du trur det ikkje før du får sjå det, seier Hansen.

Han har ennå ikkje høyrd om at det finst lobbyistar frå Telemark som jobbar for vegsaka.

– Det er klart me må ha lobbyistar skal me nå fram. Eller me kan få fjellet interessant for rike forretningsfolk som vil byggje hytter her. Då vil vegane kome, avsluttar Hansen.

«Næringsvegen» E 134

Haukelivegen E 134 har status som nasjonal transportkorridor og stamveg. Norconsult Bergen har utarbeida ein rapport som peikar på at vegen spelar ei særs viktig samfunnsrolle som lokal livsnerve og aust-vest-samband for gods- og persontrafikk. Styret i Haukelivegen AS har vore styringsgruppe i rapportarbeidet der ein dokumenterer dei mange kvalitetane ved Haukelivegen og potensialet som ligg i å vidareutvikle sambandet. Rapporten blir lagt fram i ei tid der behovet for utvikling av vegnettet er større enn budsjettløyvingane.

E 134 strekkjer seg frå Haugesund til Drammen. Utgreiingar viser at strekninga kan kortast inn med 36 kilometer. Dei viktigaste tiltaka for å få til dette er elleve kilometer lang tunnel Gvammen-Århus og Røldalsprosjektet på 12 kilometer.

I rapporten blir det peika på at to tredelar av E 134 ikkje har tilfredsstillande standard. Dessutan har strekninga høgare ulykkesfrekvens enn det normale. Om ein rettar på ulykkesstrekningane viser utrekningar eit samla potensial på 60 færre drepne i året.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fullgod stamvegstandard vil koste over ti milliardar kroner. For sidegreina Rv 36 Seljord-Grenland er prisen 1,8 milliardar kroner. Rapporten påpeikar at med dagens nivå på vegløyvingar vil det ta 70 til 100 år før E 134 får standard etter gjeldande retningsliner.

– For landsdelen er det særs avgjerande å få ferdig plangrunnlag og sikra løyvingar store nok til vidare utvikling av «næringsvegen». Ansvaret til staten er stort, men delvis bompengefinansiering må også vurderast for å få fortgang i arbeidet, heiter det i rapporten.