Vegval skakar opp næringsdrivande
Valet om å få strekninga gjennom Rauland til Edland som nasjonal turistveg skakar opp eigarar av ein del næringsverksemder i Vinje kommune. Det er rart at ein skal styre trafikken utanom mange av hovudverksemdene i kommunen. Turistane vil gå glipp av mange interessante element langs E 134. Me er blitt tatt på senga i denne saka, seier Ellen Nordstoga ved Mjonøy og Håvard Bratland ved Spar Bratland.
Ein del næringsverksemder langs E 134 i Vinje kommune reagerer på eit vegval der målet er at strekninga Notodden-Gransherad-Rjukan-Rauland og Edland skal bli nasjonal turistveg. Denne ettertrakta statusen er viktig i turistsamanheng og vil også utløyse statlege midlar til ulike tiltak, truleg også for å rette på vegstandarden.
Vinje formannskap vedtok på førre møte å løyve inntil 87.000 kroner som delvis finansiering av det som førebels har fått namnet Gaustatoppen turistrute.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mange næringsverksemder inntil E 134 ristar på hovudet av denne saka. Me visste ikkje noko før saka var banka i formannskapet, og blei tatt på senga, seier Ellen Nordstoga ved Mjonøy og Håvard Bratland ved Spar Bratland.
Styrer unna mange
Eigarar av ein del næringsverksemder i Vinje kommune likar kleint at det er bestemt over hovudet på dei at vegen gjennom Rauland til Edland skal satsast på for å auke trafikken og ende opp som nasjonal turistveg.
Det er rart at ein skal styre trafikken utanom mange av hovudverksemdene i Vinje kommune. I dei andre kommunane skal turistvegen gå innom sentra. Turistane vil gå glipp av mange interessante element lange E 134. Der turistvegen er tenkt no i kommunen, er det få verksemder, seier Nordstoga og Bratland.
Me som lever av sommartrafikken er ikkje glade for at han no blir leia utanom oss, legg Nordstoga til.
Heile kommunen i bruk
Båe hadde helst sett at ein nasjonal turistveg gjekk innom Åmot, men innser no at det løpet er køyrd.
Skal me ha nasjonal turistveg, må me få turistane til å vere i Vinje kommune så lenge som råd. Derfor er det viktig at det blir skilta i Edland og Rauland mot E 134. Me ynskjer skilting som tek heile kommunen i bruk, seier Nordstoga og Bratland.
På eit møte i Vinje næringslag nyleg, blei same oppmodinga adressert til formannskapet. Vidare ynskjer laget ein prat med politikarane for å diskutere korleis E 134 kan få eit lyft.
Når ein turistveg ikkje blir lagt om Åmot, krev det veldig mykje meir av oss langs E 134 i marknadsføringa. Me må få endå meir fokus på denne vegstrekninga, og alarmere folk som jobbar med E 134 og kommunane der vegen går gjennom. Interessante attraksjonar må lyftast meir fram, seier Nordstoga og Bratland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Når den andre strekninga blir merka som turistveg kan me ikkje bare sitje med hendene i fanget. Me må gjere E 134 meir synleg og lyfte han opp i reiselivssamanheng, legg Nordstoga til.
Med tanke på formannskapssaka som ein del verksemder ikkje visste om, påpeikar Nordstoga og Bratland at det er viktig for godt samarbeid framover å lufte ting. Dei har ei oppmoding til slutt.
Vinje kommune bør marknadsføre den supre rundkøyringa Åmot-Edland-Rauland.
Styrer mot nasjonal turistveg
Vinje kommune er med i Innovativ fjellturisme. Eit av tiltaka der er eit samarbeid mellom Rauland Turist og Visit Rjukan om å auke den utanlandske sommartrafikken. Det skal skje ved utvikling av baseferiekonseptet og turistrute forbi Gaustatoppen via riksveg 37 og 362 eller via fylkesveg 651 og riksveg 37 og 362. Nasjonalparksenteret på Skinnarbu vil bli ein viktig attraksjon langs ruta.
Eit hovudprosjekt har tri fasar med resultatmål. I år blir det oppsetjing av informasjonstavler og nappekart, og det blir laga nettstader og brosjyrar. Seinare byrjar arbeidet med å ruste opp opplevingar langs ruta og skilte dei. Innan 2020 er planen å ha ei fullverdig utvikla turistrute som blir tatt inn i varmen som nasjonal turistveg.
Årets fase har ei kostnadsramme på 765.000 kroner. Finansieringsplanen er fylgjande: fylkeskommunen 200.000 kroner, kommunane Vinje, Tinn, Hjartdal og Notodden med 87.000 kvar, Visit Rjukan og Rauland Turist 50.000 kvar og desse to har også eigeninnsats verd 60.000. Vidare er Vegvesenet ført opp med ein innsats sett til 55.000 kroner.
Ikkje lykkast til no
I Vest-Telemark har det vore krefter i sving for at strekningar skal få kvalitetsstempelet nasjonal turistveg. Initiativa har kvar gong blitt køyrd i grøfta av eit styre som vel ut kven som skal kome gjennom nålauga. Vegdirektoratet avslo både Suleskarvegen og Telemarksvegen for nokre år sidan. Heller ikkje eit forslag om at gamlevegen over Haukelifjell og ned til Dalen skulle bli nasjonal turistveg nådde fram. For vegstrekninga gjennom Fyresdal såg det lysare ut ei stund, då riksvegen blei vurdert nærare av folk frå Vegdirektoratet. Etter det vart det bom stopp.
Utgangspunktet for satsinga på nasjonale turistvegar er kyst, fjord og fjell, ha det unike som kjenneteiknar Noreg. Det er vanskeleg å finne unik natur i Telemark som frå bilvindauga tilfredsstiller kriteria, grunngav turistvegkontoret avslaget den gongen overfor Fyresdal.